onsdag 8. oktober 2014

På brureferd i Telemark

Ei fantstisk kyrkje. 
Eg var særs heldig i helga, og fekk vere vigselsprest i den fabelaktige Heddal stavkyrkje i Notodden. I samband med dette forsøkte eg å lese meg opp på historia til kyrkja, og der var det nokre punkt ein kunne stoppe opp ved.

Det eine som var av interesse var korleis kyrkja vart bygd. For der andre kyrkjer har blitt bygd av bygdefolket, kongen, ein ambisiøs prest eller liknande, hevdar ein i Heddal at kyrkja deira vart bygd av eit troll på tre dagar. Trollet Finn forsøkte å lure byggmeisteren til å gje frå seg hjarta sitt i betaling for kyrkja, men som seg hør og bør med slike trollhistorier, enda det heile med at trollet sprang i sinne frå den ferdigbygde kyrkja og gav seg til å kaste store stein mot kyrkja. [1] For første, og godt mogeleg siste, gong hadde eg dermed ein grunn til å snakke om troll i preika mi.

Eit anna pussig poeng med denne kyrkja, gjeld ikkje først og fremst kyrkja, men historieskrivinga. For den må vel seiast å vere heller selektiv... I 1954 kom det ut eit festskrift for kyrkja, og der skreiv dei mellom anna om prestane kyrkja har hatt gjennom historia. Dei hadde sjølvsagt ikkje så mykje å seie om alle, men skreiv om to katolske prestar og dei som var prest i kyrkja mellom ca 1800 og 1954. For desse siste prestane gav dei eit kort resyme av det dei skreiv om dei som ei underoverskrift under namnet. Vi ser berre på desse underoverskriftene for å få eit inntrykk av dei som var prestar i kyrkja i dei hundre og femti åra før festskriftet kom ut.[2] Det kan vere verdt å merke seg at dette sjølvsagt var lutherske prestar.

  • Orginalen blant Heddals geistlege
  • Misjonsmann og pietist
  • Skulemann og bygdeordførar
  • Tre korte år i Herrens tjeneste
  • Den lærdaste presten, men likevel audmjuk og elskeleg
  • Prelaten blant Heddals prestar
  • Den mest folkekjære presten i Heddal
  • Den mest kjærkomne sjelesyrgjar hos sjuke og gamle. Einaste presten i Heddal med H.M. Kongens fortenestmedalje i gull
  • Den nåverande presten i embedet 
Det er tett mellom godorda her, altså.

Så kan vi ta ein titt på det dei skriv om dei katolske prestane. Dette vert rett nok innleia med orda: «Dei fyrste prestane er berre nemde i jordebøker og rettsprotokollar når det har vore ein og anna tvist med bøndene. Det er då helst det vonde som kjem fram, og prestane har nok jamnt over vore betre enn sitt rykte.» Det er uklart om dei med «Dei fyrste prestane» meiner dei katolske prestane, dei lutherske fram til rundt 1800 eller begge gruppene, men dei går i alle fall vidare med desse skildringane:
«Men det fortelst om den katolske presten Audun Asmundsson at han hadde eit uekte barn som blei lyst i  «kuld och kjøn» ved den vestre dør i Heddal kyrkje.
Og hr. Jens, siste katolske presten, var så fæl at han tilslutt laut røme frå bygda i løynd».[3]
Slik kan ein altså skrive historia. Ein plukkar fram godorda om protestantane og driten om katolikkane....

Noter
[1] Heile segna kan ein lese i Heddal stavkykrje: Festskrift ved vigsla 1954, s. 97-99 
[2] Ibid, s. 47-57
[3] Ibid, s. 46

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar