Svart madonna |
Eg tok derfor til på boka, glad og nøgd. Den gleda skulle snart snu. Det viste seg raskt at dette ikkje var eit forsøk på å sjå på dei svarte Mariabileta på ein fornuftig måte, men eit forsøk på å setje dei inn i ein ny-gnostisk samanheng der dei står som uttrykk for ein gudinnekult som skal ha levd i Europa, og særleg blomstra i Middelalderen, med eit oppsving i Frankrike under Merovingane. Sjølvsagt godt blanda saman med spanande utsegn om Maria Magdalena. Som tatt frå Dan Brown? Ikkje heilt, men mykje i same gate.
Lat oss sjå litt på siste kapittel, der vi får høyre følgjande om Maria Magdalena.
Vi har sporet den svarte madonnaens opprinnelse tilbake til de forhistoriske morgudinnene. Disse gudinnene hadde en helt annen stilling enn det nye testamentets kvinner. Blant dem er det utelukkende Maria Magdalena som beholder en sterk stilling. Alle skrifter som fremholdt hennes betydning, har imidlertid blitt utelukket fra Bibelen.[1]Det er jo for det første interessant at ein kan gje eit godt bilete av forhistoriske gudinner, all den tid det at noko er «forhistorisk» tyder at det kjem frå ei tid der «de skriftlige kildene er sparsomme eller altfor usikre til å kunne gi et dekkende bilde av historien.» Å kunne gje eit sikkert bilete av korleis det religiøse hirearkiet var med så mangelfullt kjeldemateriale er sjølvsagt umogeleg. Ein kan gjere kvalifiserte forsøk på dette, men det vert heller ikkje meir. At kvinnelege gudinner i polyteistiske religionar har sterke posisjonar er sjølvsagt riktig, men det har kvinnene i Det nye testamentet også. Der får vi høyre om kvinner som masar på Jesus, som vert kalla apostlar, som tar på seg å føde Gud på jorda, som får heile huset sitt til å bli døypt og overtalte Paulus og dei som var med han til å bli hjå dei[2] og så vidare. Ikkje minst får vi høyre om Maria Magdalena og korleis ho får sjå den oppstandne Kristus og får i oppgåve å fortelje dette til disiplane som var redde og hadde gøymt seg.
Men Maria stod utanfor ved grava og gret. Som ho gråtande bøygde seg fram og såg inn i grava, fekk ho auge på to kvitkledde englar som sat der Jesu kropp hadde lege, ein ved hovudet og ein ved føtene. «Kvifor græt du, kvinne?» spurde dei. Ho svara: «Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han.» Då ho hadde sagt dette, snudde ho seg og såg Jesus stå der; men ho skjøna ikkje at det var han. «Kvifor græt du, kvinne?» spør Jesus. «Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var gartnaren, og sa til han: «Herre, er det du som har teke han bort, så sei meg kvar du har lagt han, så eg kan ta han med meg.» «Maria», seier Jesus. Då snur ho seg til han og seier på hebraisk: «Rabbuni» – det tyder meister. Jesus seier til henne: «Rør meg ikkje, for enno har eg ikkje stige opp til Far. Men gå til brørne mine og sei til dei at eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud.» Då gjekk Maria Magdalena til læresveinane og sa til dei: «Eg har sett Herren!» Og ho fortalde dei kva han hadde sagt til henne. [3]Maria Magdalena var den første som såg Jesus som hadde stått opp frå grava og det var ho som fekk i oppgåve å vere den første som spreidde evangeliet opp oppstoda frå dei døde. Bortsett frå at «[a]lle skrifter som fremholdt hennes betydning, har [...] blitt utelukket fra Bibelen»...
Vår Frue av Czestochowa Biletet er lånt frå katolsk.no |
Den svarte madonnaen kan minne oss om at menn og kvinner er likeverdige deler av en androgyn helhet. Menn trenger å bli klar over det feminine prinsippets makt, ellers blir de styrt av det i sin underbevisthet. Konger og paver har tilbedt de svarte madonnaene i Le Puy, Rocamadour, Montpellier, og Chartres gjennom alle tider».[9]Tilbedinga har sjølvsagt skjedd medan ein har oversett at dei var svarte og aktivt motarbeida tilbedinga...
Forfattaren avviser at den svarte fargen kan kome av materialet statuane var laga av, sot frå lys og røykelse, kunstnarar som meinte at folk i Palestina var svarte og liknande grunnar. Ho seier derimot:
At den svarte fargen har en symbolsk betydning, blir imidlertid åpenbart hvis man setter den svarte madonnaen i relasjon til Den store mor i religionene som eksisterte før kristendommen i middelhavsområdet. Kanskje madonnaen er svart fordi hun er en jordgudinne. Den svarte jorden er den rikeste og mest fruktbare. Kanskje hun er svart fordi hun i likhet med den indiske Kali symboliserer den svarte natten og døden samt alt det skjulte som har vært knyttet til kvinnelige krefter i vesterlandsk kultur. Ifølge det forhistoriske morgudinneprinsippet er døden et frø til nytt liv.»[10]Så går ho gjennom Høgsongen, kabbalistiske middelaldermyter om Lilit og ulike gudinner og ulik naturtru. Forfattaren meiner desse vert samla til den svarte madonnakulten på 1100-talet, og vert innført av krossfararar som kom heim. Ho presenterer også ein hypotese vi nok delvis kjenner frå før. På 1100-talet vart organisasjonen Notre Dame de Sion etablert. Denne skulle få merovingane attende på den franske trona, og dei tilbad den svarte madonnaen. Kvifor gjorde dei det? Jo, selskapet kjente den store sanninga, nemleg at Maria Magdalena, den nye dronninga av Saba, bar Jesus sin arving i magen då ho gjekk i land i Frankrike. Med seg hadde ho også ei egyptisk tjener, Sara. Sara bind saman Maria Magdalena og Isis, og Maria Magdalena skal ha blitt kalla for Den egyptiske Maria. Og kjelda til dette? Ingen ringare enn den kjente falsknaren Pierre Plantard.[11]
Isis og Horus. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
At identifikasjonen av eventuelle gamle bilete som noko anna enn Maria og Jesus skulle kunne halde seg i samfunn som var prega av analfabetisme og ein ny religion er ikkje særleg truverdig. Då er det meir truverdig det mariaforskaren Michael P. Duricy seier:
We may even wonder whether pagan statues of Mother and Child were thought to represent someone other than the Virgin Mary and her Son, Jesus. For Christians, Mary is "The Woman" (cf. Jn 2 and 19). Similarly, the only child worthy of special note is "The Christ Child." Lacking explicit identification, it seems natural that Christians read these perspectives into any art they saw. In fact, it seems that Eusebius of Caesarea took advantage of this predisposition and, sublimating any pagan roots [which he considered likely], used an image of the black Madonna as preparatio evangelii or evangelical preparation, a readily accepted introduction to the full Christian mystery, which is indeed centered on the Word's Incarnation through Mary.[13]Dette samsvarar med det forfattaren sjølv seier, og det gjer det endå meir underleg at ho likevel meiner at desse svarte madonnaene viser at det har vore ei levande tru på ei gudinne i Europa fram til vår tid. At ikonografi kan ha røter attende, er ikkje eit prov på at trua som har vore har blitt med vidare, men bør heller lesast som teikn på at kristendomen har inkulturert kunsten, slik vi har sett kristendomen gjere med mange ulike fenomen på mange ulike stader i verda.
Svart madonna gav meg altså ingen kunnskap om korleis desse svarte madonnabileta har kome inn i det kultiske livet i Europa og delvis fått ein så framtredande plass. Boka gav meg derimot eit strålande innblikk i det ny-gnostiske vrengebiletet på historia og korleis ein kan kome med utsegn som står steilt mot kvarandre, som at kyrkja skal ha motarbeida desse bileta samstundes som pavar har dyrka dei, og kjem opp med ein underleg konklusjon på bakgrunn av dette.
«Gnostikerne, representert ved Maria Magdalena, tilber en guddom som er både mannlig og kvinnelig og tjent av prester av begge kjønn.»[14] hevdar forfattaren i konklusjonen sin. Thomasevangeliet, eit skrift som kjem frå Nag Hammadi-funnet, eit skriftfunn som stort sett omfattar gnostiske skrifter,[15] har dette å seie om kvinner:
Simon Peter sa til dem: Maria må forlate oss, for kvinner er ikke livet verdig. Jesus sa: Se, jeg skal lede henne og gjøre henne mannlig, slik at også hun blir en levende ånd som er lik med dere menn. For hver kvinne som gjør seg mannlig skal komme inn i himmelens rike.[16]Eg vil hevde at synet på Maria Magdalena, og alle andre kvinner, er mykje betre i dei kanoniske evangelia enn det ein finn i dette skriftet med gnostisk tilknytting.
Om nokon av lesarane skulle ha tips om ei god bok om desse svarte madonnabileta tar eg imot tips med takksemd.
Eg har nok uansett tatt meg vatn over hovudet når eg forsøker å seie noko om denne boka, for som det vert slått fast: «Å overvurdere sitt intellekt er en typisk mannlig egenskap.»[17]
Fotnoter
[1] Görel Cavalli-Björkman, Svart Madonna, Pax 1998. Side 108
[2] Apg. 16, 14-15
[3] Joh. 20, 11-18
[4] Svart madonna, Side 12
[5] Ibid
[6] Ibid, Side 13-16
[7] Ibid, Side 104-106
[8] Ibid. Side 81-89 (fleire heile sider med bilete imellom teksten)
[9] Ibid. Side 110
[10] Ibid, Side 12
[11] Ibid, Side 48-50
[12] Ibid, Side 25
[13] Black Madonnas
[14] Svart madonna, Side 108
[15] Halvor Moxnes i innleiinga til Apokryfe evangelier i Verdens hellige skrifter, 2001 Side XXIII
[16] Apokryfe evangelier i Verdens hellige skrifter, 2001, Side 56.
[17] Svart madonna, Side 9
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar