torsdag 15. juli 2010

St. Svithun kjem med dårlege nyhende

Sidan Stavanger faktisk er den staden der eg har budd lengst i strekk, er det heilt på sin plass å nemne at det i dag er minnedag for St. Svithun som er vernehelgen for Stavanger. Sjølv vart eg ordinert i Stavanger domkyrkje, ei kyrkje som vart vigsla til treeininga og St.Svithun, så eg vil stoppe litt opp med denne mannen og kyrkja som vart vigsla til han.

Som det ofte er med desse britiske helgenane veit ein ikkje så mykje om han, men ein veit at han var biskop i Winchester og at han døydde i 862. Han vart født i Wessex og kom etterkvart i teneste som prest for kong Egbert. I teneste for han stod han ansvarleg for å oppdra han som seinare vart kong Ethelwulf. Ethelwulf gjorde Svithun til biskop av Winchester, hovudstaden i hans kongedøme. I dei ti åra Svithun var biskop, skal kongedømet ha vore det viktigaste i England.

Svithun døydde i 862, og i løpet av nokre år vart kroppen hans overført frå gravplassen der han låg og inn i katedralen i Winchester, der det vart rapportert fleire mirakel der folk vart friske. Restane av Svithun vart overført til den nye kyrkja som vart bygd i Winchester i 1093, men forsvann i reformasjonen.

Til Stavanger kom svithunkulten med Reinald, den første biskopen i byen. Han hadde med seg den eine armen til Svithun, og denne vart plassert i katedralen Reinald fekk bygd. Også her forsvann relikviet under reformasjonen. Det siste ein veit om armbeinet var at Tord Rodt som var kommandant på Bergenhus festning tok seg inn i kyrkja 9. desember 1537 og tok det med seg.

Dei historiske linjene til armbeinet til St. Svithun er ganske greie. Det kom til Stavanger rundt 250 år etter at han døydde, etter å ha vore i Winchester. Det er all grunn til å tru at dette beinet faktisk kom frå den personen det vart hevda å kome frå. Då er det større grunn til å stille seg meir skeptisk til ein del av dei andre relikvia dei hadde i domkyrkja i Stavanger, relikvier vi kjenner frå ein oversikt som vart laga i 1517. På lista over kva ein hadde i Stavanger finn ein mellom anna ein linklut med Jesu blod, ein stein frå Getsemane, Blod frå Olav den heilage, ein beinbit frå Paulus, eit bein frå Markus, bein frå St. Sunniva og hennar folk og ein bit av skipet dei kom til Selje med, ein bit av krossen til Jesus, eit stykke av Maria sitt hodeklede, ein beinbit frå apostelen Andreas, ein bit av banneret til St. Georg og mykje anna.

Svithun er vernehelgen for Stavanger, men det vart også rapportert at hans forbøn førte til sterkare regnfall, noko som gjer at han også vert rekna som vernehelgen mot tørke. Dagen i dag vert i folketrua sett på som eit varsel om komande vêr, og sidan det har regna slik at Noah ville vore imponert her i dag, er dette eit dårleg varsel:
St. Swithin's day if thou dost rain
For forty days it will remain
St. Swithun's day if thou be fair
For forty days 'twill rain nae mair

Biletet av St. Svitun er teke av Nina Aldin Thune og er henta frå Wikimedia Commons. Frå Commons har eg også henta biletet av Stavanger domkyrkje, som er teke av Dundak.

1 kommentar:

Øystein Skauge sa...

Au då! Det var den sommaren. Og eg som ikkje startar ferien før på måndag. Forresten: Interessant med opplysnigane om dei useriøse relikvia i Stavanger. Skulle vore særleg artig å vite korleis dei fekk frakta blod frå Olav på Stiklestad til Stavanger. Tek eg ikkje feil så gjekk det ei tid før han var i fokus som ein heilag person, og då var det vel ikkje så lett å årelate han.

Legg inn en kommentar