I forrige veke var eg ein snartur innom det som er att av Bokladen i Bergen. Det er alltid spanande å kome inn i den butikken, for der finn ein ting ein rett og slett ikkje finn i andre butikkar i Norge eg veit om, med eit hederleg unntak for St. Olav katolske bokhandel i Oslo. I Bokladen fekk eg meg ein triveleg prat, og gjekk ut derifrå med ei bok og nokre andre ting.
Boka har eg lyst til å seie nokre ord om. Christopher Jamiston si bok Ditt hellige rom. Klostervisdom for moderne mennesker kom på engelsk i 2006 og på norsk i 2009, så det er altså ikkje ei heilt rykande fersk bok utan at fem år på nokon som helst måte er lang tid i klostertradisjonen. Den er altså like aktuell, eller uaktuell, som då ho kom.
Jamiston er abbed i benediktinarklosteret Worth i Sussex. Dette klosteret er kjent for engelskmenn etter at det vart laga ein slags reality-serie derifrå. Reality-serien The Monastary vart ein overraskande stor suksess, og har også gått på TV her i Norden, dog utan å få noko særleg merksemd. Denne boka er ein slags oppfølging av serien, der Jamiston vil forklare klostervisdomen til nye folk.
Tanken hans er at ein ikkje treng å vere munk for å leve etter klostervisdomen og implementere delar av klosterlivet i sitt eige liv. Om ein meiner ein ikkje har tid til dette, er ikkje det ei orasking god nok for abbeden, då han argumenterer godt for at dette har ein valgt sjølv, og ein kan derfor velgje det vekk. Boka er ei innføring i korleis ein kan leve sitt eige liv nærare det ein finn skissert i Benedikts regel. Dette gjer Jamiston tidvis svært godt. Sæleg likte eg kapitla om kontemplasjon og det å vere lydig. Han viser på ein god og enkel måte kva som er kristen bøn og korleis ein kan bruke dette til å kome nærare Gud og høyre Gud, og han visert glitrande korleis det moderne, individualistiske samfunnet ikkje i så stor grad handlar om fridom til eigne val som vi likar å tru i vår tid. Også andre delar av boka har mykje visdom i seg, men det var særleg desse to kapitla som tala til meg.
Det er derimot ein ting eg stussar på, og som trekk ned heilskapen i boka for min del. Jamiston, og dermed forlaget, siktar seg inn på søkjande menneske, gjerne menneske utanfor kristendomen. Det er sjølvsagt prisverdig og noko fleire burde gjere. Jamiston skriv at «[de]nne boken vil hjelpe deg inn i det Benedikt lærer oss, men forutsetter ikke at du, leseren, er kristen. Det den derimot forutsetter , er at Benedikt og hans klostertradisjon er kristen.» (side 15) Presiseringa er grei, og boka legg aldri skjul på at den handlar om ein kristen klostertradisjon. Og nettopp på grunn av dette er eg skeptisk til kor godt den fungerar inn mot søkjande og dei som definerer seg utanfor kyrkja. Boka er slik eg ser det i bunn og grunn indrekyrkjeleg, men forsøker på ein måte å «kamuflere» dette. Eg trur boka ville blitt endå betre om Jamiston heller skreiv meir medvite til kyrkjefolket og heller skreiv ei anna bok, som ikkje er så tett knytt til Benedikts regel, til dei som er på leit. Det trur eg særleg dei søkjande hadde hatt større utbytte av. Eg trur ein treng noko kyrkjeleg kompetanse for å få eit godt utbytte av boka.
Ditt hellige rom er ei bok som eg vil tilrå til alle som har ein grunnleggjande kjennskap til kyrkjetradisjonen og vil ha inspirasjon til å leve eit meir disiplinert andeleg liv. Den er enkel og vis på same tid, og gjev fleire gode og enkle tankar til kvardagslivet for folk som er utanfor klosterlivet.