søndag 7. februar 2010

Endå eit angrep på menneskeverdet.

Foto:Kjetil Ree
Fremskrittspartiet gjev ikkje opp arbeidet med å undergrave alt som heiter like rettar og menneskeverd. No meiner dei at dei svakaste av dei svake i Norge får for mykje hjelp, og vil forby å gje helsehjelp til ulovlege innvandrarar og innføre meldeplikt om ein kjem i kontakt med desse.

Det er eit forslag det ikkje er mogeleg å finne nokon som helst etisk hald i. Dette er rett og slett eit forslag om å institusjonalisere systematiske overgrep på dei svakaste. Ein vil ta frå dei elementære rettar som alle menneske har krav på, som krav om helsestell. Dei vil at vi skal oversjå dei, ikkje hjelpe dei og aller helst, sende dei vekk frå oss slik at vi ikkje skal trenge å sjå dei ein gong.                                                                                    
Fremskrittspartiet likar å skryte om seg sjølv i kristne samanhengar, og det kan vere grunn til å minne dei om nokre ord frå Jesus:
31 42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tørst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var naken, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje til meg.' 44 Då skal dei svara: 'Herre, når såg vi deg svolten eller tørst eller framand eller naken eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?' 45 Men han skal svara dei: 'Sanneleg, eg seier dykk: Alt de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.'
Matteus 25


Det er heilt umogeleg å argumentere for at Fremskrittspartiet frontar kristne verdiar eller står som nokon forsvarar av kristendomen i det norske samfunnet. Tvert om. Dei er kanskje den største trusselen mot eit samfunn prega av kristendomen!

I staden for forslaget Frp har fremja, burde ein heller innføre eit mykje betre helsestell for denne gruppa. Ein burde gjere det ulovleg å ikkje hjelpe personar i denne situasjonen, og alle kommunar burde ha ressurspersonar med utrustning og kompetanse for å hjelpe desse personane med å få eit ordentlig liv i Norge.

Viktigast er det at ein fyrst og fremst må få ein human asylpolitikk der ein gjer opphald og rettar til eit langt høgare tal enn det ein gjer i dag. Vi i Norge har ingen rett til å stengje oss inne i vår luksus og nekte andre å få ta del i denne. Vi kan ikkje tenkje på dei som kjem til oss som lukkejegarar, men som folk som vil det beste for seg og sine kjære. I staden for å stemple dei som farlege, snyltarar og uynskte, må vi ta i mot dei med opne armar og vise i praksis at alle menneske har det same menneskeverdet og like rettar.

Om katastrofen skulle skje, og ein slik lov som Frp foreslår verte vedteken, vil det vere eit hedersteikn å verte straffa for brot på denne lova. Å foreslå at ein skal straffe nestekjærleik, er eit hån mot alt samfunnet vårt er bygd på og alt som heiter menneskerettar.

Foto:Kjetil Ree

1 kommentar:

Øystein Skauge sa...

Din beste kommentar nokonsinne! I SÆRKLASSSE.

Legg inn en kommentar