onsdag 31. oktober 2012

Gratulerer med reformasjonsdagen!

Dei 95 tesene. Trykt i 1522.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag feirar vi reformasjonsdagen. 31. oktober skal Martin Luther ha slått opp sine 95 teser på kyrkjedøra i Wittenberg. Eller, det vil seie: Han gjorde sansynlegvis ikkje dette. Sansynlegvis sende han tesene sine til ein tysk erkebiskop og ein tysk biskop, ikkje for å splitte kyrkja, men for å reformere henne. Forteljinga om at han skal ha slått opp tesene på kyrkjedøra har vi frå Philipp Melanchthon som sa dette rundt 30 år seinare. Sansynlegvis stemmer ikkje skuleforteljinga om den tapre munken som stod ute om natta og spikra opp protesten sin på kyrkjedøra. Det heile gjekk nok meir byråkratisk for seg.

Uansett korleis det skjedde fremja Luther sine teser, og frå desse har vår lutherske kyrkje vekse fram.

Reformasjonsdagen har no kome inn i Den norske kyrkje si tekstrekke, altså vert det lagt opp til at denne dagen kan vere ein gudstenestedag i norske kyrkjer. Mellom lesetekstane finn vi tekstar som denne kjerneteksta for den lutherske kyrkja:
For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar. For i det blir Guds rettferd openberra, av tru frå først til sist, som det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru. (Rom. 1, 16-17)
Luther-rosa.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Vi kan sjølvsagt spørje om det er rett at vi skal markere reformasjonen med ei gudsteneste. Det kan argumenterast godt for at splittinga som skjedde med reformasjonen var ei tragedie for kyrkja, og at vi gjennom å oppretthalde det brotet som skjedde på 1500-talet bryt med Jesu ord om at vi som trur skal vere eitt. (Joh 17, 21)

Trass i dette meiner eg dette er ein dag vi bør markere med glede. På kirken.no kan vi lese at dette er «en dag for markering av reformasjonen og dens budskap». Dette meiner eg er eit godt utgangspunkt for ein markering som både tar på alvor den fellesskapen vi mista i reformasjonen, men som og trekk fram det den lutherske læra har tilført Kyrkja. For vi har tilført Kyrkja viktige element, og det er til dømes slett ikkje sikkert at Den katolske kyrkja hadde vore ei levedyktig kyrkje i dag hadde det ikkje vore for dei endringane som vart gjort i etterspelet til reformasjonen og vidare fram til i dag. Ein kan derfor tenkje at gjennom reformasjonen fekk ein fleire levedyktige kyrkjer i staden for ei haltande kyrkje som trengte endringar.

Vi skal halde fram den lutherske læra om frelsa gjennom trua åleine, om det allmenne prestedømmet og om Bibel og liturgi på morsmålet og vere stolte av at dette er noko vi har vore med på å forfekte gjennom kyrkjehistoria og fram til i dag. Vi kan og vere stolte av at vår kykje har vist seg å vere i stand til å ta til seg samtida og gjere seg relevant i ulike kontekstar.

Dette er noko vi skal vere stolte av og feire på denne dagen, utan at vi skal stikke under ein stol at desse punkta også har nokre grøfter vi frå tid til anna står i fare for å havne i. Det er noko vi sjølvsagt skal jobbe med, for reformasjonen handla om å rydde opp der kyrkja hadde gått feil. Det er ein jobb vi aldri vert ferdige med.

Gratulerer med reformasjonsdagen! Vi avsluttar med Martin Luther sin flotte salme «Vår Gud han er så fast en borg »
Vår Gud han er så fast ei borg,
han er vår skjold og verja.
Han hjelper oss i all den sorg
og naud som vil oss herja.
Vår gamle fiend sterk
med alvor gjer sitt verk.
Stor makt og mangfald list,
det er hans våpen visst.
På jord er ei hans like. 
Med eigi makt me inkje vann,
det fekk ein usæl ende.
Men med oss går den rette mann
som Herren sjølv oss sende.
Hans namn det veit du visst:
Han heiter Jesus Krist,
Gud Sebaot han er
og Frelsar for vår verd.
Han sigeren skal vinna. 
Om verdi full av djevlar var
som ville reint oss glupa,
me ingen otte i oss bar,
dei skulle alle stupa.
Og fyrsten for den her,
kor arg han enn seg gjer,
oss inkje skada kan.
Han er ein maktlaus mann.
Eit ord, og han vil falla. 
Og ordet skal dei lata stå
og berre vantakk finna.
Med oss er Gud, og visst me må
ved Andens gåva vinna.
Og tek dei enn vårt liv,
oss bort frå heimen riv,
lat fara alt, for sjå,
dei sigrar ei endå.
Guds rike vårt skal vera

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar