Mange kjenner sikkert salmen «Da jeg trengte en neste». Personleg er eg ikkje overbegeistra for denne salmen. Tekstmessig er ho grei, men melodien vert fort ganske... langdryg... Den godaste Carter har fått med denne salmen i både den noverande og den forrige salmeboka, men om berre ein av hans songar skal vere ein del av norsk salmekanon, burde det vere «Lord of the Dance».
Først nokre ord om Sydney Carter. Han var ein engelsk visesangar som hadde ein relativt blomstrande karriere, der han mellom anna jobba saman med Pete Seeger. Han skreiv ein del liturgisk musikk og songar for kyrkjebruk, og dette vart mykje brukt sjølv om Carter sjølv var notorisk omdiskutert på grunn av sin lauslege omgang med kyrkjelege dogme. Han vart til slutt gravlagt i Church of England, men såg kanskje meir på seg sjøl som ein kveker.
Shiva som Nataraja. «Dansens herre» eller «Lord of the Dance». Biletet er tatt av StaraBlazkova frå tsjekkisk Wikipedia og ligg på Wikimedia Commons. (CC BY-SA 3.0) |
Carter gjev tittelen «Lord of the Dance» til Jesus, og fortel om korleis Jesus dansar gjennom verda. Frå skapinga til oppstoda. Første vers i songen, der Jesus dansar under skapinga kan minne om orda frå Ordtøka 8, der visdomen leikar under skapinga. Vidare dansar han seg til stallen i Betlehem og vidare til krangel med farisearar, helbredingar, kall av læresveinar, krossfesting, oppstode og inn i liva til dei truande. Evangeliet fortalt med hinduistisk bruk av bilete. Alt med eit superfengande refreng.
Dance, dance, wherever you may beSydney Carter var som sagt ikkje så nøye på å holde seg innanfor grensene for etablert dogmatikk. Han sa sjølv dette om Jesus i songen, og kanskje finn vi her ei forklaring på kvifor vi ikkje har tatt han i bruk i Norge?
I am the lord of the dance, said he
And I lead you all, wherever you may be
And I lead you all in the dance, said he
I see Christ as the incarnation of the piper who is calling us. He dances that shape and pattern which is at the heart of our reality. By Christ I mean not only Jesus; in other times and places, other planets, there may be other Lords of the Dance. But Jesus is the one I know of first and best. I sing of the dancing pattern in the life and words of Jesus.
Songen er mykje brukt i engelsktalande kyrkjer. Og kvifor skulle han ikkje vere det? Dette er ein strålande salme. Sjeldan eller aldri har vel hinduisme og kristendom blitt kombinert på ein flottare måte!
Ta deg bryet med å lese teksten her, og høyr The Dubliners spele songen i filmen under. Eg trur ikkje dei har med alle versa når dei syng han, men når ein kan melodien klarar ein jo fint å synge sjølv. Denne songen må inn i norske gudstenester!