mandag 21. mars 2011

Kroniske problem.

Pave Pius VII. Her utan tiara av pappmasjé.
Biletet ligg på Commons.
Eg kom over ei opplysning i ein artikkel på Wikipedia i dag som er så god at eg nesten vert i tvil om kan vere riktig. Alt eg har klart å leite meg fram til, styrkar truverdet til artikkelen, men samtundes verkar dette nesten for godt til å vere sant. Kan dette verkeleg stemme? Kan ein slik juvel av ein historisk kuriositet vere heilt ukjent?

Artikkelen seier at 21. mars 1800 vart pave Pius VII krona til pave i ein kriseprega seremoni i Venezia. Pius VII tok over ei kyrkje i krise. Roma hadde blitt tatt av Napoleon sine styrker, og Vatikanet var plyndra. Konklavet som skulle velge paven vart derfor halde i Venezia. (Norsk Wikipedia har ein artikkel om dette konklavet som er heidra som ein "Utmerket artikkel") På konklavet vart Giorgio Barnaba Luigi Chiaramonti valgt til pave og tok pavenamnet Pius VII (også han har ein "Utmerket artikkel" på Wikipedia.) , og det er her den fantastiske historiske kuriositeten kjem: På grunn av Napoleon sine plyndringar hadde ein ikkje ein tiara/krone til paven. Ein laga derfor ein tiara av pappmasjé som vart brukt under kroningsseremonien.

Der satt altså Vicarius Iesu Christi med ei krone av knust papir!

Krona skal seinare ha blitt brukt av fleire pavar nesten fram til 1880, særleg på grunn av at den ikkje var så tung som dei som var lagd av sølv og andre fine material.

Napoléon kroner Joséphinetil si dronning. Bak Naopleon sit
det som mest sansynleg er ein ganske så sint pave Pius VII.
Maleriet av Jacques-Louis David ligg på Commons
Kroneproblema for Pius VII var ikkje slutt. Det er han som vert hugsa som paven som kom til Roma for å krone Napoléon Bonaparte i 1804. Pius VII var ikkje på nokon som helst måte ute på eit frivillig oppdrag, og skal før han drog til Paris ha skreve eit dokument som erklærte at han abdiserte om han vart teken til fange av Napoleon og ikkje kom att. Det var altså ille nok berre å vere der. Så for å gjere ting endå verre, skal Napoleon ha tatt krona frå paven og krona seg sjølv medan paven sat der som ein hjelpelaus tilskodar til det heile. For andre gong på nokre få år var altså Pius VII sentral i ein merkverdig kroningsseremoni.
Her må Napoleon ha tenkt at han gjekk for langt, for Pius VII fekk ein flott tiara i gåve frå Napoleon, for å betre på stemninga, utan at det hjalp nemneverdig. Ting eskalerte og paven ekskommuniserte etterkvart Napoleon som svarte med å arrestere paven og halde han fanga i fem år fram til han sjølv gjekk på ein kraftig blunder i 1814.

Pius VII fortsatte sitt virke, og ser ut til å ha gjort ein god jobb. Kanskje er det derfor vi ikkje hugsar han som pappmasjépaven? Uansett er ein pavekroning med tiara av pappmasjé ein for god historie til å gå i gløymeboka!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar