På St. Isidors minne har vi fleire gonger sett på prestar som langt frå var ein pryd for standen. I dag skal vi igjen møte ein mann som vart dømt frå både presteembedet og eigedom, men denne gangen er det snakk om ein helt. Ein verkeleg helt.
I 1694 dukkar det opp ein prest i Karlsøy, nord for Tromsø. Kvar han kom frå, når han var fødd og slikt veit vi ikkje, men vi veit derimot at han var gift med Rebecca Elisabeth Heggelund, niesa til kong Fredrik IV. Slike slektsband til monarkiet er ikkje noko eg brukar å henge meg opp i, men som vi skal sjå, vert dette ein viktig detalj i forteljinga om Michael Jensøn Heggelund.
Korleis Heggelund var som prest, veit eg ikkje. Som vi skal forstå var han høgt akta av lokalbefolkninga, medan ein mann som Thomas von Westen sa at han «kan ikke male herr Michael og hans menighet med tilstrekkelige mørke farger». Dette var mange av dei geistlege einige i, sjølv om dei måtte innrømme at Heggelund var eit stort medmenneske og gjorde det han kunne for å hjelpe dei som trengte hjelp, trass i at han sjølv ofte levde i fattigdom.
Og det er i dette at han gjorde det han kunne for å hjelpe andre at han viste seg som ein ekte helt. På våren 1701 kom ei sak opp for Helgøens tinglag. Anne Larsdatter stod tiltala for å ha fått eit barn utanfor ekteskap, og tatt livet av barnet rett etter fødselen. Ho vart dømt til å bli hengt før hovudet skulle setjast på stake til skrekk og åtvaring. Sidan amtmannen ikkje var tilstades under rettsaka, måtte ho vente i ni månader i fengsel for at han skulle stadfeste domen. Då amtmannen endeleg var ferdig i januar 1702 vart Heggelund med til fengselet for å møte Anne Larsdatter.
Då ho forstod kva som skulle skje fekk ho naturleg nok panikk, og Heggelund fekk stor medkjensle med henne. Han forsøkte å få utsett avrettinga, utan å lukkast. Det vart slått fast at den skulle skje neste dag. Det einaste han kunne gjere, var å følge henne til galgen dagen etter.
Då han kom til galgen ropte han ut over den store menneskemengda som var samla der: «Finnes det da i hele denne forsamling ikke en eneste som føler så mye medlidenhet med denne arme synderinne at han vil ta henne bort fra en så forsmedelig død?» Kva skulle dette bety, tenker du kanskje? Jo, det hadde seg slik, at skikken på den tida var om nokon ville gifte seg med den dødsdømte vart dødsdomen oppheva. Michael Jensøn Heggelund hadde ein plan!
For frå folkemengda ropte ein mann at han ville gifte seg med Anne Larsdatter, og ut frå mengda kom ein av tenestemennene til presten. Fullmektig Løvberg som var ansvarleg for avrettinga protesterte kraftig, men Heggelund tok på seg alt ansvar og skreiv ei trulovingserklæring der og då, før han tok med seg det nye paret heim til prestegarden.
Anne Larsdatter budde på prestegarden og jobba som barnepike og tjenestejente i fleire år. Noko bryllaup vart det derimot aldri, og det vart etterkvart klart for alle at heile trulovinga var noko Heggelund og tenesteguten hadde kome opp med for å redde henne.
Prosten i Tromsø såg også dette, og han sendte saka til regjeringa som vidare bad teologane på det teologiske fakultetet i København sjå på saka. Dei kom til at det var «ingen anledning, hverken i Guds lover eller kongens til denne herr Michale Heggelunds formastelse, at han under dekke av en forlovelse med en mannsperson som kom løpende og begjærte synderinnen til ekte på retterstedet, har villet forhindre eksekusjonen og 'justisius' fremgang etter en formell, lovmessig dom...» og så vidare, og så vidare. Heggelund fekk altså ikkje mykje støtte. Kvinna fekk derimot ei ny rettsak, då alt hadde blitt kludra til «ved sådan en prests misgjerning».
I 1704 vart Heggelund så dømt til å miste embedet og godset sitt. Han anka sjølvsagt, men båten anken var på forliste og det heile vart derfor rettskraftig før han fekk gjort noko meir. Og no kjem dei kongelege banda inn i biletet. Kona drog nemleg til København då dei fekk vite at Michael mista alt. Der fekk ho snakka med onkelen, og mannen fekk både jobb og gods attende.
Det skjedde ikkje før på hausten i 1706. Då hadde Heggelund allereie vore to år utan jord eller inntekt i tilleg til at det var uår i Nord-Norge, og han klarte ikkje byrden av å ha Anne Larsdatter buande hos seg lenger. Ho var nemleg no plassert i ei form for varetekt hos han. Ho vart derfor overført til varetekt hos lensmannen. Der satt ho truleg resten av livet. Ho vart på nytt dømt til døden i 1710, og truleg avretta i 1715. Trass i sin iherdige kamp tapte altså Heggelund.
Men Heggelund gav seg mest truleg ikkje med dette. I 1722 sat det ei ny kvinne i arresten. Kirsten Larsdatter hadde gjort seg skuld i same brot som Anne Larsdatter, altså tatt livet av sitt nyfødde barn. Ho vart dømt til å bli halshogd, og venta på avrettinga. Ei natt løfta nokon taket av arresten og fekk Kirsten vekk frå øya, over til fastlandet og ut av landet. Mest truleg var det heile arrangert av vår ven Michael Jensøn Heggelund.
I 1729, etter 35 år som prest på Karsøy (med ein aldri så liten pause, som vi har vore inne på....) døydde Heggelund. Karlsøy si kyrkjehistorie Kirke under nordlyset av Ulf L. Vinje seier det fint:
«Hans ettermæle bærer i seg en egen glans, en æra som forteller om en mann, et menneske som kjempet for nestekjærlighet, for rettferdighet mot urett og blind jus. Han trenger ingen bauta. Den reiste han selv den gangen han virket her ute.»
Kjelde: Kirke under nordlyset av Ulf L. Vinje, Karlsøy kulturkontor 1995. Side 58-64
Viser innlegg med etiketten Troms. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Troms. Vis alle innlegg
mandag 2. oktober 2017
mandag 25. september 2017
Endeleg ein skandale frå Manger
Manger har ei kyrkjehistorie dei kan vere stolt av. Dei har hatt Katarinakyrkja frå 1100-talet. Dei har hatt Michael Sars. Dei har hatt ei skeiv kyrkje som stod i fare for å dette ned. Og dei var ansvarleg for mannen vi skal sjå på no....
Ser ein i lista over prestar i Manger, finn ein ein kar med namn Hans Withe. Withte var nok ein bra fyr «der skal have havt et ikke ringe Ord for sin Lærdom.» Då kongen hamna i pengetrøbbel på 1700-talet kjøpte With like godt Manger kyrkje saman med kyrkjene på Sæbø, Hordabø og Herdla saman med alt av jord og godt som høyrde med. Og han tok faktisk godt vare på kyrkjene, ulikt mange andre kyrkjeeigarar. Han gjorde også andre ting enn å eige kyrkjer. Han lagde også ungar, og det er sonen til Hans vi skal sjå på no. I 1717 fekk Hans sonen Johan Whitte (eller White eller Withe....) saman med kona si Anna Maria medan dei budde på Manger.
Eg kom over Johan i festskriftet for Lyngen kirke i Troms frå 1981, då Lyngen kirke var 250 år. I 1747 dukka nemleg Johan opp som prest i Lyngen. Prestane i Lyngen hadde på den tida tittelen «misjonær», men vi heng oss ikkje opp i dette no. Han var berre i Lyngen i eitt år, før han det som vert omtala som «viktige» (med hermeteikn!) hendingar gjorde at han måtte til København. Det var jo artig å finne ein stril i Troms, men det var ikkje det som fanga merksemda mi. Det gjorde denne setninga om seinare prestegjerning i Bergen, der han «fikk vansker med myndighetene fordi han ekteviet hjemme i huset uten kgl. tillatelse». Dette førte, kanskje ikkje overraskande til suspensjon.
«Artig,» tenkte eg. «Kanskje finn eg meir om denne fyren?»
Og det gjorde eg! Her har vi å gjere med ein fyr som ikkje tar så tungt på autoritetar. Rundt 1760 byrja det å sirkulere eit skrift i Bergen. Skriftet tok for seg ei rekke av dei viktigaste personane i byen på denne tida og latterleggjorde dei i verseform. Skriftet gjev ein kanselliråd som hadde havna i klammeri med ein av prestane i byen heltestatus, medan presten, som hadde nekta kanselliråden nattverd, truleg ikkje kom så godt frå det heile. Skriftet solgte så godt ein kan vente seg frå denne type skrift, og måtte trykkast i nytt opplag. For å gjere heile saka verre, kom det fram at forfattaren var ein prest i Bergen med namn Johan Whitte. Vår man. Biskop Ole Tidemand tok affære. Vi kan gå ut frå at han gav Whitte ein kraftig oppstramming, og det gjekk mange brev mellom dei to i Bergen og kongens menn i København. Biskopen vart naturleg nok kraftig audmjuka av at skriftet, som vendte seg mot eliten, og prestane, i Bergen kom frå kyrkja sjølv, og for å gjere audmjukinga komplett vart vår mann, som ein underleg vri på heile saka, forfremma etter at han sjølvsagt fekk ei offentleg reprimande.
I 1762 vart han personalkapellan i Korskirken, og seinare res.kap. i same kyrkje, heilt til det igjen skar seg «fordi han uden kgl. Tilladelse copulerede hjemme i Huset». Det er ei formulering det er schwung over! «Uden kgl. Tilladelse copulerede hjemme i Huset»!
Johan Whitte døydde i 1775. Om han hadde kongelig tillating for dette, veit eg ikkje.
Så der har de den, Manger! De har ikkje berre Sars og den skeive kyrkja. De har også presten som skapte rabalder i bergenseliten og kopulerte utan kongeleg løyve.

Kategoriar:
Historie,
Historiske kuriositetar,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Nordhordland,
Troms,
Ubrukelege kyrkjefolk
mandag 10. april 2017
Svartekunster i Trondenes?
![]() |
I Trondenes kirke skal det ha gått føre seg! Biletet er tatt av Simo Räsänen og ligg på Wikimedia Commons. (CC BY-SA 3.0) |
Kanskje var det derfor det bryja å gå rykter om korleis han ordna opp då han i 1734 vart kalla inn til Trondenes for å stå skulerett for biskopen i Nidaros og alle prestane i «al Senjens Land».
Peller måtte svare for seg då biskopen hadde fått nyss i at han var for hard på flaska og hadde ein del andre praksisar som ikkje passa med embedet som sokneprest. Soga seier at Peller stod inne i kyrkja, saman med alle prestane i området og biskopen. Der vart han dømt til å miste kappe og krage, og sjølvsagt jobben i same slengen. Men Peller var ikkje rådlaus. Han tok opp ein mus frå hatten sin, (Kven går rundt med mus i hatten?) og denne musa skapte seg om til Satan sjølv. Eller kanskje det er meir rett å seie at Styggen hadde forkledd seg som mus? I alle fall steig han fram og fanga heile presteskapet i kyrkja, medan Peller sjølv gjekk sin veg. Etter ei stund fekk biskopen sendt bod etter Peller som, mot at han fekk fortsette som prest i Torsken, løyste både biskop og presteskap frå den heller kjedelege situasjonen dei var i.
Ein kan også lese om det som skjedde i visitasmeldinga til biskopen. Han skriv at Peller var kalla inn på teppet, og at han innrømma at han kanskje hadde noko å gå på med tanke på oppførsel. Dei andre prestane i prostiet bad om at Peller måtte få fortsette, og dette gjekk biskopen med på då han fekk eit skriftleg løfte frå Peller om at han mellom anna skulle halde seg vekke frå brennevin.
Ikkje eitt ord om sataniske mus i visitasrapporten, altså...
Så då er det opp til oss å vurdere kven vi trur på. Biskopen i domen i sør eller bygdefolket på Senja?
Kjelde: Torsken kirke 200 år 1784-1984.
Kategoriar:
Historie,
Historiske kuriositetar,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Troms
tirsdag 25. oktober 2016
Isbjørnkongen
Livet tok meg for ei stund sidan til Tromsø, og på eit obligatorisk stopp på ein av attraksjonane i byen kom eg over eit slags minnesmerke for Henry Rudi, mannen som har fått tilnamnet «Isbjørnkongen». Eg er svært usikker på om isbjørnane vart spurt då dei gav denne mannen namn, for det han gjorde får min forfar Tor Tarjeison Austad til å bleikne totalt. Austad tok livet av 65 bjørnar i skogane på Austlandet på 1800-talet. For dette fekk han kallenamnet «Den gjævaste bjønneskyttaren». Han når ikkje Isbjørnkongen til kneskålene ein gong, for Henry Rudi tok livet av 713 isbjørn på byrjinga av 1900-talet. For å klare dette var han gjennom heile 27 overvintringar i isaudet i nord.
No er eg ikkje tilhengar av å ta livet av bjørn anten den er brun eller kvit, men det er likevel eit imponerande stykke arbeid, og ein må sjå i augene at det var andre tider. 713 isbjørn og 27 overvintringar før det var snakk om helikopter, satelitt-telefonar og klede med gore-tex. Kva kan ein seie om ein slik mann?
Han har i alle fall ein rekord som ingen kjem til å slå, og godt er det. Tenk kva 713 isbjørn utgjer av dagens isbjørnar....

Reisebrev,
Troms
Abonner på:
Innlegg (Atom)