fredag 6. september 2013

Edward Drax Free - ikkje kyrkja sin beste tenar

På St. Isidors minne tar vi ofte for os helgenar, men det er jo eit faktum at kyrkja også rommar folk som er eit godt stykke frå ein kanoniseringsprosess. I dag skal vi sjå på ein av dei. Vi skal bli kjent med Edward Drax Free.

Edward Drax Free byrja så bra med å studere på stolte St. John's College i Oxford. Ikkje berre studerte han der, men han tok ein doktorgrad og underviste og hadde ei leiarstilling der. I 1808 fekk han ei prestestilling i Sutton i England, noko som vart møtt med glede i Oxford der han hadde blitt upopulær på grunn av ufin oppførsel og valdsbruk mot andre i staben.

Som prest var Free ein katastrofe. Først gjorde han nærast kyrkja og gravplassen om til ein gard. 
It was common to see cattle running loose and pigs rooting up the graves. Cows mingled with the mourners at my fathers funeral. He kept sheep in the church pouch, which was often strewn with straw and dung. 
For å spe på inntekta tok han blyet av kyrkjetaket og selde det. Ved eit høve skal han ha krevd pengar på førehand for å begrave det døde barnet til ei fattig enke. Til slutt gjekk han med på å få betalinga på etterskot, men då gravferda var ferdig fulgte han etter enka heim og nekta å gå før han fekk betalt.

For å gjere det komplett, var han ofte full og ufyseleg og gjorde fire av hushjelpene sine gravide.
However, it was not his debauchery, his assaults on church wardens with a horsewhip or his unhygienic farming techniques that caused his downfall.
Det gjekk ikkje skikkeleg på trynet for Free før han av ein eller annan grunn bestemte seg for å ta eit oppgjer med, og så gå til sak mot, den største jordeigaren i soknet, Sir Montagu. Han trakk Montagu for retten fordi han ikkje skulle ha møtt på gudstenestene til Free. Dette var teknisk sett påbode, då ein hadde ei lov som var meint å tvinge katolikkar til å gå til gudsteneste i den anglikanske kyrkja. Det heile gjekk sjølvsagt ikkje bra for Free. Det eine vitnet han kunne stable på beina til støtte for saka si, vart avslørt som elskerinna hans, og vitnemålet hennar stod dermed ikkje så sterkt. Sir Montagu kunne så forklare at grunnen til at han ikkje gjekk til kyrkje var at Free stort sett ikkje hadde gudstenester, og om han hadde det, bestod preika av at han skjelte ut Sir Montagu.

Free tapte sjølvsagt saka, men Sir Montagu døydde rett etterpå. Då vart ting endå verre for Free. Onkelen til Montagu, ein annan Sir Montagu, trakk Free for retten for å få oppreising på vegne av nevøen. Det heile endte med at Free vart frådømt jobben og måtte betale alle kostnadane knytta til saka.

Free godtok ikkje dette, og barrikaderte seg i prestegarden med ei hagle. Domprosten kom inn for å megle, utan anna resultat enn at Free skaut mot han. Ein bestemte seg derfor for å beleire Free. Etter ti dagar kom Free ut, berre for å oppdage at han var uønska alle plassar han kom.

I 1843 døydde Free då han vart treft av eit hjul som datt av ei vogn. Nokon minnedag i kyrkja er nok ikkje på tale.

Kjelde
William Donaldson, Brewer's Rogues, Villains and Eccentrics. An A-Z of Rougish Britons Through the Ages, 2002. Side 274-275.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar