torsdag 29. april 2010

Tortur

1 av 3 nordmenn meiner tortur er greit og at det bør brukast for å avsløre terrorplanar! Dette er sjokkerande tal. Tortur er ikkje under nokon omstende greit, og det er heller ikkje ein brukbar måte å avsløre planar om terror eller andre ting. Historia viser oss at tortur ikkje er ein god måte å få informasjon frå folk, då folk under tortur vil seie kva som helst for å få torturen til å stoppe. Kanskje aller helst det dei veit torturisten er ute etter, om det er ein "terrorplan" eller om det er at ein tilstår ein kriminell handling ein ikkje har gjort, men der ein treng ein syndebukk.

Det eg trur dette viser klarast, bortsett frå at det står dårleg til med etikken i det norske samfunnet, er at skremselspropagandaen med tanke på terror verkar. Då tenkjer eg ikkje på terroristane som vil skremme oss, men på styresmaktene i Norge og utlandet som innfører det eine tiltaket mot terror meir hysterisk og paranoid enn det forrige. Dette gjer at folk vert skremde og trur det er større sjanse for terroråtak enn det faktisk er. Sjølvsagt skal ein aldri seie aldri. Det kan kome eit åtak i Norge, men oddsen for at eg døyr i eit terroråtak er uendeleg mykje større enn oddsen for at eg døyr av det meste andre.

Vi må ikkje late oss villeie til å gje slepp på dei grunnleggjande verdiane samfunnet er bygd på. Mellom dei er det at ein er uskuldeg til det motsette er bevist, og retten til liv og helse. Begge delar vert ofra om ein godtek tortur av mistenkte terroristar. Det går til sjuande og sist ut over oss alle.

Kan hende er det også større sjanse for å verte mistenkt for terror i Norge enn for å døy av terror i Norge. Eg kjem ikkje på nokon som er drepne i terroråtak i Norge, men det er ikkje så lenge sidan vi hadde ein rettsak der dei tiltala var mistenkte for terrorplanar. Godtek ein tortur, vert då sjansen større for å verte torturert som mistenkt terrorist enn å døy i eit terroråtak.
Bilete henta frå Wikimedia Commons

1 kommentar:

Signe og Kristian giftar seg! sa...

...men 90% eller noko slikt oppgjev at menneskerettar er svært viktig for dei. Eg har problem med å sjå konsistensen her.

Som Benjamin Franklin sa: Den som er villig til å ofre fridom for tryggleik, fortener ingen av delane.

Legg inn en kommentar