Medan dei var gravide, etter at Maria hadde fått bodskapen om sin son, les vi om eit møte mellom dei to kvinnene, og ikkje minst mellom dei to fostra. Lukas skriv at Maria drog på vitjing til Sakarja og Elisabet, og då ho møtte Elisabet byrja Johannes på sitt livsverk: Å peike på Jesus. I Luk 1, 41 står det "Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar." Dette er fyrste gongen Johannes vitnar om Jesus, og Elisabet vert den fyrste som anerkjenner Jesus som Guds son, når ho helsar Maria med orda: "Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta av ditt morsliv. Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? For då helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd." Johannes hadde altså vitna for fyrste gong, og hans vitnemål hadde for fyrste gong styrt eit menneske til Jesus. Allereie før nokon av dei to var fødde. Byrjinga av Elisabet si helsing til Maria er forøvrig noko av på bøna vi kjenner som Ave Maria
Også andre utsegn knytta til Johannes finn vi att i kyrkjetradisjonen. Agnus Dei, som vi syng i samband med nattverdfeiringa er henta frå Johannes sin reaksjon då han traff Jesus som vaksen. I det fyrste kapittelet av Johannesevangeliet les vi at då Jesus kom gåande mot Johannes sa han "Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda!"
Du Guds lam, som bar all verdens synder, miskunna deg over oss.
Du Guds lam, som bar all verdens synder, miskunna deg over oss.
Du Guds lam, som bar all verdens synder, gjev oss din fred.
Eit anna liturgisk ledd som heng saman med Døyparen Johannes, er Sakarjas lovsong som er ein sentral del av tidebønen laudes, eller morgonsong. Sakarja trudde ikkje at Elisabet kunne få eit born, sidan ho var godt oppe i åra. Sakarja vart derfor stum frå han ikkje ville tru det Gabriel sa og fram til Johannes fekk namnet sitt. Då Johannes vart omskåren vart det diskusjon om namnet, sidan ingen i slekta hadde hatt dette namnet tidlegare, men Sakarja fekk ei tavle der han skreiv "Johannes er namnet hans.", og med det avslutta han diskusjonen og fekk stemma att. Då tok han til ordet og sa det vi i dag kjenner som Sakarjas lovsong.
Lova vere Herren, Israels Gud,
for han såg til sitt folk og har løyst det.
Han har reist for oss eit horn til frelse
i sin tenar Davids hus,
så som han lova frå gamle tider
ved munnen til sine heilage profetar:
å frelsa oss frå våre fiendar
og frå handa åt alle dei som hatar oss.
Han synte miskunn mot våre fedrar
og kom i hug den heilage pakta,
den eid han gav som lovnad
til Abraham, vår stamfar,
så vi, frelste frå fiendehand og utan otte, kan tena han
i reinleik og rettferd for hans åsyn alle våre dagar.
Og du, barn, skal kallast profet for Den høgste,
for du skal gå fram føre Herren og rydda hans vegar
og læra folket hans å kjenna frelsa, at deira synder blir tilgjevne,
for vår Gud er rik på miskunn.
Og slik skal lyset frå det høge
gjesta oss som ein soloppgang
og skina for dei som bur i mørker og dødens skugge,
og styra våre føter inn på fredens veg.
Døyparen Johannes har sett djupe spor vidare inn i den kyrkjetradisjonen som han var med på å starte. Bål og grilling er hyggeleg nok, men den reelle feiringa av St. Hans ligg ikkje i bålbrenning, men i å føre vidare arven frå Johannes, både i liturgi og i å fortsette hans livsverk. Å peike på Jesus.
Biletet av fødselen til Johannes er henta frå Wikimedia Commons, medan biletet av Gabriel som snakkar med Sakarja er henta frå engelsk Wikipedia.
1 kommentar:
Kanskje skulle vi også hugse: Marias og Elisabets møte var noko meir enn prat mellom to komande mødre. Noko anna enn det som spente, ventande foreldre snakkar om og gler seg til når dei kjenner fosteret sparkar og signaliser at ”Snart kjem eg til dykk”
Dei fleste ventande foreldre kjenner lukkerus i slike stunder. Elisabet kjende ein annan rus når ho såg Maria: ”Ho vart fylt av Den Heilage Ande og sa med høg røyst: -Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er det barnet du ber”
Og så tala den aldrande, svangre kvinna profetisk, for ho kallar den yngre slektningen ”-mor åt Herren min”
Slik talar ho som i sitt morsliv ber på han som av Jesus seinare får denne attesten: ”Aldri har det stått fram noko større mellom dei som er fødde av kvinner, enn døyparen Johannes” (Matt.11,11)
Eit møte mellom kvinner. Men kvinner som tala uvanlege ord om eit veldig vanleg tema. For kvinnene var utvalde. Velsigna av Gud sjølv til å innta sine plassar i Guds plan for å frelsa verda.
Dei bar på nåden og frelsa under sine hjarto: Johannes = Gud er nådig og Jesus = Herren frelser.
Snart skulle ho føde, Elisabet. Guten med namnet nåde. Han som vaks til mannen som møtte unåde. Hovudet hans vart til slutt servert på fat i eit vanstyrt kongehus. Han som rydja vegen for slektningen sin. For Jesus. For frelsa.
I Elisabets hus var Maria lukkeleg. Herrens tenarinne. Men sverdet skulle stikkast i hennar sjel. (Luk.2,35). Ho skulle kome til å gråte tunge tårer ved ein kross nokre og tretti år seinare.
Men der og då: I fjellbygdene i Juda, i Elisabets hus, prestebustaden for henne og Sakarja! og kan hende med den stumme presten Sakarja som tilhøyrar i ein krok i huset, der var det glede og jubel i kvinneleg lag,
Engleorda var ikkje gløymde av nokon av dei. Sakarja hadde skrive ned det han ikkje lenger kunne seie til Elisabet. Ho visste om Gabriel. Maria hadde enno skinet av dei kvite englekleda som ein glans i spente augo.
To glade kvinner i Herrens teneste. Med nåden og frelsa i sine morsliv. Dette var deira gåve til ei heil menneskeslekt. Å bere Guds under inn i vår verd.
Legg inn en kommentar