onsdag 22. august 2012

Den umogelege kombinasjonen

Min gamle organisasjon, Norges Kristelige Studentforbund, skal arrangere noko dei kallar for «Raus folkekirkehelg». I denne samanhengen skal det også vere lansering av den kristne tankesmia Kristen og progressiv. Denne kombinasjonen av folkekirketanke og det ein tidvis kaller radikal teologi, tidvis progressiv teologi og tidvis omtalar med andre namn er noko Forbundet har halde seg med lenge, og er ein kombinasjon eg meiner er umogeleg, for ein freistar å foreine to storleikar som er gjennsidig utelukkande.

Det er sjølvsagt vanskeleg å gå særleg inn i kva Kristen og progressiv vil stå for, då tankesmia framleis ikkje er lansert, og per no kun består av ei tom nettside, og «progressiv teologi» kan tyde både det eine og det andre. Slik er det også med ordet «folkekyrkje». Ulike folk og grupper vil leggje ulike ting i ordet. Eg må difor definere kva eg meiner med dei ulike orda. Med «folkekyrkje» vil eg forstå ei forståing av kyrkja der ein held seg med ein stor medlemsmasse som i stor grad er passive og relativt likegyldige til det som skjer i kyrkja. Svært mange av medlemmene vil ikkje ha noko uttala høve til eiga tru, men kjem til kyrkja for livsriter. I «folkekyrkja» meiner ein at desse medlemmene må kjenne seg som fullverdige medlemmer og må ha like mykje å seie som dei som er meir engasjert i livet i kyrkjelyden. Når det gjeld «progressiv teologi» er dette eit stort område, men på Facebooksida til «Raus folkekirke», ein allianse av organisasjonar som Forbundet er sentral i og som eg reknar har noko med arrangementet i helga å gjere, kan ein lese følgjande som deira målsetting:
Vi vil at:
At likestillingsloven skal gjelde, uten unntak, for Den norske kirke
At Den norske kirke skal vedta en felles ekteskapsliturgi for homofile og heterofile
At Den norske kirke skal arbeide for mindre sosiale og økonomiske forskjeller i Norge og i verden forøvrig
At alle menighetene skal miljøsertifiseres og at det kun skal brukes rettferdig kaffe i kirkelig regi
At Den norske kirke skal være åpen for alle som søker dens fellesskap
At Den norske kirke skal være styrt av sine medlemmer gjennom åpne og demokratiske prosesser
At Den norske kirke aktivt skal søke samarbeid med sosiale bevegelser som arbeider for global rettferdighet, fred og menneskerettigheter, og være en tydelig stemme i kampen for et verdig liv for alle
At Den norske kirke skal behandle alle likt uavhengig av kjønn, alder, seksuell orientering, sosial status og etnisitet
Personleg ville eg ha formulert meg skarpare og sagt noko om marginaliserte grupper, vore mykje skarpare på miljø og også sagt noko om religionsdialog/teologi og kanskje og andre ting, men i grove trekk kan eg bruke dette som ein definisjon på «progressiv teologi».

Problemet er at i denne definisjonen av progressiv teologi, vil ikkje ei folkekyrkje kunne forbli «progressiv», om ho i det heile kjem til eit punkt der ho kan kallast «progressiv».

I samband med kyrkjevalet i fjor mobiliserte Raus folkekirke for å få folk til å stemme på «sine» kandidatar, noko også MorFarBarn gjorde. Særleg Raus folkekirke vendte seg til dei som ikkje er aktive i kyrkja, men brukar henne som «seremonimeister», slik som i denne artikkelen frå Gaysir:
Dette er et kirkevalg som er viktig for flere enn de som går i kirken hver søndag.

- De fleste nordmenn bruker kun kirken ved de store begivenhetene i livet; dåp, konfirmasjon, bryllup og død. Dette er jo snakk om en av disse store begivenhetene, og vi skal bestemme om dette er noe alle skal ha muligheten til, eller om diskrimineringen skal fortsette, sier Håvard.

Derfor mener han alle bør stemme.

- De fleste heterofile ønsker jo å gifte seg i kirken, så jeg tenker at mange homofile også ønsker det. Jeg ønsker i hvert fall å gifte meg i kirken, sier han.
I akkurat denne saka vil nok Raus folkekirke, som med sin teologiske plattform må seiast å vere ein «progressiv» eller «radikal» organisasjon, ha «folkekyrkja», forstått slik eg definerte henne over, med seg. Altså at den store massen av passive kyrkjemedlemmer er einige med den progressive teologien.

Problemet er at slik vil det sjeldan vere. Miljøsaka bør vere ein særs viktig sak for einkvar progressiv eller radikal kristen. Mellom ungdom går interessa for klimakrisa nedover. Unge trur heller ikkje klimaendringane er menneskeskapte, og vil ikkje ofre noko for å gjere noko med klimaet vårt. For ei medlemsstyrt folkekyrkje, forstått som ei kyrkje styrt av eit representativt utval av den store massen slik Raus folkekirke freista å mobilisere, vil derfor ikkje kyrkja ta kampen for miljøet. Kyrkja vil verte ei miljøsinke og den progressive teologien forsvinn.

Ungdom er heller ikkje villige til å ta grep for å hindre fattigdom i andre delar av verda, over 90% av befolkninga i Norge meiner at den strenge innvandringspolitikken vår bør vere slik han er eller endå strengare, 75% vil ha tiggarforbod og slik kan ein ta det vidare.

Saken er at det ein kjemper for i progressiv teologi, det ein meiner Jesus kallar oss til, ikkje er det «folk flest», altså den store medlemsmassa i folkekyrkja, meiner. Hadde det vore slik, hadde ein ikkje trengt å kjempa for det. Ei folkekyrkje i si reinaste form vil ikkje kjempe for rettferd, for ho består av folka som skapar uretten. Ho vil ikkje kjempe for dei marginaliserte, for ho består av folka som marginaliserar. Ho vil ikkje kjempe for miljøet, for ho består av folk som ikkje trur det er vi som har skuld i klimakrisa. Ho vil ikkje ofre noko for å hjelpe dei som treng det, for ho består av folk som har nok med seg sjølve og sin rikdom.

På grunn av dette kan eg ikkje forstå korleis ein kan kombinere progressiv eller radikal teologi med folkekyrkjeideologi, slik eg forstår det, og slik ein også kan finne spor av i Raus folkekirke sin argumentasjon. Forbundet, slik eg kjenner det, har tradisjon for å stå med ein fot i folkekyrkjeleiren og ein i den radikale leiren. Organisasjonen står i ein stolt kristenradikal tradisjon, og om ein dyrkar denne har ein spanande ting å bidra med inn i kyrkja. Om ein derimot jobbar for hardt for folkekyrkja, slår ein beina under sitt eige prosjekt. Då risikerer ein å gjere kyrkja til eit uinteressant minste-sams-multiplum i samfunnsdebatten og ein seremonimeister for passive medlemmer. Kyrkja har potensiale til å vere ei viktig stemme i samfunnet. Ei stemme som kan rope ut om samfunnet sin urett, slik dei gamle profetane gjorde det. Eg vonar Kristen og progressiv kan bidra til dette i staden for å gå under i folkekyrkjetankar, og eg vonar Forbundet kan sjå at den kristenradikale tradisjonen er best tent med at ein jobbar for radikale kristne, ikkje passive kyrkjemedlemmer. Radikale kyrkjeaktive har eit stort potensiale i samfunnet som motvekt til dei haldningane som er veksande rundt oss, haldningar som ikkje er radikale eller i tråd med Jesu lære om nestekjærleik.

Det er som sagt vanskeleg å diskutere noko som ikkje har blitt lansert, og eg kan ta feil i premissane mine. Uansett er den umogelege kombinasjonen mellom radikal/progressiv teologi og folkekyrkjeideologi noko ein ofte møter på, men ein kombinasjon kanskje Kristen og progressiv kan vere med på å vise at er sjølvmotseiande.

Etter at denne bloggposten vart skrive, har Vårt Land også skrive om dette. Også i denne artikkelen vert den umogelege kombinasjonen mellom folkekyrkjetanke og det dei her kallar «kontekstuell, liberal teologi».

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar