tirsdag 29. juli 2014

Lat oss gjere som svenskane - Bruk «hen»

Aftenposten melder at det kjønnsnøytrale pronomenet «hen» er med i den siste utgåva av Svenska Akademien si ordliste. Dette er noko vi også bør gjere til normert språk i Norge, for dette pronomenet er noko vi også har bruk for i Norge.

Ordet er kontroversielt i Sverige, noko som nok skuldast at det vert knytt opp mot idiotiske tankar knytta til mellom anna såkalla «kjønnsnøytral barneoppdraging», der ein ikkje vil «pådytte» barna ein kjønnsidentitet. Dette er berre fjas, og ikkje noko som bør få øydelegge for eit godt ord. For vi har faktisk bruk for ordet.

Det har blitt tatt til orde for å bruke «hen» i staden for «han» og «ho» for dei som har ein uavklara kjønnsidentitet, og det kan sikkert ha ein funksjon der, utan at det i praksis vil utgjere den heilt store forskjellen i den daglege språkføringa for dei aller fleste. Dei det gjeld kan nok godt bruke ordet utan at det nødvendigvis treng å kome inn i nokon ordliste. 

Men vi har alle bruk for ordet. Det er eit ord vi sikkert kunne ha brukt mange gongar kvar dag, om vi hadde gjort det til eit meir vanleg ord. Lat meg ta nokre døme.

Vi startar med ein vanleg samtale. Lat oss først ta det utan «hen».
- Eg var hos optikaren i dag.
- Kva sa han, då?
- Det var ikkje ein mann. Det var ei dame.
- Å, ja. Kva sa ho, då?
- Ho sa at eg må få meg sterkare briller.
Så tar vi samtalen med «hen».
- Eg var hos optikaren i dag.
- Kva sa hen, då?
- Ho sa at eg må få meg sterkare briller.
Og vips, har vi forenkla og effektivisert språket. 

Så eit døme frå noko eg skreiv på Facebook for ei stund sidan. Eg brukte då «hen», men vi tar det først utan «hen». (Fritt etter husken.)
- Om nokon kan kome heim til meg og vise meg korleis eg får ut lyspærene i spottane i taket mitt, skal han eller ho få både ein og to koppar kaffi som takk. (Problemet kursivert)
Så slik eg skreiv det, og slik det burde vere.
- Om nokon kan kome heim til meg og vise meg korleis eg får ut lyspærene i spottane i taket mitt, skal hen få både ein og to koppar kaffi som takk. (Løysinga kursivert)
«Hen» er eit genialt, lite ord som enkelt og greit kan gjere språket vårt meir effektivt og elegant. Det passar inn mellom dei andre pronomena og er ein logisk og naturleg forbetring av språket. Lat oss få det inn i normert norsk!

1 kommentar:

Øystein Skauge sa...

- og kombiner det med eit anna gammalt (ny)norsk ord som lever godt på svensk også, samt her og der i Viksdalen! Ordet er "honom". Fabelaktig dativsform

Legg inn en kommentar