tirsdag 3. desember 2013

Sidan det lir mot jul

MelandJul 2013 er i sal, og eg vil absolutt anbefale bladet. Ein støttar Mållaget i Meland med nokre kroner, samstundes som ein får eit blad med mykje interessant lesestoff. Eg har skrive ei lita sak om fantasylitteratur til bladet, men på utspekulert vis legg eg heller ut det eg skreiv til MelandJul i fjor. Då skreiv eg om Tor Jonsson. 

Tor Jonsson er ein av dei mest spanande lyrikarane våre. Poesien hans spenner rundt tematikk som naturskildringar, kolsvarte skildringar av menneskenaturen og kjærleiken, desperate rop til ein gud han er usikker på om høyrer, samfunnskritikk og skildringar frå barndomsheimen.

Jonsson veks opp i Lom i Gudbrandsdalen i ein svært fattig familie med ei mor som var sjuk og ein far som fånyttes måtte kjempe mot overmakta for å få eigarrett til garden han hadde bygd opp. Den vanskelege barndomen prega Jonsson heile livet, og mykje av tematikken i poesien hans finn vi rota til i barndomen. Kjensla av å ikkje passe inn har røter i ein oppvekst i fattigdom. Forakten for maktpersonar, og særleg kyrkja, er ein arv frå faren sin kamp mot presten i bygda om eigarskapen til garden.

Poesien til Jonsson er ekte, nesten for ekte. Dei mørke skildringane av sinnslivet hans kjem i eit skremande ljos når ein veit at han tok livet av seg i 1951, berre 34 år gamal. Dikta gjev oss innblikk i ei sjuk tankeverd, og det skjer på ein måte som set spor hos lesaren. Eit blikk ned i mørkret ein kan finne i mennesket kjennast ikkje godt. Samstundes klarar Jonsson å vise dette mørkret utan at det vert klamt eller kjennast unødig utleverande. Det framstår som ei sann skildring av eit farleg mørkre. Jonsson flykta frå dette gjennom alkohol- og pillemisbruk og til slutt i døden. Kan hende finn andre ein veg ut av mørkret gjennom dei ærlege dikta hans? Det ligg kanskje ei von om dette i dikt VII i Ei dagbok for mitt hjarte?

Kom ikkje inn i mitt hus,
du som er glad i gleda.
Hit kan eg aldri beda
den som eg elskar.
Einsleg møter eg sorg i bitter rus.
 
Kom ikkje nær mi dør,
du som er glad i livet.
Her møter du berre døden.
I einsemd skal skuggane sive
der eg trør.

Aldri eg orkar beda
inn den eg elskar, og gjera
sorg av den gode gleda,
sorg må eg bera.
 
Kom ikkje nær mi dør.
Eg vil ikkje gje deg mitt beiske brød-
enda eg veit at ein stad på vegen
møter du same sorg og død.

For meg, som er prest, er dikta hans om religion særskild spanande og utfordrande. For Tor Jonsson var synet på Gud mest like mørkt som synet på livet. Han stod i sterk opposisjon til kyrkja og presteskapet, samstundes som han, særleg mot slutten av livet, var på leit etter Gud. Resultatet er kraftige dikt som stiller djupe spørsmål ein vert utfordra av, både som enkeltperson og kyrkje. No i juletider høver det godt å sitere «Andakt i einsemda», eit dikt som aldri kom med i noko diktsamling medan han levde.

Kvifor, Gud, har du gått i frå meg?
I kyrkja kan ingen nå deg. 
Der Gud er i ordom, er einsemda nær.
Du er ikkje der dine prestar er. 
Kvar kyrkjedør er så tung og trong.
Du er berre der du vart fødd ein gong.

Alle prestar trur du er nær.
Eg har ikkje Gud og spør kvar du er. 
Eg spør i mitt kveldsskrik: Kvi gjekk du bort,
så døden vart blomar og bar i ein port? 
Sume vil ha ein gud av tre,
andre ein gud til å prata med. 
Sume vil ha ein gud av ord,
andre ein gud til si odelsjord. 
Sume seier du er i alt,
i stjerner og dyr og dove salt.

Eg veit ikkje meir enn at gode menn
har sagt du var sedd i denne grend.
Også i dikt som «Ufødd gud», «Dagboksblad», «Kvadagssalme», «Vår eiga røynd», «Religion», «Far etter Gud», «Fattig ynskje», «Vår draum om Gud» og andre, er det religionen som er tematikk. Jonsson kan ikkje seiast å stå innanfor klassisk kristendom, men stiller gode spørsmål det er nyttig å freiste å finne svar på. Grunnleggjande spørsmål om kvar mennesket står i verda. Står vi åleine, eller står vi under noko større? Jonsson vil nok provosere dei fleste med det han hevdar. Han er for gudstruande for dei gudlause og for gudlaus for dei gudstruande. På den måten fell dikta på ein måte utanfor dei oppgådde stiane, mykje slik Jonsson sjølv følte han fall utanfor i livet sitt.

Det er mange inngangsportar til Tor Jonsson sin poesi. For min del fekk eg auga opp for han gjennom den polske kunstnaren og musikaren Andrej Nebb (kjent frå bandet De Press). På den uvanleg gode plata Kvite fuglar frå 2000 har han tonesett mange av dei sterkaste dikta til Jonsson. Nebb sitt tonespråk kler tekstane på ein framifrå måte, og eg vil anbefale plata som ein annleis introduksjon til Tor Jonsson. Dikt i samling som inneheld alle diksamlingane hans, i tillegg til dikt som ikkje kom med i desse samlingane, kom i nytt trykk i 2010. Denne boka er vel verdt prisen. I tillegg vil eg anbefale Ingar Sletten Kolloen sin biografi Berre kjærleik og død frå 1999. Denne gjev ei levande skildring av den kompliserte personen som var Tor Jonsson.

1 kommentar:

E. Nødtvedt sa...

Kvite fuglar er eit mesterverk!

Legg inn en kommentar