Klassekampen gjev oss ein interessant artikkel om korleis EU saman med legemiddelindustrien kjempar for å få India til å stramme inn lovverket sitt, slik at det skal verte vanskelegare å produsere billeg kopimedisin.
Den billige kopimedisinen er til hjelp for fattige i utviklingland, folk som aldri hadde fått medisin om dei skulle betale dei prisane farmasiindustrien vil ha. Når farmasiindustrien pressar på for at det skal verte vanskelegare å produsere denne medisinen, gjer dei seg samstundes skuldige i indirekte drap på tusenvis av fattige. Dei vil ta frå folk livsviktig medisin for å sikre sin eigen profitt, og dette gjer dei under dekke av ein frihandelsavtale.
Spørsmålet meldar seg, som ofte før: For kven er frihandel fri?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar