Dei reisande har ei lang historie med ekstrem undertrykking i Europa, noko Dagbladet peika på for ei vekes tid sidan, og denne tragiske historia tar nok ikkje slutt med det aller fyrste. Heller tvert om. Det kan verke som om det er allment akseptert å sjå på sigøynarane som mindreverdige. Dei som våga seg på å lese kommentarfeltet i den før nemde artikkelen i Dagbladet kunne lese dei mest groteske utsegn, utsegn eg ikkje trudde det var mogeleg å seie om andre menneske. No skal ein sjølvsagt vere klar over at det som kjem fram i slike kommentarfelt ikkje på nokon som helst måte er represetativt, men er likevel skremande kva som kjem fram, og det er endå meir skremande at det var så få som tok til motmæle før kommentarane vart sletta.
VG og Vårt Land skriv i dag at Nicolas Sarkozy har beordra riving av 300 sigøynarlandsbyar og kallar folkegruppa for eit "sikkerhetsproblem for Frankrike". Han gjev altså ein offentleg godkjenning av å bruke desse folka som kollektive syndebukkar for alt som er gale i samfunnet. Det er ei enorm stigmatisering og ein haldning ein ikkje skulle tru ein fann hjå ein europeisk regjeringssjef. Sarkozy og hans regjering normaliserer rasisme, ja dei gjer den faktisk til offentleg politikk ved å kalle ei heil folkegruppe for eit "sikkerhetsproblem".
Det kan tenkast at den franske regjeringa burde ha kasta eit blikk på Den internasjonale fråsegna om menneskerettane, eit dokument som i stor grad er bygd på fransk filosofi og fråsegener frå den franske revolusjonen. Blant desse rettane finn vi mellom anna desse formuleringane:
Art. 2: Kvar einskild har krav på all den rett og fridom som fråsegna nemner, utan skilnad av noko slag på grunn av rase, farge, kjønn, språk, religion, politisk syn eller anna meining, nasjonalt eller sosialt opphav, eigedom, fødsel eller andre tilhøve.
Art. 6: Alle menneske har krav på at domstolane alle stader godtek dei som rettssubjekt
Art. 7:Alle er like for lova og har krav på same rettsvern, utan skilnad av noko slag
Art. 9: Ingan må utan lov og rett arresterast, setjast i fengsel eller visast ut or landet
Art. 11: Den som er klaga for ei straffbar handling, har rett til å bli rekna som skuldlaus til ein offentleg domstol, der han har fått full trygd for retten til å forsvare seg, har prova at han er skuldig etter lova.
Art. 13: Alle menneske har rett til å ferdast fritt og til å velje bustad innafor grensene i sitt eige land.
Det skal også vere full rett til å reise ut or det landet ein bur i, same kva land det er, og til å vende attende til sitt eige land
Er det ei gruppe som verkeleg fortener vår sympati og støtte, er det desse folka!





