St. Isidors minne har i dag fått ein gjesteskribent. Marianne Støylen Skauge gjev oss eit innblikk i tankane og livet til ei av dei største frå vår tid. Mor Teresa av Calcutta. Takk til Marianne for ein flott tekst!
I dag, 5.september, er minnedagen for Mor Teresa. Ho døydde 5.september 1997, 87 år gamal. Mor Teresa levde på mange måtar både eit enkelt og eit ekstraordinært liv. Ho var ei nonne som via livet sitt til å tene dei fattigaste av dei fattigaste, samtidig er lista over utmerkingar og etterfølgarar ho fekk lenger enn lang, og etterkvart vart heile verda kjent med denne audmjuke vesle kvinna. (For ei rask, men forholdsvis tettpakka oppsummering, viser eg til
artikkelen om henne på katolsk.no) I 1979 mottok ho Nobels fredspris. I samband med dette er det to karakteristiske trekk med ho som kjem tydeleg fram. For det fyrste gløymde ho aldri dei fattige. Derfor overtalte ho Nobelkomiteen til å sløyfe den tradisjonelle middagen til ære for henne, og heller gi pengane til å gi 400 fattige born i India mat i eit heilt år. Det andre som kjem tydeleg fram er motet hennar. Talen hennar var ikkje sett saman for å kile tilhøyrarane i øyret, i staden tok ho opp blant anna abort:
«Mange folk er veldig, veldig opptatt av barn i India, av barn i Afrika hvor et stort antall dør, kanskje av underernæring, av sult og så videre, men millioner dør av sin mors forsettelige vilje. Og dette er hva som er den størte ødeleggelsen av fred i dag. For om en mor kan drepe sitt eget barn, hva forhindrer meg fra å drepe deg og deg fra å drepe meg? Det er ingen forskjell... La oss sørge for at vi i år gjør alle barn, fødte og ufødte, ønskede... Har vi virkelig gjort barna ønskede?»[1]
Mor Teresa hadde ei sterk uvilje mot å vere sentrum for merksemd. Med det i tankane undrar det meg korleis ho opplevde den enorme offentlege interessa som blomstra opp rundt henna, særleg då ho vart tildelt Nobels fredspris. Ho skriv i eit brev der ho bed om å få utlevert nokre dokument at ho ynskjer å brenne alle papir som avdekker noko om ho.
[2] I 2008 kom boka
Kom og vær mitt lys på norsk. Eg vil anbefale den på det varmaste; den er vel verdt å lese. Men samstundes hugsar eg at det var litt ubehageleg å lese ein biografi som inneheldt personlege brev og mengder med anna personleg informasjon og vite at dette var noko ho ikkje ynskte å publisere. Fleire gongar skreiv ho til dei som hadde vore sjelesørgjarane hennar og som sat på informasjon og trygla og bad om å få utlevert dokumenta slik at ho kunne kvitte seg med dei. Ho skriv:
«jeg ønsker at Guds hemmelighet til meg skal forbli vår – verden vet ikke, og jeg ønsker at det skal forbli slik. -Alt om Samfunnet[3] har du mye av – jeg har ikke fortalt – ikke engang i Skriftemål – hvordan Samfunnet startet – De og Pater [Van Exem] vet det – det er nok. Jeg var hans lille redskap – nå er Hans vilje kjent igjennom Konstitusjonen – alle brevene er verdiløse.»[4] Det som er så oppbyggjeleg er at Mor Teresa ikkje ynskte å øydeleggje dokumentasjonen for å skjule eigne dårlege sider, men fordi ho hadde eit sterk ynskje om at vi skulle sjå Jesus, og ikkje henne. Ho skriv i samband med dette:
«Når begynnelsen blir kjent, vil folk tenke mer på meg – mindre på Jesus. [...] Jeg er bare Hans redskap – hvorfor så mye om meg – når alt arbeidet er Hans. Jeg har ingen hevd i det. Det ble gitt meg...»[5] Mor Teresa var overbevist om at ho hadde blitt valt ut som ein reiskap for Gud, og ho tenkte seg at Han hadde valt ut henne slik ho og dei andre systrene valte ut folk, nemleg dei mest uønska. Ho ville ikkje verte kalla grunnleggjaren av Missionaries of Charity fordi ho var viss på at Jesus hadde spurt om ho ville gjere dette for Han, og at alt ho hadde gjort var å overgje seg til Hans vilje. Og kva var grunnen til at arbeidet var så vellukka?
«I dag har Hans arbeid vokst fordi det er Han, ikke jeg, som virker gjennom meg.»[6]
Å lese om Mor Teresa sitt forhold til Gud er djupt oppbyggjeleg, men også mørkt oppbyggjeleg, om ein kan seie det. «Kom og vær mitt lys» var Jesu kall til henne, men som vi kan lese i denne boka var den paradoksale og uventa prisen at ho sjølv skulle leve i «fryktelig mørke». Til ein av sine andelege vegleiarar skreiv ho:
«Mørket er slik at jeg virkelig ikke kan se – verken med min sjel eller med fornuften – Guds rom i min sjel er tomt – det er ingen Gud i meg – når smerten av lengsel er så stor – lengter & lengter jeg bare etter Gud – og da er det dette jeg føler – Han vil ikke ha meg – Han er ikke der - ... Gud vil ikke ha meg – Noen ganger – hører jeg kun mitt eget hjerte rope - «Min Gud» og intet annet – jeg kan ikke forklare torturen og smerten -»[7]
Og kvifor skal så vi dvele ved desse høgst private refleksjonane hennar? Bør vi ikkje heller berre sjå for oss den smilande nonna som verka så glad, og minnast den utruleg innsatsen ho gjorde for dei fattige. Eg trur vi bør gjere begge delar. Ein av vegleiarane hennar
[8] skriv om kvifor han tok vare på breva hennar:
«Det burde vere viktig for hennes søstre, og for mange andre, å kjenne til at hennes arbeid var rotfestet i Jesu sendelses mysterier, i fellesskap med ham som ved sin død på korset følte seg forlatt av sin Far.»[9] Kjenner vi til dette kan det få oss til å sjå meir på Jesus, akkurat slik Mor Teresa ynskte.
Fotnoter
[1] - Mor Teresa,
Kom og være mitt lys. Helgenen fra Calcuttas private brev. s 313
[2] Ibid, s 14
[3] «Samfunnet» referer til kongregasjonen Missionaries of Charity.
[4] Ibid, s 15
[5] Ibid, ss 14-15
[6] Ibid, ss 16-17
[7] Ibid, s 11
[8] Pater Neuner
[9] Ibid, s 19
2 kommentarer:
Jeg takker også for et fint innlegg! Det var utfordrende lesning.
Tusen takk. :)
Legg inn en kommentar