søndag 29. september 2013

Mikkelsmess med Bileam

I dag er det mikkelsmess, altså ein dag der vi feirar englane. Vi møter på englar ein del plassar i Bibelen, og fordi dette var eit så stilig bilete, og fordi der er ei artig historie der ein engel spelar ei sentral rolle, kostar vi på oss historia om Bileam og eselet frå 4. Mosebok i dag.
Bileam,eselet og engelen mala av James Tissot.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
På den tid var Balak, son til Sippor, konge i Moab. Han sende bodberarar til Bileam, son til Beor, i Petor, som ligg ved elva i det landet der folket hans budde. Dei skulle be han koma, og seia: «Sjå, eit folk har drege ut frå Egypt. Dei dekkjer landet så langt auga rekk, og dei har slege seg ned beint framfor meg. No må du koma og forbanna dette folket! Dei er for talrike for meg. Kanskje eg då kan slå dei og driva dei ut av landet. For eg veit at den du velsignar, er velsigna, og den du forbannar, er forbanna.» Dei eldste i Moab og dei eldste i Midjan tok av stad, og dei hadde spåmannsløn med seg. Då dei kom til Bileam, bar dei fram bodet frå Balak. Han sa til dei: «Ver her i natt, så skal eg seia dykk det Herren har sagt til meg.» Så gav Moab-hovdingane seg til hos Bileam. Gud kom til Bileam og sa: «Kven er desse mennene du har hos deg?» Bileam svara Gud: «Balak, son til Sippor, kongen i Moab, har sendt bod til meg: Sjå dette folket som har kome frå Egypt. Dei dekkjer landet så langt auga rekk. Du må koma og forbanna dei for meg! Kanskje eg då kan strida mot dei og driva dei ut.» Gud sa til Bileam: «Gå ikkje med dei! Du skal ikkje forbanna folket, for det er velsigna.» Då Bileam stod opp om morgonen, sa han til hovdingane som Balak hadde sendt: «Gå tilbake til landet dykkar! Herren gjev meg ikkje lov til å følgja med dykk.» Moab-hovdingane tok av stad. Dei kom til Balak og sa: «Bileam ville ikkje vera med oss.» Då sende Balak andre hovdingar, fleire og av høgare byrd enn dei første. Dei kom til Bileam og sa: «Så seier Balak, son til Sippor: Eg bed deg, lat ikkje noko hindra deg i å koma til meg! For eg skal visa deg stor ære, og alt det du bed om, skal eg gjera. Kom no og forbann dette folket for meg!» Bileam svara tenarane til Balak: «Om Balak gav meg alt sølv og gull han har i huset, kunne eg ikkje gå imot det Herren min Gud seier, korkje i smått eller stort. No bed eg om at de òg må vera her i natt, så får eg vita kva meir det er Herren vil seia meg.» Om natta kom Gud til Bileam og sa til han: «Er desse mennene komne for å henta deg, så stå opp og gå med dei! Men gjer ikkje anna enn det eg seier deg.» Om morgonen stod Bileam opp, sala eselhoppa si og drog av stad saman med Moab-hovdingane. Då flamma Guds vreide opp fordi han drog, og Herrens engel stilte seg framfor han på vegen som ein motstandar. Sjølv kom han ridande på eselet sitt i lag med dei to tenarane sine. Då fekk eselet auga på Herrens engel som stod der på vegen med drege sverd i handa. Eselet tok av frå vegen og gjekk ut på marka. Men Bileam slo eselet for å få det inn att på vegen. Sidan stilte Herrens engel seg på ein smal veg mellom vinmarkene. Det var steingard på begge sider. Då eselet såg Herrens engel, pressa det seg inn til muren og klemde foten til Bileam mot steinane. Då slo han det ein gong til. Endå ein gong gjekk Herrens engel framom og stilte seg på ein trong stad, der det ikkje var plass til å vika unna, korkje til høgre eller venstre. Då eselet fekk auga på Herrens engel, la det seg ned under Bileam. Raseriet flamma opp i Bileam, og han slo eselet med staven sin. Då gav Herren eselet munn og mæle, og det sa til Bileam: «Kva har eg gjort deg? No er det tredje gongen du slår meg.» Bileam svara eselet: «Du har halde meg for narr. Hadde eg berre eit sverd i handa, skulle eg drepa deg no!» Men eselet sa til Bileam: «Er ikkje eg eselet ditt, som du alltid har ride på, heilt til denne dag? Har eg nokon gong hatt for vane å gjera slikt mot deg?» «Nei», svara han. Då opna Herren auga til Bileam, og han såg Herrens engel som stod på vegen med drege sverd i handa. Straks bøygde han seg og kasta seg ned med andletet mot jorda. Herrens engel sa til han: «Kvifor har du no tre gonger slege eselet ditt? Sjå, eg har gått ut for å stå deg imot. For eg ser at dette er ei farleg ferd. Eselet såg meg og tok av vegen for meg alle tre gongene. Hadde det ikkje det gjort, ville eg no ha drepe deg, men late eselet leva.» Då sa Bileam til Herrens engel: «Eg har synda! Eg skjøna ikkje at du stod framfor meg på vegen. Om dette er urett i dine auge, skal eg venda heim att.» Herrens engel sa til Bileam: «Følg med desse mennene! Men du må ikkje seia noko anna enn det eg byd deg.» Så følgde Bileam med hovdingane åt Balak. 4. Mos 4, 4-35 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar