tirsdag 2. februar 2010

Dagbladet, igjen....


Endå ein gong har Dagbladet freista å skrive ein seriøs artikkel om kristendom, og endå ein gong går dei på trynet så det syng. Eg siterer innleiinga: "
Vil fjerne «jomfru» fra Maria [...] I den nye norske oversettelsen av GT er hun bare en ung kvinne."


Eg veit ikkje kvar det er Dagbladet får sin informasjon om Bibelen frå, men dei er i alle høve ikkje godt informert. Sidan dei tydlegvis har snakka med informerte folk som Torleif Elgvin og Einar Thomassen, kunne dei kanskje ha kosta på seg eit lite grunnkurs i bibelkunnskap. Det er tydlegvis nytt for dei at GT ikkje nemner Maria med eit ord. Jada, vi har ein profeti i Jesaja, og det er sjølvsagt den det er snakk om her, men Maria kjem ikkje inn i biletet før aldri så lenge etter at det vi les om i GT var gårsdagens nyhende.

Når dei hevdar at ein vil fjerne "jomfru" frå Maria, er det ikkje berre ein tabloid forenkling, det er hårreisande og hjarteskjærande feil. Ein vil ikkje fjerne noko som helst, når sant skal seiast. Ein vil gje ein best mogeleg omsetjing av den teksten ein har i kjeldematerialet sitt.

Tenk om Dagbladet i staden for slike dustevinklingar på dette i staden kunne ha freista å skrive ein seriøs artikkel om det arbeidet Bibelselskapet gjer med den nye omsetjinga. Men neida, Dagbladet viser i staden at den krisa dei er inne i, har dei den fulle og heile skulda for sjølv. Denne artikkelen er eit praktdøme på dette. Artikkelen inneheld ein god del stoff som er heilt greit, men vert totalt øydelagt av den idiotiske vinklinga i overskrifta og ingressen.

Ein annan ting som trekk ned, er den vanlege dagbladtanken om at alt i kristendomen har utvikla seg i ein retning som er negativ til sex. Her er det sjølvsagt tanken om at Maria sin jomfrudom ikkje var noko dei fyrste kristne trudde på. Dette kom seinare, hevdar Dagbladet, og baserer seg på Dag Øistein Endsjø sine tankar. Kva den overveldande majoriteten av teologar meiner om saken er tydlegvis ikkje så viktig. Rett nok lar dei Torleif Elgvin sleppe til, men det kjem tydeleg fram at det er Endsjø som er Dagbladet sin mann. Hans meiningar vert lagt fram som fasiten.

Eit tankekross for Dagbladet bør vere at det faktisk står om jomfrufødsel i NT. Hadde ikkje dei fyrste kristne trudd på dette, hadde dei ikkje skreve om det i NT. Det er det perfekte punkt for å verte angrepe som idiotar på, det er ikkje noko som framstår som særleg viktig med tanke på kva ein forventa, og det framstår heller ikkje som noko særleg viktig i NT. Ikkje så viktig, men viktig nok til at dei tok det med. Det at dei tok med eit slikt punkt som var så godt eigna som blink for hån og kritikk, bør seie oss at dette var noko dei trudde på. At Dagbladet ikkje trur på det, er ein heilt annan sak.

Endå ein gong manar Dagbladet fram orda i hovudet mitt;
Mit der Dummheit kämpfen Götter selbst vergebens

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar