Gapestokken i Manger kyrkje. Med halsring. |
Og det er omtrent alt eg har klart å finne ut om denne gapestokken. I Manger kyrkje og prestegard, som kom ut i samband med hundreårsjubileet til kyrkja i 1991 ser det ut som om gapestokken ikkje er omtala. Den einaste plassen eg finn noko med litt substans om denne særskilde gapestokken er på norgeskirker.no, eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk institutt for kulturminneforskning og KA. Der kan ein lese følgjande setning heilt på slutten av det som står om den forrige kyrkja på Manger, ei kyrkje frå 1743:
En gapestokk med kjetting og halsring, datert 1764, står på loftet i den nåværende kirke.Gapestokken er altså gamal, men kanskje han kom inn i kyrkja ein gong etter 1991? Nokon på Radøy må jo kjenne til dette, og kan kanskje utdjupe?
Uansett kan vi seie noko meir om gapestokkar, generelt. Ei masteroppgåve i historie frå Universitetet i Oslo i 2010 om rettssystemet på 1600-talet seier dette om gapestokken:
Poenget med gapestokken var at den kriminelle skulle vises frem og ydmykes i offentlighet. Dette var som regel en stasjonær innretning av tre som låste fast nakken på den som skulle ydmykes. Gapestokken var som regel plassert på et svært offentlig sted i lokalmiljøet, og dette var ofte rett ved siden av kirken. For at dommen skulle ha størst mulig effekt ble den dømte ofte idømt tid i stokken på søndager da det var mange folk til stede. Slik ble ydmykelsen størst mulig.Ut frå dette er det sansynleg at gapestokken på Manger stod utanfor den forrige kyrkja, slik at dei som gjekk til gudsteneste skulle sjå forbrytarane.
Rett nok er det hardt å kalle alle som vart dømde til gapestokk for forbrytarar etter våre standarar. Wikipedia viser til Christian V si lov frå 1687 for å illustrere kva som kunne gjere at folk hamna i gapestokk. Ser vi i denne lova, kan vi finne følgjande horrible brotsverk som kunne sende nokon til vanæra i gapestokken.
Befindis Ungdommen paa Kirkegaardene med Legen Stimen, eller anden Uskikkelighed, naar Guds Tieniste i Kirken forrettis, at vanhellige Tienisten, da skal de, som dertil have Tilsyn, have Magt til at straffe de Smaa derfor med Riis, eller Pisk, og de store med Gabestokken
Chr. Vs NORSKE LOV: Siette Bog. 3 Cap. Om Helligbrøde. 10. Art
Her står han. Gøymt vekk i eit hjørne på galleriet. |
Gapestokken var særleg i bruk på 1700-talet, og vart siste gang brukt i Norge i Moss i 1840. I 1848 vart heile straffa avskaffa.
Vi får tru at det som kan seiast om gapestokkar generelt også kan seiast om den i Manger. Om nokon kjenner meir til den særskilde historia på Manger er eg interessert i å lære meir.
Det hadde forresten vore artig om ein hadde vist fram denne klenodiet litt meir. Ein historisk skatt som dette fortener betre enn å stå gøymt vekk i eit hjørne på galleriet. Gapestokken er ikkje det stoltaste Norge har å by på, men det er like fullt ein del av historia vår. Særleg no når ein feirar grunnlova, kunne det passa å tatt fram noko som viser korleis lovene var tidlegare, men også inn i tida med vår grunnlov.