torsdag 7. juni 2012

Irland - Landet der relikviene ikkje får vere i fred

Denne gongen var det dette relikvieskrinet tjuvar tok med seg.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Ved tidelegare høve har St. Isidors minne tatt på seg å opplyse om kva som skjer med relikviene i Irland. Der har det i det siste nemleg skjedd underlege ting med det eine relikvie etter det andre. Endå ein gong har ei relikvie blitt henta ut frå ei kyrkje av folk som strengt tatt ikkje skulle ha det, og sidan det er grunn til å tru at norske bladfykar heller ikkje no vel å omtale dette tar St. Isidors minne samfunnsansvar.

I helga spaserte ein mann inn i St Manchan's Church. Han gjekk fram til relikvieskrinet etter den heilage Manchan, drog ei hette over anletet, tok på seg hanskar og braut seg inn i monteret der sjølve skrinet stod. Så røska han det laus frå festa og bar det 30 kilo tunge skrinet ut medan alarmen hylte. Ute stod det ein bil og venta på han, og tjuvane forsvann med skrinet. Heile tjuveriet vart filma av overvakingskamera og tok rundt 65 sekund. Skrinet tjuvane tok med seg er rundt 900 år gamalt og er verdt rundt 20 millionar euro. Det vart laga av munkar på 1100- talet og skal vere det flottaste relikvieskrinet i Irland og noko av det finaste ein har av kristen kunst frå middelalderen.
Tidlegare om relikvietjuveria i Irland
*Relikviesamlar på ville vegar? (6. mars)
*Relikvier mot fyllesjuke og for auka potens? (27. april)

Denne gongen tok politiet det ein reknar med er tjuvane i løpet av kort tid. Dei fann ikkje skrinet saman med dei, men heldigvis kom dette til rette litt seinare. Sansynlegvis i uskadd stand. Politiet reknar ikkje med at det er ein undergrunnsmarknad for slike ting, men ser for seg at ein ville bruke skrinet til utpressing eller liknande.

Frå før har kyrkjene i Irland opplevd at folk har henta ut ein bit av krossen til Jesus og kisten til skallen til Brigida. Krossbiten kom attende, men det gjorde ikkje hjarta til Laurence O'Toole som vart stole i mars. Politiet ser sjølvsagt ein samanheng mellom desse sakene, og dei som forsynte seg av helgenskrinet i helga måtte også snakke om hjarta frå Dublin.

Desse relikvietjuveria i Irland er underlege greier, og vi får inderleg vone at ein snart finn att hjarta og at relikvietjuveria tar slutt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar