George Herbert. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Festivals and Commemorations kan fortelje oss at Herbert vart fødd inn i aristokratiet i Wales i 1593. Han fekk ei god utdanning i språk og musikk ved Trinity College i Cambridge. Han sat i parlamentet og var orator ved universitetet. Rundt 1625 vart han diakon, og i 1630 vart han ordinert til prest. Han skal ha vore ein særs dyktig prest, men rakk berre å tenestegjere i rundt tre år, før han døydde av tuberkulose 1. mars 1633.
Då hadde han allereie skrive manuskriptet til si eine diktsamling, The Temple. Denne diktsamlinga har blitt kalla for «the best collection of religious lyrics in English», og nokre av tekstane vert framleis brukt som salmar. Dikta er ofte i same gate som i dag vert kalla for «konkret poesi», altså at dikta er grafisk forma på ein måte som understrekar orda, til dømes formar orda i «The Altar» eit altar.
Det som umiddelbart greip meg var derimot eit lite dikt om Maria. Diktet er umogeleg å omsettje, og krev kanskje noko gresk- og hebraiskkunnskap for maksimalt utbytte, men for eit dikt!
«Anagram» av George Herbert
Biletet er scanna frå 1633-utgåva av The Temple og ligg på Wikimedia Commons. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar