Det har vore stille frå St. Isidors minne i lang tid no. Men det er framleis kuriositetar å ta tak i, så det er for tidleg å skrive dødsattest.
Sidan det er så lenge sidan sist, passar det å ta for oss ein mann som kan få ein heidersplass i St. Isidors minne sin oversikt over ubruklege folk i kyrkjehistoria. Vi har allereie vore inne på gode døme på denne i kyrkjehistoria, og vi kjem sikkert innom fleire i framtida. Men det skal godt gjerast om den svenske presten vi skal møte no ikkje ragar høgt oppe når dei mest ubruklege, dustete, onde og skrotete kyrkjefolka skal kårast. Vi drar til Sverige for rundt 150 år sidan.
Anders Lindbäck vart født i 1803, og vaks opp i det som må ha vore ganske så streng fattigdom. I ungdommen tok ein onkel seg av han og sørga for at han fekk seg utdanning slik at han etterkvart vart prest, slik onkelen også var. Han vart ordinert i 1831, og jobba så som sockenadjunkt i tretti år. Eg trur sockenadjunkt var ei form for underordna prestestilling, men eg kan ta feil.
Så i 1861 fekk han sitt eige sokn og vart kyrkoherde, sokneprest, i Silbodals socken i Värmland som er sør-vest i Sverige. Og det var her det skar seg så grundig.
I Silbodal møtte han på stor fattigdom, som han sikkert kjende seg att i. Han ville hjelpe folket ut av fattigdommen og gjorde først mykje godt arbeid og vart populær. Då han såg på alkoholmisbruk som ein av grunnane til fattigdommen og derfor også angreip alkoholen fall nok populariteten hans. Han vart sikkert ikkje meir populær då han la ned kyrkjerådet for å få full kontroll på fattighjelpa. Men det skulle bli verre. Og det var truleg fattigstellet som førte til katastrofen.
Ein veit ikkje heilt kvifor han gjorde det han gjorde. Han sa sjølv at det var av barmhjertigheit. Han ville skåne folk for det harde livet. I retten sa han også at det var økonomien som gjorde at han tok vala han gjorde. For det var mange fattige å hjelpe. Og fattigkassa var ikkje så stor. Så då var det kanskje betre om det var færre folk å dele pengane mellom?
Hausten og vinteren 1864 dro Anders Lindbäck på heimebesøk til fattige i Silbodal. Der gav han dei nattverd, noko prestar ofte gjer. Der Lindbäck skilde seg frå sine kollegaer var at han hadde blanda arsenikk i vinen. Seks personar vart først forgifta av nattverden han gav dei. To av desse døydde. Foreløpig var det ingen som fatta mistanke.
Men så forgifta han ein barndomsvenn som verken var fattig eller sjuk, og plutseleg vart folk i stuss rundt kva som skjedde rundt denne presten. Ein grov opp det siste liket og fann ut at han hadde døydd av arsenikkforgiftning. Då grov ein opp fleire graver og fann ut at dette også gjaldt to andre.
Lindbäck vart sjølvsagt dømt, og han fekk dødsstraff. Den vart aldri gjennomført, for han hengde seg i fengselet 20. november 1865.
Eit praktdøme på ein kyrkehistorisk skroting, altså. Sokneprest og seriemordar. Heldigvis ein heller original kombinasjon. Og om det faktisk var slik at han gjorde dette for å få færre folk å dele fattigkassa på..... Det er noko ekkelt malthusisk over det som i såfall nesten gjer det endå verre...
Kyrkja var i alle fall ikkje betre før. Det er sikkert
tirsdag 13. november 2018
søndag 24. juni 2018
Då Cuba sitt fotballandslag spelte i tysk fjerdedivisjon
Bonner SC |
Etter at Fidel Castro tok makta på Cuba, har landet alltid vore håplaust dårlege i fotball. Noko av forklaringa på dette ligg i at spelarar som var gode nok til å spele utanfor Cuba og gjekk til utanlandske lag vart bannlyst frå landslaget. Dette gjorde at om ein ville spele på landslaget måtte ein ta til takke med dårlege kampar i serien i heimlandet. Altså fekk ein aldri fram verkeleg gode spelarar. Dette gjorde at då den første FIFA-rankingen for landslag kom i 1993, var Cuba på 159. plass. Sidan totalitære regime ofte ser på fotball som ein god propagandakanal, var det klart at noko måtte gjerast.
Eit anna lag som heller aldri har fått det til, er Bonner SC frå Bonn i Tyskland. Dei har stort sett halde seg mellom tredje og femte nivå i Tyskland. I 1998, medan Cuba var rangert som det 107. beste laget i verda, såg trenaren til Bonner, Hans-Robert Viol, ein video av ein kamp mellom Cuba og Brasil. Cuba tapte sjølvsagt, men Viol fekk det for seg at nokre av dei cubanske spelarane kunne passe hos Bonner SC, og han gjorde framstøt for å få dei til Tyskland.
Cubanarane ville halde laget sitt samla, og ville ikkje sleppe dei spelarane Viol bad om, så Viol gjorde det ein kvar optimistisk trenar ville gjort. Han sa at om han ikkje fekk hente to-tre landslagsspelarar, kunne han ta heile gjengen. Dette var tydlegvis ein tanke det cubanske fotballforbundet likte, for med velsigning frå Fidel Castro sjølv gav dei tommel opp til dette og sendte femten spelarar, ein kokk, ein tolk, ein massør og to trenarar til tysk fjerdedivisjon. Kravet frå det cubanske fotballforbundet sin side var enkelt nok for tyskarane å oppfylle: Spelarane skulle ikkje få løn. I staden fekk det cubanske fotballforbundet litt utstyr i betaling. Ballar og slikt. Og så håpte leiarane i Cuba at spelarane skulle lære tysk strategi, disiplin og anna som er kjekt å kunne, og bli eit knakande godt fotballag.
Vi har aldri høyrt noko særleg om det cubanske fotballeventyret etter 1998 i ettertid, og det er ikkje så rart. Ingen hadde noko erfaring med at eit heilt landslag meldte overgang til ein klubb i eit anna land, så det vart naturleg nok litt oppstyr i dei som held styr på regelverket i fotballverda. Bonner SC var så langt nede i systemet at regelen om berre tre spelarar utanfor EØS-området ikkje angjekk dei. Så den saken var grei. Dei kunne i teorien køyre med heile gjengen samstundes. Truleg var ikkje cubanarane særleg gode, for sjølv i ein treningskamp for eit lag på nivå fire i Tyskland, ser det ut som om berre fem cubanarar fekk spele.
Likevel var verken dei gamle spelarane på Bonner SC eller det tyske fotballforbundet særleg glade for opplegget. Fotballpresidenten i regionen greip til slutt inn og klarte å få nekta visum for gjengen frå Cuba, og mesteparten måtte dra heim att utan at Cuba sitt landslag vart ein sentral del av det tyske ligasystemet.
Nokre få cubanarar vart att og har gjort seg kjente gjennom store bragdar som å spele mot B-laga til klubbar som Köln og Borussia Mönchengladbach. Bonner SC rykka ned til nivå fem same sesong som dei hadde cubanarane på besøk, og Cuba rauk ut av neste VM-kvalifisering på straffer mot fotballstormakten Barbados.
Alt i alt ein total fiasko, altså. Men ein slik historie eg blir glad av.
Kjelde: FC FIDEL: WHEN CUBA JOINED THE GERMAN FOURTH TIER
Kategoriar:
Historie,
Historiske kuriositetar,
Humor,
Idrett
søndag 17. juni 2018
Fin bok frå Sumaya Jirde Ali
For ei veke sidan las eg den lille boka Ikkje ver redd sånne som meg av Sumaya Jirde Ali. Eg kjente at den greip meg. Det var ei god bok som fleire bør lese.
Sumaya Jirde Ali er sikkert kjent for dei fleste som rotar seg innom St. Isidors minne. Det er ho som vart årets bodøværing i fjor, ho som skriv i mange aviser og ho som vart møtt med ein skitstorm utan like før 8. mars i år. Ho er ein av dei vi kjem til å høyre mykje frå framover, tippar eg.
Ikkje ver redd for sånne som meg handlar litt om dette, men mest handlar det om å vekse opp som somalisk jente i Bodø. I alle fall er det det som sit att hos meg. Den glade oppveksten der ho vart akseptert i klassen og på skulen, men oppdaga at andre afrikanarar ikkje vart det. For dei var ikkje «ein av dei», som dei andre i klassen sa.
Dette temaet der Ali viser korleis ho, som etter alle solemerker for ein som berre har observert ho gjennom media er av dei sentrale i det norske samfunnet, igjen og igjen merkar at ho er ikkje heilt som «alle andre» vert sentralt. «Alle andre» ser ikkje på henne som ein av fellesskapen.
Ali er svart. Ho går med hijab. Ho er ung kvinne som kjem med klare meiningar offentleg. Ho er på mange måtar alt kommentarfeltbermen hatar inkarnert i ein person. Og på grunn av dette har ho blitt møtt med det mest avskyelege det norske samfunnet har å by på. Ho er innom dette, men som sagt er det ikkje det som greip meg mest.
Det er der ho skildrar korleis kommentarar om eller til andre muslimar eller innvandrarar går inn på henne, og der ho skildrar korleis ein muslimsk ungdom i Bodø må finne ut kvar ho høyrer heime i eit samfunn som ofte ser på henne som eit trugsmål og eit framandelement, og lar ho få høyre det. Kanskje ikkje så ofte i form av det som vert sagt direkte til henne, men gjennom alt som blir sagt om grupper ho er ein del av. Somaliarar, innvandrarar, muslimar. Ikkje minst gjer det inntrykk når ho skildrar korleis retorikken under flyktningekrisa høyrast ut for ein som sjølv har kome til landet som flyktning.
På desse områda ser eg for meg at det ho skriv er noko som svært mange vil kjenne seg att i. Ikkje berre innvandrarar eller muslimar, men også folk frå andre grupper som hamnar i unåde i det offentlege ordskifte. Eg trur at kjenslene ho skildrar er eit vaneg resultat av at vi lar kommentarfelta få gløde av stadig nye måtar å fortelje kor mykje ein avskyr andre folk, og gjennom dette også forme korleis vi snakkar om andre folk og grupper utanfor nettet.
Trolla i kommentarfelta vil aldri lese Ikkje ver redd sånne som meg. Men tenk om dei kunne det. Tenk om dei kunne forstå smerta dei skaper. Dei er kanskje redde, slik Ali hintar til med tittelen sin, som ho forøvrig har lånt frå ein kronikk skriven av ei kvinne som kom som flyktning under flyktningekrisa, men dei skapar jammen mykje frykt og uhygge også.
Har eg lært noko nytt av boka? Noko eg ikkje visste eller kunne tenke meg til? Kanskje ikkje, men å høyre korleis det kan opplevast å vekse opp som minoritet i Norge gjennom denne boka var uansett ei sterk oppleving.
Ikkje ver redd sånne som meg er berre rundt 90 sider. Ein les boka på kort tid, og ho er i tillegg skrive på gromspråket nynorsk. Ein har altså inga god grunn for å hoppe over denne boka. Derimot er det mange gode grunnar til å lese henne.
Kategoriar:
Bokmeldingar,
Litteratur,
Samfunn
torsdag 1. februar 2018
Fort Blunder
Ein høyrer frå tid til anna om «militær presisjon». Dette skal vistnok vere noko positivt, sidan dei grønkledde har ry på seg for å vite kva dei gjer. Lat oss ta ein kikk på det beste i militær presisjon.
Vi skal til 1816 og grensa mellom USA og Canada. Til Lake Champlain. Om vi står i USA er vi heilt nord-aust i staten New York, og er ein i Canada står ein i provinsen Quebeck. Mellom New York og Vermont ligg Lake Champlain, som også går inn i Canada, men vi held oss altså på vestsida av sjøen, og då er det New York som gjeld.
Frå 1812-1815 rasa Den britisk-amerikanske krigen, som slutta utan nokon klar vinnar. Amerikanarane bestemte seg for å forsterke grenseforsvaret sitt for å stå betre rusta i ein eventuell ny krig mot dei i nord, og det vart bestemt å bygge eit fort ved Lake Camplain.
Ein byrja å bygge eit åttekanta fort med ni meter høge murar. Her skulle ein kunne stå imot eit skikkeleg angrep. President James Monroe var på besøk og inspiserte det uferdige fortet og alt så fint og flott ut. Heilt til nokon tok ein ny titt på kartet...
Då ein eller annan luring bestemte seg for å sjå skikkeleg etter kvar fortet låg, viste det seg nemleg at fortet låg over ein kilometer inne på canadisk territorium. USA hadde nesten bygd eit skikkeleg solid grensefort for naboen dei nettopp hadde vore i krig med.
Naturleg nok bygde dei ikkje ferdig fortet sitt. Det vart etterkvart plukka ned av folk i området og brukt til meir fredlege hus.
USA bygde i staden Fort Montgomery, truleg etter å ha sett både to og tre gonger på kartet, og det første fortet har fått inn i historia med det treffande namnet «Fort Blunder». Eit klassisk døme på militær presisjon.
Kategoriar:
Historie,
Historiske kuriositetar
Abonner på:
Innlegg (Atom)