17. mars vert av dei fleste som forbind dagar med personar frå kyrkjehistoria, forbunde med
St. Patrick, men dagen i dag er også minnedagen til ein av dei mest interessante personane i Det nye testamentet,
Josef av Arimatea.
Josef av Arimatea vert nemd i alle dei fire evangelia. I Johannesevangeliet vert han kalla for «ein av disiplane til Jesus, men i løynd, for han var redd jødane». (Joh 19.38) Dette vert han kalla i samanheng med at han bed om å få liket til Jesus, handlinga han seinare vert hugsa for. Josef sat i det jødiske rådet som fremja saka mot Jesus, utan at han hadde «vore med på det dei andre hadde vedteke og sett i verk». (Luk 23,51) Han bad som sagt om å få liket til Jesus og la det i ei grav han hadde til disposisjon. Dette var altså den grava ein seinare fann tom.
Dette er i grove trekk det vi veit om Josef frå evangelia, men det er klart at det danna seg fleire legender rundt ein så spanande figur. Dei som er mest kjende no, er dei som knyt han opp mot England og Den heilage gral. Dette er artige legender om ein kan sjå forbi Dan Brown-bråket, men det er ikkje dei eg vil sjå på no.
Ein eller annan gong på 300-talet vart det skreve eit skrift som går under namna
Acta Pilati eller Nikodemusevangeliet. Dette er eit artig skrift som fokuserer på, og utbroderar, skuldingane mot Jesus, arrestasjonen, rettsaka, krossfestinga, oppstoda, reaksjonane og kva Jesus gjorde i dødsriket. Som vitne i rettsaka møter vi fleire av folka Jesus gjorde friske, og vi får friska opp korleis Simeon tok imot den nyfødde Jesus i tempelet. Anbefalt lesing i fastetida! Skriftet er ortodokst i innhald og fekk stor utbreiing i kyrkja i mellomalderen.
|
Hjå Rafael kjem soldatane ved grava
dårlegare ut enn i Nikodemusevangeliet.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Josef er framtredande i skriftet. Vi møter han først då han får Jesu lik, noko som gjer at dei som ivra for å få Jesus krossfest no går etter Josef. Han vert dømt til døden og kasta i fengsel. Der sit han fram til han skal førast fram for rådet som skal bestemme seg for kva måte han skal drepast på. Dei finn då cella hans tom, og som det står i
Nikodemusevangeliet «Mens alle undret seg over dette, kom en av soldatene som hadde voktet graven inn i synagogen og sa: 'Idet vi holdt vakt over graven til Jesus, kom det et jordskjelv, og vi så en Guds engel som rullet bort steinen foran gravstedet og satte seg på den.'» (Nik 13,1) Dei finn så ut at også Jesus er vekk og at denne engelen har hevda at han har stått opp frå dei døde.
Dei finn ut kvar Josef er, han er i huset sitt i Arimatea, og han vert kalla inn til rådet att der han vert beden om å forklare seg. Josef kjem då med eit vitnesbyrd om Jesu oppstode som skil seg frå det som står i dei kanoniske evangelia, men som absolutt er eit artig, om enn mykje seinare, blikk på hendinga. Josef sa:
Etter at dere hadde stengt meg inne om kvelden den fredagen, stod jeg opp i bønn midt på sabbatsnatten. Da ble huset løftet opp fra alle fire hjørner, og jeg så Jesus som et strålende lys. Jeg ble så redd at jeg falt til jorden. Han tok meg ved hånden og reiste meg opp og jeg ble stenket med vann. Så tørket han ansiktet mitt, kysset meg og sa: 'Vær ikke redd, Josef, rett blikket ditt mot meg og se hvem jeg er.' Jeg så på ham og sa: 'Rabbi Elia!' Han sa: 'Jeg er ikke Elia; jeg er Jesus, hvis legeme du la i graven.' Og jeg sa til ham: 'Vis meg gravstedet hvor jeg la deg.' Da tok han hånden min og førte meg til det sted der jeg hadde gravlagt ham. Han viste meg linkledet, og tørklet som jeg hadde hyllet hodet hans i. Da forstod jeg at det var Jesus, og jeg tilbad ham og sa: 'Velsignet er du som kommer i Herrens navn.' Så tok han hånden min og førte meg til Arimatea til mitt hus og sa: 'Fred være med deg. I førti dager skal du ikke forlate ditt hus. For jeg skal gå til disiplene mine.
(Nik 15,5-6)
Slik vert Josef framstilla i
Nikodemusevangeliet. Eg vil absolutt anbefale dette evangeliet som lektyre no i fastetida. Det kan nok skuldast for ein del av det den tidlege kyrkja ofte skuldast for, til dømes har det ein hard front mot jødane og den forteljinga eg har sitert nettopp står i fare for å ta vekk kvinnene sin sentrale posisjon i oppstoda, men det let oss samstundes få sjå påskedramaet på ein ny måte og minner oss om mange av dei folka Jesus møter i evangelia. Om ikkje dette freistar kan ein også lese eit nydeleg avsnitt der Jesus vert henta til Pilatus for å verte avhøyrd. I salen der forhøret skal finne stad står det fanebærarar som held faner med bilete av hovud på. Då Jesus kjem inn i rommet bøyer hovuda på fanene seg i respekt, noko som fører til forviklingar for stakkars Pilatus. Heile greia kan lesast på nettet
her.
Ein liten kommentar til slutt: Eg har ofte vore kritisk til desse skytshelgentitlane ein har gjeve, men i Josef av Arimatea sitt høve har dei gjort det bra. Han er skytshelgen for gravferdsagentar og kyrkjegardsarbeidarar.
- Bibelsitata er henta frå Bibelselskapet si omsetjing NT05
- Sitata frå Nikodemusevangeliet er henta frå Apokryfe evangelier, omsett av Einar Thomassen, De norske bokklubbene, 2001, i serien Verdens hellige skrifter.