tirsdag 28. august 2012

Moses den svarte

Moses den svarte.
Biletet er henta frå St. Moses the Black Priory.
Det byrjar å bli lenge sidan St. Isidors minne har markert ein helgendag, men i dag er det på tide å gjere det att. Ein kan sjølvsagt seie at den naturlege personen å minnast i dag ville vore St. Augustin, men vi skal sjå på ein av dei såkalla ørkenfedrane, nemleg Moses den svarte.

Moses var i utgangspunktet slave i Egypt, og etter å ha blitt anklaga for tjuveri og drap, vart han leiar for ein valdeleg bande som herja i Nildalen. Ein gong han var på flukt frå styremaktene, gøymde han seg i eit kloster. Han vart gripen av liva deira, og etterkvart vart han kristen og gjekk inn i munkelivet. Dette var eit vanskeleg val for han, då han hadde stor eventyrlyst, og ikkje klarte overgangen til munkelivet så fort som han skulle ønske.

Uansett vart han ein namngjeten munk, og vart også, som ein av få ørkenfedre, ordinert som prest. Han vart leiar for ein koloni med einebuarar. Desse fekk høyre at ein gruppe bandittar ville overfalle dei, og ville forsvare seg. Moses forbaud dette, og bad dei heller om å flykte. Sjølv vart han att saman med sju andre. Dei tok imot bandittane som vener, men bandittane drap dei alle saman. På grunn av dette, og det at han sjølv vann over sin eigen valdsbruk, vert han kalla ein apostel for ikkje-vald.

Eg kjenner lite til ørkenfedrane, men denne dagen gav meg eit påskot til å lese litt i The Desert Fathers, Sayings of the Early Christian Monks. Der finn ein følgjande lille forteljing om Moses:
In Scetis a brother was once found guilty. They assembled the brothers, and sent a message to Moses telling him to come. But he would not come. Then the presbyter sent again saying, 'Come, for the gathering of monks is waiting for you.' Moses got up and went. He took with him an old basket, which he filled with sand and carried on his back. They went to meet him and said, 'What does this mean, abba?' He said, 'My sins run out behind me and I do not see them and I have come here today to judge another.' They listened to him and said no more to the brother who had sinned but forgave him.[1]
Kloke ord om eiga synd og eit radikalt døme på ikkje-vald. Moses den svarte er eit spanande døme på kristuslikskap i kyrkjehistoria.

[1] The Desert Fathers, Sayings of the Early Christian Monks, Penguin Books, 2003. Side 85.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar