mandag 22. mars 2010

Sponsornamn og tekstreklame

NRK har bestemt seg for at dei ikkje vil bruke stadionnamn som Color Line Stadion, Komplett.no Arena og andre sponsornamn som Tippeligaen i sine sendingar. Dette er eit tiltak som det er vanskeleg å ikkje stille seg ambivalent til.

På den eine sida har eg stor sympati for at ein ikkje vil late kapitalen få snike inn gratisreklame i sendingane. Det er jo nettopp for å verte assosiert med dei store sigrane og kjenslelivet til ein heil by at kapitalen går inn med store summar i fotballen, noko som har som resultat at fotballen er i ferd med å verte øydelagt. Eg kjenner at gleda over å sjå Brann spele mot Viking synk i takt med at talet på bergensarar og siddisar på dei respektive laga går ned. Når eliteserien i Norge etterkvart består av tredjesortering av fotballspelarar frå heile verda, vert det vanskeleg for meg å engasjere meg. Dei lokale gutane er nesten borte frå alle laga, for klubbane vil utvikle utanlandske talent slik at dei kan selgje dei vidare med stor økonomisk vinst. Resultatet er lengre veg å gå for lokale spelarar og ei lausriving av laga frå lokalsamfunnet. Kvar vert klubbkjensla og klubbkulturen av? Ein spelar vert no rekna som ein veteran i ein klubb etter fire-fem sesongar. Eg meiner dette er i ferd med å drepe fotballen.

Ein annan side ved denne saka er at nokre av klubbnamna er store merkevarer i seg sjølve. Manchester United har ei årleg omsetjing som eg reknar med komplett.no ikkje er i nærleiken av, og også dei norske laga tenar store pengar på sal av supporterutstyr. Sidan fotballklubbane i dag er økonomiske prosjekt for investorar i like stor grad som dei er idrettslag som vil drive fysisk fostring i nærmiljøet, kan ein spørje seg sjølv kvifor NRK meiner dei kan skilje mellom dei ulike økonomiske aktørane på denne måten. Ein kan sjølvsagt argumentere med at laget faktisk heiter "Brann", men på akkurat same måte kan ein seie at stadionen faktisk heiter "Telenor Arena".

Eit siste poeng i denne samanhengen er korleis dei har tenkt å gjere dette når dei dekjer andre idretter. I langrenn har vi dei siste åra fått såkalla privatlag som har sponsornamn, og i sykling, ein idrett er heller ser på, har det vore tradisjon for fabrikklag i mange år, og no har alle laga namn etter hovudsponsoren sin. Laga har eit produktman, som ikkje lenger alltid er knytt til ein sykkelfabrikk, og det er det dei faktisk heiter. Tema Sparebanken Vest, Joker-Bianchi, Eusakdi-Euskatel, Rabobank, Team Designa Køken, Omega Pharma-Lotto og så bortetter. Korleis vil dei løyse dette? Vil dei kalle laga for dei svarte, gule og oransje laga? Formel 1 og rally har akkurat dei same utfordringane, sjølv om det her er reine fabrikklag.

NRK er i ferd med å male seg inn i eit hjørne dei ikkje kan kome ut frå med det aller første, samstundes er det grunn til å gje dei eit klapp på skuldra for at dei vil stå opp mot snikreklamen som idretten er gjennomsyra av.

Bilete henta frå Commons

2 kommentarer:

Unknown sa...

Eg hadde likt at A(N)RK hadde slutta med sponsing av idrettsprogram. Det irriterar meir enn at dei seier Aker Arena.
Sjølv prøver eg å seie eliteserien i staden for tippeligaen.

Jon Vidar

Steinar Sneås Skauge sa...

Heilt einig i at sponsorplakatane til NRK er ein uting.
Eliteserien høyrast uansett mykje betre ut enn Tippeligaen.

Legg inn en kommentar