tirsdag 8. juli 2014

Vår frue av Kazan

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag ser vi på eit av dei mest kjente ikona av Gudefødersken, nemleg ikonet frå Kazan, det vart nemleg funne nettopp 8. juli i byen Kazan i Russland.

Kazan hadde i 1579 nettopp blitt erobra av russiske troppar, og i byen budde den ti år gamle jenta Matrona. Fleire gonger kom Jomfru Maria til henne i draume og bad henne om å fortelje til både sekulære og kyrkjelege styresmakter kvar eit ikon av henne kunne bli funne. Matrona gjekk til styresmaktene, men ingen trudde henne. Til slutt gjekk Matrona saman med mor si til staden ho hadde sett i draumane. Det var eit hus som hadde brent ned, og under ruinane fann dei ikonet nedgravd. Dette skjedde 8. juli. Kanskje hadde ikonet kome frå Konstantinopel på 1200-talet og blitt gravd ned for å bli beskytta, men det var i alle fall nytt for russarane.

Erkebiskopen snudde om då han såg ikonet, som skal ha sett ut som om det var nytt. Med pomp og prakt vart det installert i ei kyrkje i byen, og seinare i katedralen. Snart gjekk det rykte om alle mirakla som skjedde i samband med ikonet.

Ikonet vart ein nasjonalskatt i Russland, og vart brukt som ein form for talisman i fleire store slag, mellom anna mot Napoleon i 1812 og ikkje minst i slaget ved Poltova som vart kjempa mot svenskane på 8. juli 1709.

Ikonet, eller kanskje ein kopi for kopiar vart fort populære, vart flytta rundt i dei viktige kyrkjene Russland, og var lenge i Moskva før det enda i St. Petersburg. Ikonet i Kazan forsvann i 1904, og det i St. Petersburg, som mange meiner var det originale, forsvann i samband med revolusjonen i 1917. Men på grunn av den ortodokse tradisjonen med nøyaktige kopiar, har vi framleis ikonet med den spanande historia.

Kjelder:
OrthodoxWiki
* Leonid Ouspensky og Vladimir Lossky, The Meaning of Icons, St. Vladimir's Seminary Press, 1999. s. 88

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar