tirsdag 26. mars 2013

Braulio av Zaragoza

St. Braulio (t.v.)  og St. Isidor.
Den observante vil sjå at det er eit utklipp frå dette biletet eg har
brukt i headeren til bloggen.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Vi må igjen ta turen til Spania og den spanske helgenarven, og igjen skal vi til Sevilla. I 620 dukka nemleg muken Braulio opp på St. Isidor sin vidgjetne skule i Sevilla.  Braulio utmerka seg på skulen, og vart etterkvart meir enn ein elev for Isidor; han såg på Braulio som ein ven og disippel, og Braulio fekk ansvar for å gå over Isidor sine skrifter for skrivefeil og liknande.

I 624 vart han diakonvigsla av Isidor, og drog i 625 attende til Zaragoza der han hadde vore munk i klosteret broren hans var abbed i. Broren ordinerte han til prest, og i 631 vart Braulio biskop i Zaragoza.

Som Isidor, og Leander for den del, jobba han med å rydde opp i den spanske kyrkja. Han jobba for å få vekk arianismen, og vart den mest respekterte biskopen i Spania etter Isidor. Han skal ha levd asketisk og brukt mykje tid i bøn og på gudstenester, sjølv om han jobba hardt med både kyrkjeleg og verdsleg diplomati.

Isidor er kjent for sitt Etymologiae, og dette skal det ha vore Braulio som fekk han til å skrive. Braulio var ein lærd mann sjølv, og det var også han som fullførte Etymologiae etter at Isidor var død. Han skreiv også andre verker.

Mot slutten av livet mista han synet, noko som sjølvsagt ikkje var lett for ein bokmann som Braulio. Han døde i 651, etter å ha resitert Salmane i ein dag, og det utvikla seg umiddelbart ein helgenkult som raskt vart godkjent. Minnedagen for Braulio er i dag, 26. mars.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar