onsdag 24. mars 2010

The Violence of Love

I dag er det 30 år sidan Óscar Romero vart drepen medan han leia ei nattverdfeiring i San Salvador. Dette er mannen Vårt Land i dag kallar "Kirkens Che Guevara", ein mann som ofra livet i kampen for rettferd for dei fattige. Han har hatt mykje å seie forleis kyrkja i Latin-Amerika har utvikla seg og for folk i Vesten sitt syn på dei brutale regima i denne delen av verda. Han står att som ein av dei store kjempane i kampen for rettferd i verda, og kan med rette samanlikanst med folk som Martin Luther King Jr. og Dietrich Bonhoeffer.


Eg leita litt rundt på nettet, og snubla over boka The Violence of Love, ei samling av ting Romero sa medan han var i live. Heile boka kan lastast ned som pdf-fil gratis frå Plough Books. I denne boka fann eg eit lite stykke han skreiv eller sa 23. mars 1980, altså dagen før han vart drepen. Det høver godt no når fasten går mot slutten og vi snart går inn i påska. Med tanke på kva som skjedde med han dagen etter, får orda dessutan eit sterkt profetisk drag over seg.

Easter is itself now the cry of victory.
No one can quench the life that Christ has resurrected.
Neither death nor all the banners of death and hatred
     raised against him and against his church can prevail.
He is the victorious one!
Just as he will thrive in an unending Easter,
so we must accompany him in a Lent and a Holy Week
     of cross, sacrifice, and martyrdom.
As he said, blessed are they who are not scandalized
     by his cross.
Lent, thus, is a call to celebrate our redemption
     in that difficult combination of cross and victory.
Our people are well prepared to do so these days:
     all that surrounds us proclaims the cross.
But those who have Christian faith and hope
     know that behind this calvary of El Salvador
lies our Easter,
     our resurrection.
That is the Christian people’s hope.

Eit artig sidepoeng er at medan Den katolske kyrkje ikkje har kome i mål med nokon salig- eller heilagkåringsprosess, har Óscar Romero minnedag i dag i Evangelical Lutheran Church in America.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar