søndag 10. mars 2013

Ei sjeldant godt gjennomført gudsteneste

Giovanni heidrar Jesusbarnet.
Nokre gudstenester er så flotte og godt utførte at dei ikkje bør gå i gløymeboka i det ein går ut av kyrkja. I dag var eg på ei slik gudsteneste i Nykirken, eller Barnas katedral.

Gudstenesta i dag var på mange måtar ei vanleg gudsteneste, men preika var i hovudsak erstatta av eit utdrag av ei dramatisering av det eg tidlegare har hevda er den fremste kristne, barneboka, nemleg Guds gjøgler.

Dramatiseringa var strålande god! Stykket vart framført av Teater Okolo med ein hovudskodespelar som fekk hjelp av ein kombinert musikar, lydeffekt-makar og statist. Skodespelaren mala forteljinga på ein framifrå måte, naturleg nok med sjonglering og anna som høyrer med i ei forteljing om ein gjøglar. Presten hadde tatt eit val andre prestar bør lære av. Ho byrja med å snakke litt ut frå korleis Paulus samanliknar kyrkja med kroppen i 1. Kor 12, ein tekst som passar som hand i hanske saman med Guds gjøgler. Etter dramaet vart det ikkje sagt noko. Kunsten fekk stå for seg sjølv, med sin bodskap! Dette er for det første heilt i tråd med bodskapen i Guds gjøgler, og for det andre herleg befriande samanlikna med alle dei prestane (og andre) som snakkar i hel alle kunstnariske innslag i frykt for at folk ikkje får med seg bodskapen. Her fekk kunsten stå ukommentert, og det i ei barnegudsteneste. Nydeleg!

Liturgien var plankekøyring på ein relativt enkel standardliturgi. Den var såvidt eg hugsar strippa for utanomsnakk, slik eg og mange med meg har som uvane å vatne ut liturgien med. Det var god bruk av unge medliturgar, noko som bør vere sjølvsagt i ei slik gudsteneste. Eg møter ofte argument om at barn ikkje likar liturgi, ikkje klarar å henge med, at det vert for stivt for dei osb, og det var derfor både interessant og svært gledeleg å sjå kor godt det fungerte med ei gudsteneste som i så stor grad var «rett frå liturgien». Barna var med! Dei sat på matter eller benkar og både fulgte med og deltok aktivt i liturgien.

Dette fører oss vidare til det neste elementet som gjorde dette til ei flott gudsteneste, nemleg kyrkjerommet. Nykirken har blitt gjort til ei barnekyrkje, noko ein kan sjå på kyrkjerommet. Med matter barna kan ligge på, gode benkar og kort avstand til altar, prest, musikarar og drama. Å ha eit gudstenesterom som er tilrettelagt slik Nykirken er, er ikkje noko ein kvar kyrkjelyd kan satse på, men eg trur vi andre godt kan hente inspirasjon frå det som er gjort der. Så veldig radikalt er det ikkje, men det fungerte svært godt.

Til slutt må også musikken nemnast. Eit knippe særs gode musikarar spelte til salmane. Musikken var slik eg hugsar det ein fiks kombinasjon av jazz og spansk gitar, noko som kledde både songane frå Barnesalmeboka og gudstenesta som heilskap.

Alt i alt var dette ei sjeldant godt gjennomført gudsteneste. Nykirken er kanskje barna sin katedral til dagleg, men det var verkeleg ein flott plass å vere også for vaksne i dag.

1 kommentar:

Anonym sa...

Tusen takk! Det varmer når folk setter pris på det arbeidet vi gjør. Hilsen organisten.

Legg inn en kommentar