fredag 4. desember 2009

Den heilage Johannes av Damaskus


I dag, 4. desember, er det minnedag for Johannes av Damaskus. På pulten min på kontoret har eg eit ikon av han saman med St. Maximus, to av dei største forsvararane og forklararane av kristen tru og lære, for å minne meg om kva det er vi som kyrkje skal stå for.

Minnedagen til Johannes er noko å hugse på for alle kristne. Johannes var, som namnet seier, frå Damaskus, men påverknaden hans på kristendomen er langt større enn berre til Midtausten.

Johannes skreiv over 150 verkar om teologi, om religiøs utdaning, om hagiografi (Læra om dei heilage) og om filosofi. Han skreiv den første samanfatningen av kva kristen tru er, ei bok eg kan anbefale alle på det sterkaste. Det var den første samanfatningen, men ikkje mange har klart å gjere det betre etter han. Han var ein ivrig motkjempar mot monofysittane som hevda at Jesus berre hadde ein natur, og han var ein av dei største hymnediktararne kyrkja har hatt nokon gong. Fleire av hans songar vert framleis brukt av våre ortodokse søsken.

Det han kanskje er best kjent for i vesten, var at han var ein av dei strekaste forsvararane for bruk av bilete i gudstenester og kyrkjer under ikonoklasmen. Det var i denne strida han formulerte orda som seinare har vorte så snetrale i kristen forståing av kunst:
Det er ikke bildet vi tilber, men det som det representerer; æren som blir bildene til del, går til den ene Gud som er avbildet


Johannes døydde rundt 749, sansyynlegvis rundt den 5. desember. Utan han hadde ikkje Kyrkja sett ut slik ho gjer. Vi treng å hugse Johannes av Damaskus for at kyrkja skal halde seg i den rette trua som Johannes kjempa så hardt for for 1300 år sidan.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar