torsdag 17. desember 2009

Kvinnelege prestar døyr tidlegare enn menn



Kristeligt Dagblad i Danmark gjev oss i dag ein sak som rett og slett er sjokkerande. Det viser seg at kvinnelege prestar i Danmark døyr tidlegare enn mannlege prestar. Dette er ein tendens som er stikk motsett av korleis det er i resten av samfunnet, der menn døyr før kvinner.

Kva i alle dagar kan dette kome av? Kan det vere tilfeldig, eller er dette eit resultat av at noko er hakkande gale i Folkekirken? Ein kan sjølvsagt håpe på at dette er tilfeldig, men eg trur ikkje det er det. Eg trur dette kjem som eit resultat av at høva for kvinnelege prestar ikkje er slik dei burde vere.

Kristeligt Dagblad skriv at det er eit likestillingsproblem i kyrkja i Danmark, og at det er langt fleire menn enn kvinner i leiande posisjonar.

Det hadde vore spanande å sett slike tal for Den norske kyrkja. Eg trur vi nok er flinkare på likestilling her enn i Danmark, utan at det er noko eg har og no kan slå i bordet med prov på. Men uansett om vi er betre, trur eg ikkje det er bra nok her heller.

Eg trur vi må sjå denne avsløringa frå vår systerkyrkje som ein vekkjar for oss også. Vi kan ikkje kvile og tenkje at vi har full likestilling i kyrkja og at dette ikkje angår oss. Samfunnet i Norge og Danmark har mykje likt med seg. Der kvinner i Danmark dreg mykje av lasset heime, gjer dei det i Norge også, og der dette slit ut dei danske prestane, gjer det det i Norge også.

Vi har ikkje nådd likestilling i kyrkja før kvinner og menn har den same mengda påkjenningar i tenesta og i heimen. Denne saka frå Danmark bør få konsekvensar for Den norske kyrkja. Det bør føre til at vi finn ut korleis det faktisk er her, og at vi tar likestilling på alvor att. Kanskje har rett og slett det at vi etterkvart har fått ein tilnærma lik kjønnsdeling i bispekollegiet vorte eit dekke for dei utfordringane vi framleis har for å kome fram til full likestilling i kyrkja?

Eit interessant apropos i denne samanhengen er at medan det kryr av mannlege prestar på Wikimedia Commons, er det nesten heilt umogeleg å finne bilete av damer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar