Framsida på VG 6. november |
Overskriftene og uttrekka slår fast at økologisk jordbruk er verre for miljøet enn anna jordbruk, at dyr på økologiske gardar ikkje har det betre og at maten ikkje er sunnare. Ser ein på det dei faktisk skriv, er delvis desse overskriftane misvisande, delvis kan det vreke som om VG ikkje har forstått saka dei skriv om.
Forhåpentlegvis vil nokon med langt større kunnskap og slagkraft enn meg ta for seg dette oppslaget, men også eg føler for å seie mitt.
Vi byrjar med om maten er sunn eller ikkje. VG skriv at det ikkje er bevist at økologisk mat er sunnare enn anna mat. Dette får dei støtte i av direktøren for Helsedirektoratet, medan ein professor i samfunnsmedisin blir sagt å gje han støtte «et stykke på veien», sjølv om ho faktisk seier: «Jeg mener at økologisk dyrket mat kan gi bedre helse». VG fokuserer her først og fremst på vitaminar i maten, eit fokus som er underleg, då det er bruk av sprøytemiddel som skil økologisk dyrking frå konvensjonell dyrking. Avisa skriv så at det ikkje har blitt funne overskridingar av grenseverdiane for restar av plantevernmiddel i norskprodusert mat dei siste åra. Det er sikkert riktig, men samstundes veit vi at desse grenseverdiane stadig vert pressa opp, og at Mattilsynet nyleg har foreslått å auke grenseverdien for eit stoff i importerte linser til 100 gonger det han er no. At norskprodusert mat ikkje overskrider grensene seier ikkje så mykje nyttig om grensene er for høge, eller om ein importerer mat med restar av plantevernmiddel.
Slike klede går ein med for å jobbe med det ein sprøytar på maten. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Når det gjeld dyrevelferd seier VG at dyra i økologisk drift ikkje har det betre enn andre dyr. Til «støtte» for dette har dei ein frå det svenske veterinærforbundet som seier at dyra kan bevege seg meir, men at han meiner det trekk ned at eit ikkje kan gje forebyggande medisin, altså medisinere før dyra vert sjuke. Med det reknar eg med han meiner at ein ikkje gjev antibiotika som ein del av maten. Dette kan han sjølvsagt meine, men med tanke på den auka resistensen mot antibiotika ein opplever no, er det absolutt verdt å tenkje nøye gjennom om ein bør bruke så mykje antibiotika som ein gjer. Så seier vetrinæren at «økologiske griser og verpehøns har det bedre enn sine konvensjonelle artsfrender». Svært lite står med det att overskrifta som seier «ØKOLOGISKE DYR har det IKKE BEDRE enn andre dyr». Kun ein påstand om nytteverdien av førehandsmedisinering står att. Endå meir grell vert overskrifta når VG på neste side slår fast at økologiske kyr har meir utetid enn andre kyr, at økologiske høns har betre plass enn andre høns, i tillegg til uteareal og at økologiske slaktekyllingar har betre plass enn andre kyllingar i tillegg til krav om uteareal og lenger levetid/veksetid enn andre slaktekyllingar. Er ikkje dette betre, VG?
Til slutt er det miljøet. Her har VG funne ein forskar som hevdar at ein må dyrke meir areal med økologisk landbruk, noko som skal gje større CO2-utslepp. Korleis dette skal henge saman er uklart for meg, då produksjon og transport av kunstgjødsel står for 40-60% av energibruken i vanleg jordbruk. Økologisk jordbruk brukar ikkje slike midlar, og brukar 30-50% mindre energi pr arealeining, om ein skal tru Bioforsk. Vidare hevdar han at det er umoralsk å produsere økologisk mat då «det i nær framtid vil bli en utfordring å produsere nok mat til verdens befolkning». Dette er skremselspropaganda. Vi produserer nok mat til 12 milliardar menneske i dag. Utfordringa vår er ikkje at vi har for lite mat, men at vi ikkje fordeler maten vi har rett. Forskning har også vist at matproduksjonen i Afrika kan auke om ein går over til økologisk landbruk.
Denne saka i VG bidreg til å spreie fordommar og gal informasjon, noko som kan vere skadeleg for både helsa vår på kort sikt og miljøet vårt på lang sikt. For god informasjon om økologisk landbruk og fordelane med dette, anbefalar eg denne kronikken på forskning.no. Ein kan sjølvsagt også lese ein litt meir generell bloggpost om økologisk landbruk frå meg, der eg argumenterer meir grunnleggande og grundig for saka.
10 kommentarer:
Mener du at all ikke-økologisk mat er fy-fy?
Fantastisk bra skrive :)
Først må eg takke for skryt, og seie at det er artig at så mange har lese dette.
Eg meiner ikkje at «all ikke-økologisk mat er fy-fy». Om ein får inntrykk av det, har eg uttrykt meg klønete.
Jeg er såååå glad for at andre enn meg også har reagert på det skandaløst tendensiøse oppslaget til VG! Her ligger for øvrig mitt innlegg om samme sak: http://bloggrookie.blogspot.no/2012/11/i-dag-knuser-vg-mytene-om-sunn-mat.html
Jeg regnet egentlig med det ;-) Jeg synes bare det generelt er synd at disse to sidene ofte blir fremstilt som motpoler. Jeg mener det er mye mer fruktbart å se på landbruket som helhet, både økologisk og ikke-økologisk, for å finne forbedringspotensial, enn å sette de opp mot hverandre. Fks, bestemte sider som hvorfor bønder velger å ikke gå over til økologisk landbruk. For ofte er det en veldig tynn linje som skiller...
Veldig bra! Det var sinne i kok over VGs utrolig dårlige journalistikk i denne saken (burde vel ikke komme som noen overraskelse). Du har virkelig fårr ned på papiret mye av de samme tankene / meningene jeg og mine kollegaer har hatt rundt denne artikkelen!
Veldig bra skrevet! Det som er trist, er at mange nøyer seg med å lese overskriftene i VG, og konkluderer med at det bare er tullinger som er villige til å betale ekstra for økologiske matvarer. Sukk.
Bra kommentar, men VG har oppnådd sin agenda. Vi som til vanleg ikkje orkar lese denne avisa let oss provosere til å kjøpe for å sjekke ut kven sine sure opstøyt dei eventuellt bygde påstandane sine på. Slik er det blitt.
Harald eriksen
Men det brukes da også sprøytemidler på økologisk mat! Eneste forskjellen er at de såkalte økologiske sprøytemidlene er laget av planter og "naturlige ingredienser" (men det betyr ikke at de ikke er like skadelige som "syntetiske" sprøytemidler (som forøvrig bare er synteserte stoffer som er funnet i naturen).
Forøvrig vil jeg si at jeg for det meste holder meg til økologisk mat, men det er IKKE fordi jeg tror at det er sunnere enn "vanlig" mat. Jeg kjøper økologisk fordi det er mest miljøvennlig og mest bærekraftig. Hvis vi skal få folk til å kjøpe mer økologisk, så må vi nesten gjøre det på et vitenskapelig og faktabasert grunnlag.
Men økologisk jordbruk benytter seg også av sprøytemidler. Det finnes ingenting som sprøytemidelfri jordbruk. Forskjellen er at ikke-økologisk jordruk bruker syntetiske sprøytemidler, mens økologiske bonder bruker fra naturlige ingredienser. Mange har feiloppfatningen at syntetiske sprøytemidler er farligere, men de nyutviklede syntetiske sprøytemidlene er de tryggeste.
Et stort problem om vi på verdensbasis skulle legge om til organsik jordbruk på verdensnivå ville vi endt opp med nok mat til å brødfø 4 milliarder mennesker, noe som vil mene at 3 milliarder må sulte ihjel.
Legg inn en kommentar