mandag 2. april 2012

Det liberale hykleri

Kvifor får reggae fram meir sinne enn metal?
Tsjuder og Sizzla.
Det er påskeveka og tradisjonen tru går metalfestivalen Inferno av stabelen. I samband med denne festivalen kjem det fram eit tydeleg paradoks i dagens «liberale» samfunn. For nokre dagar sidan mobiliserte miljøet rundt LLH og Skeiv Ungdom for å stoppe reggaeartisten Sizzla som skulle spele på Rockefeller på grunn av tekstane hans, der han mellom anna kjem med sterke oppmodingar til drap på homofile. Dei lukkast ikkje i å stoppe konserten, men han vart flytta til ei mindre scene. Journalisten Lene Wikander seier at «Det er en skandale at en artist som Sizzla får fremføre et slikt budskap fra en norsk scene». Rockefeller på sin side ville etter kvart ikkje ha konserten, på grunn av dei absurde haldningane mannen har til homofile.

No i veka går bandet Tsjuder på scena som ikkje ville ha Sizzla på grunn av tekstane hans. Tsjuder kan slå i bordet med songen «Kill for Satan» frå plata med same namn som kom i 2000 med ny utgåve i 2005. Teksten har tekstlinjer som «Kill for Satan... Sacrifice» som det ikkje skal store fantasien til for å ta som ei oppmoding til drap. I 2004 gav dei ut plata Desert Northern Hell der ein finn denne «perla» av ein visjon for oss kristne i songen «Helvete»:[1]
Jeg kan se din skjebne
Du skal dø og forderve
Naglet til korset
Opp ned  
Jeg kan høre dine smerteskrik
Nar gribbene begynner a spise
Og blodet tappes fra sårene
Hvor nagler penetreter kjøtt og ben  
Jeg kan føle din frykt
Når du innser at verken
Gud eller Jesus eksisterer  
Og der finnes ingen himmel
Du er en slave av svake sjeler
Der ikke klarer å stå på egne ben
Du er en parasitt blant oss staute
Deg sender vi til helvete[2]
Henta frå MySpace-sida til Kirkebrann.
Kven som skal nagle dei kristne til opp-ned-krossen er opp til lyttaren/lesaren å tolke, like eins kven som skal ta på seg å sende oss til Helvete....

Av andre band på festivalen i år kan ein finne bandet med det velklingande namnet Kirkebrann. Bandet kan skilte med bilete av brennande kyrkjer på MySpace sida si, så det er vanskeleg å ikkje ta dette namnet som eit ynskje, ein visjon eller kanskje eit trugsmål.

I fjor stod Mayhem på scena på festivalen, eit band som har hatt den drapsdømte Varg Vikernes på bass og for nokre år sidan spelte Emperor på festivalen, eitt av få band som kan skilte med å ha hatt ein som faktisk har drept ein homofil som medlem av bandet. Begge desse banda har sjølvsagt også vore sterkt knytta til kyrkjebrannar.

Det er altså ikkje vanskeleg å finne verken grove trugsmål eller nære band til drapsmenn om ein ser på årets festival og tidlegare festivalar.

Poenget mitt er ikkje at desse banda ikkje skal få spele, verken reggae- eller metalbanda. Det er heller ikkje at desse artistane absolutt bør få ein mikrofon til å spreie hatet sitt. Poenget mitt er å stille spørsmål med kvifor ein hiv ut ein mann som kjem med trugsmål mot homofile medan ein lar dei som kjem med trugsmål mot kristne få spele. Er dette eit utslag av at ein ikkje tar metalscena på alvor, noko eg delvis også trur det er, eller er det eit utslag av at det er greit å truge kristne men ikkje homofile?

Homofile på Jamaica og andre stadar, vert utsett for grov vald, det er det ikkje tvil om. Samstundes er det heller ingen tvil om at kristne over heile verda dagleg vert utsett for svært grove overgrep, også drap. Trugsmål frå metalband har ein tidlegare sett at ikkje berre er ord. Kyrkjer har brent og folk har blitt drepne. Dette skil seg ikkje frå trugsmåla frå dei homofobe på Jamaica på nokon måte. Så kvifor er det slik?

Mi hypotese er: Det er greit å bruke kristne som hoggestabb, medan homofile er ei gruppe der det «liberale» samfunn ikkje let noko kritikk gå uimotsagt. I vårt «liberale» samfunn er det nokre ting ein ikkje kan gjere for å vere «liberal», og mellom dei tinga er å stille spørsmål rundt homofili. Kristne er derimot ei gruppe ein bør kritisere, og av dei tinga ein heller ikkje bør gjere for å vere «liberal» er å forsvare kristne.

No er det langt meir enn å stille spørsmål denne Sizzla gjer. Eg vil ikkje på nokon som helst måte bli tatt til inntekt for denne mannen og haldningane hans. Samstundes er det han kjem med tilsvarande dei haldningar ein finn mellom mange metalband, berre at der gjeld det kristne og/eller andre religiøse, og der får trugsmåla gå heilt utan at artistane vert kasta ut av konsertstadane. Eg har store vanskar med å forstå kvifor ein godtek trugsmål mot ei gruppe, men ikkje mot andre grupper. Trugsmål er trugsmål og bør verte møtt med den same avskyen same kven dei er retta mot.

Probelmstillinga kjem tydeleg fram her i reaksjonane, eller mangel på reaksjonar, på trugsmål mot to grupper; her homofile og kristne. Det kunne like gjerne vore andre grupper som hadde illustrert det same poenget, nemleg at i det «liberale» samfunnet gjeld den «liberale toleransen» kun visse grupper. I denne saka kjem det til uttrykk i at ein stille godtek trugsmål mot ei gruppe som ikkje er ein del av den «liberale pakka», medan ein reagerer sterkt på like trugsmål mot ei gruppe som er ein del av denne «pakka». I eit liberalt, tolerant samfunn må alle grupper nyte godt av det same vernet mot trugsmål, anten det er ei gruppe som er populær eller upopulær. Når det ikkje skjer må ein spørje seg om samfunnet er så liberalt som ein hevdar og om det er slik at ein har eit tolerant samfunn som er ope for alle grupper.

Eg trur dette er eit utslag av eit problem vi har i samfunnet vårt, der det vi omtalar som «liberalt» og «tolerant» ikkje er nokon av delene, men eit intolerant tankesett der kun visse haldningar vert rekna som tolerante. Avvikande meiningar vert rekna som intolerante av det «tolerante diktatur». Dette er eit demokratisk problem som er svært skadeleg for samfunnsdebatten, og som på sikt kan føre oss inn i eit svært mykje mindre tolerant og liberalt samfunn. Det er det paradoksale med det «liberale» samfunnet: Det «liberale» står i fare for å ofre tankefridomen på toleransen sitt altar.

[1] Interesserte kan også lese teksten til «Sodomizing the Lamb» for eit sjarmerande innblikk i tekstuniverset. Denne vil eg ikkje sitere noko frå då slikt ikkje skal få plass på min blogg.
[2] Med forbehold om at den er rett transkribert på denne sida. Eg har fiksa litt på rettskrivinga.

2 kommentarer:

a-jay sa...

Det er en klar forskjell her. Å være kristen er tross alt noe man velger, og velger man å være kristen må man ta alle følgene av det, inkludert offentlig kritikk. Akkurat som man må tåle kritikk av ens standpunkt om man går offentlig ut med at man er feks SVer.

Slik jeg ser det går det å synge om å voldta en SVer og en kristen ut på det samme. Begge deler er avskyelige, men det ene er ikke verre enn det andre.

Å være homofil er derimot ikke et standpunkt, det er en seksuell legning som er bortimot umulig å endre, og som man må leve med enten man vil det eller ei. Da er det rimelig med en ekstra beskyttelse av homofile.

Arve Kjell Uthaug sa...

Alle må tola kritikk av eigne standpunkt; anten ein er SV-ar, homoaktivist eller kristen. Det blir stundom for lett å gøyma seg bak offerrolla, anten det gjeld religion, politikk eller (ikkje minst) seksuell legning.

Spørsmålet er derimot kor mykje eit samfunn skal tola av oppfordring til, uttrykte ønske om eller glorifisering av drap og vald mot enkelte grupper. Her synest eg ikkje argumentasjonen til a-jay om "legning" versus "standpunkt" er overtydande.

For det første vil eg tru det oftast er seksuelle handlingar, ikkje i seg sjølv seksuell legning, som gjer at personar er utsette. (Kva veit vi eigentleg om den seksuelle legninga til folk?) Og det er som kjent mange menneske, med ulike legningar, som vel å ikkje leva ut legninga si. Mange menneske ser det på den andre sida som bortimot umogleg å ikkje leva ut trua si på ein synleg måte. Og mange plassar i verda er t.d. menneske fødd inn ei eit kyrkjesamfunn, der det å bryta med dette er å bryta med tradisjon, familie, vener og (ofte) eiga overtyding.

I praksis trur eg ikkje verken norske kristne eller norske homofile pr 2012 treng særleg vern mot den slags songtekstar det her er snakk om. Lovverket gjev alle innbyggjarar eit vern mot direkte trugsmål, og det er vel nok.

Legg inn en kommentar