Saka er som følgjer: I 1900 vigsla Grafton ein R.H. Weller til sin kodajutor, eller hjelpebiskop. Til å vere med på dette hadde han bedt inn den russisk-ortodokse biskopen i Alaska med sitt følgje og ein biskop frå den gamalkatolske Polish National Catholic Church (som vel Den nordisk katolske kyrkja ligg under). Allereie her kan vi nok gå ut i frå at det skurra hos dei lågkyrkjelege i den episkopale kyrkja.
Seremonien vart utført «with a fullness of ceremonial that was unprecedented in the Episcopal Church. All officiating bishops wore copes and miters. Chrism was used in the consecration, and the newly ordained bishop was given an episcopal ring and a pastoral staff.» Eigentleg skulle også den ortodokse og polsk-katolske biskopen delta i gudstenesta, men slik vart det ikkje. Under gudstenesta var dei kun tilstades.
Etter gudstenesta vart det så tatt eit bilete av alle biskopane som var der. Om ikkje det andre som skjedde hadde skapt bråk, gjorde i alle fall dette biletet det. For første gong vart her episkopale biskopar tatt bilete av med bispekåpe og mitra. Dette var mykje å bere for dei lågkyrkjelege som ikkje hadde noko til overs for slike «katolske» klede. I tillegg var det episkopale, gamalkatolske og ortodokse geistlege samla i ein flokk, noko som heller ikkje var populært mellom dei som meinte at dei episkopale heller burde stå saman med andre protestantiske kyrkjer. Episcopal Library slår fast at «Considerable uproar resulted in some parts of the Episcopal Church when a picture of the assembled bishops was published in The Living Church». Biletet, som er det ein ser under, fekk namnet «Fond du Lac Circus».
Biletet er lånt her. Kven som er kven på biletet kan lesast her. |