onsdag 9. mars 2011

Fastetankar II

På askeonsdag er det tradisjon i kyrkja for å verte teikna i panna
med ein askekross.
Biletet er henta fra Wikimedia Commons.
I dag går vi inn i fastetida, førebuingstida til påska. Eg har sett på nokre fastehelsingar og oppmodingar, og dei er ulike, sjølv om alle peiker på det same.

Erkebiskopen av Canterbury, Rowan Williams, laga ein kort videosnutt i 2009 som gjev ein strålande innføring i fastetida si historie. Han viser korleis denne tida har opphav i dåpspraksisen til dei første kristne. Dei døypte på påskedag, og fastetida kom derfor inn som ei førebuingstid til dåpen i påska. Heile innføringa til Williams kan lesast her, eller sjåast i filmen som ligg i botn av denne posten.

Pave Benedikt XVI tar også utgangspunkt i dåpen, og i ei glitrande fastehelsing utdjupar han korleis fasten er å vekse i dåpen og verte likare Kristus: "Dåpen er ikke en ritus fra fortiden, men møtet med Kristus som informerer hele den døptes liv, gir guddommelig liv og kaller til oppriktig forvandling: påbegynt og støttet av nåde. Den tillater den døpte å oppnå Kristi voksne skikkelse"

For å vekse i forvandlinga, som paven seier det, er tekstane i fastetida viktige. Paven tar oss gjennom tekstane i den katolske tekstrekka og slår fast at "Reisen gjennom fastetiden finner sin oppfyllelse i påskens Triduum, og særlig i den store vigilien i Den hellige natt. Da fornyer vi våre dåpsløfter og bekrefter at Kristus er vårt livs Herre, det liv som Gud skjenket oss da vi ble gjenfødt av "vann og hellig ånd". Og vi bekrefter igjen vårt faste engasjement med å besvare nådens handling, for å kunne være hans disipler."

Også på kyrkja.no er det vekstaspektet som er framme. Her vert ein utfordra:
I fastetiden inviteres du til å stille noen spørsmål;
  • Hva i ditt liv er det som risikerer å få for stor plass, - som trekker oppmerksomheten til seg slik at du beveger deg i en retning du egentlig ikke vil?
  • Hva trenger du å gi avkall på for å kunne leve mer helhjertet og sant? 
I vår kyrkje står Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon , og med det eit fokus på fastetida som ei tid der ein hjelper andre, sterkt, og også paven kjem inn på dette aspektet ved fasten i noko han seier "Gjennom å senke oss ned i Kristi død og oppstandelse gjennom dåpens sakrament, beveges vi hver dag til å befri våre hjerter fra byrden av materielle ting, fra et egosentrisk forhold til "verden" som gjør oss fattige, og forhindrer oss i å være tilgjengelige og åpne for Gud og vår neste. "

Kyrkja.no trekk også fram ein bibelstad som er viktig for det fokuset på fastetida som vi har fått med Fasteaksjonen. I Jesaja 58 står det
Er dette den faste eg vil ha:
ein dag då mennesket plagar seg sjølv,
heng med hovudet som sevet,
kler seg i botsdrakt og ligg i oske?
Kallar du dette for faste,
er det ein dag etter Herrens vilje?
Nei, så er den faste som eg vil ha:
at du løyser dei som med urett er bundne,
sprengjer banda i åket
og friar ut dei som er trælka,
ja, knekkjer kvart åk,

at du deler ditt brød med dei som svelt,
og lèt heimlause stakkarar koma i hus,
at du kler den nakne som du ser,
og ikkje sviktar dine eigne.
Då skal ljoset ditt renna som morgonroden,
snart skal dei lækjast og gro, dine sår.
Di rettferd skal gå føre deg
og Herrens herlegdom sist i ferda.

Då skal Herren svara
når du kallar på han,
når du ropar om hjelp,
skal han seia: «Her er eg!»
Når du tek bort kvart tyngjande åk,
held opp med å peika fingrar
og tala vondt om andre,

når du deler ditt brød med den som svelt,
og mettar den som lid naud,
då skal ljoset renna for deg i mørkret,
og natta skal verta som ljose dagen.
Gjennom desse tre blikka på fastetankane frå tre av dei viktigaste kyrkjelege tradisjonane i Vesten, vår lutherske kyrkje, den anglikanske kyrkja og den katolske kyrkja, ser vi korleis vårt fokus på fasteaksjon og sosial rettferd er ein naturleg del av fasta, og ei logisk vidareføring av tankane Paven kjem med og det historiske bakteppet frå Canterbury. Vårt fokus er også heilt i tråd med orda frå Jesaja. Det vi gjer er i ein god fastetradisjon i kyrkja, men det har ikkje vondt av å verte utdjupa av det Paven minner oss på; fokuset i fasten er Kristus!


Sammenfattet er fastetidens reise, der vi inviteres til å tenke over korsets mysterium, ment å skulle reprodusere "hans døds mønster" (jfr. Fil 3,10) inne i oss, for å utvirke en dyp omvendelse i våre liv: at vi gjennom Den hellige ånds handling skal bli forvandlet, slik Paulus ble på veien til Damaskus: at vi kan orientere vår eksistens fast etter Guds vilje; at vi må bli frigjort fra vår egoisme og med dette overvinner instinktet til å dominere andre; at vi åpner oss for Kristi kjærlighet. Fastetiden er en gunstig tid til å erkjenne vår svakhet, og gjennom en oppriktig gjennomgang av vårt liv motta den fornyende nåde i botens sakrament. Deretter kan vi vandre resolutt mot Kristus.




Artikkelen ligg også på melandkyrkja.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar