fredag 4. mars 2011

Den fremste barneboka?

Biletet er henta frå denne bloggen.
Vårt Land tar i dag fram ei bok om den blinde Bartimeus som ei bok som har gjort stort inntrykk på nordmenn. Dette er sjølvsagt i samband med at preiketeksten i kyrkja på søndag handlar om ein blind mann.

Eg har lest denne boka eg og, men eg kom til å tenkje på ei anna bok som har gjort mykje større inntrykk på meg. Guds gjøgler av Tomie dePaola. Eg kom over denne boka i hyllene på Bøker og Børst, ein utestad i Stavanger for nokre år sidan, og las gjennom han  igjen. Framleis er boka like bra.

I boka får vi høyre det som skal vere eit gamalt fransk sagn om Giovanni, ein fattig gategut som kan sjonglere. Han vert etterkvart ein omreisande sjonglør, men vert henta inn av alderdomen. Han kjem så attende til heimbyen sin, og kjem inn i kyrkja der. Der ser han eit bilete av Maria med Jesus på fanget. Han synes Jesus ser så trist ut, og bestemmer seg for å gle han med å sjonglere. Medan han sjonglerer, døyr han og då munkane i kyrkja finn han, har ein av sjongleringsballane hans kome inn i biletet og ligg i hendene på Jesus.

Då eg var liten likte eg forteljinga og dei fine teikningane. No likar eg den mellom anna for at den er så lite pietistisk. Giovanni æra Gud med sine fargerike ballar, og med dette viser ein at kunsten ikkje er eit adiafora, men at kunsten har ein eigenverdi og kan brukast for som ei gudsteneste for seg sjølv.

For meg er dette kanskje den viktigaste kristne barneboka. Om nokon har andre gode kandidatar, er kommentarfeltet til for å brukast.

Biletet er henta frå denne bloggen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar