fredag 15. april 2016

«There is no just war!»

For dei av oss som held ikkjevaldeleg motstand for å vere den beste måten å møte ondskap og maktmisbruk på, har dei siste åra vert ei tung tid. For korleis møter ein noko som herjingane til Daesh og deira likesinna? Å snakke om ikkjevaldeleg motstand verkar lett som utopisk svermeri. Likevel vil eg ikkje sleppe denne tanken.

For meg er dette grunna ikkje berre i ikkjevaldeleg teori som From Dictatorship to Democracy av den amerikanske forskaren Gene Sharp, men i hovudsak av det eg forstår av Jesu lære. For meg er det umogeleg å forstå Jesus på nokon annan måte enn at ikkjevald følgjer som ein naturleg konsekvens av det han seier. Desverre har eg i hovudsak ikkje med meg kyrkja i dette synet. Rett nok har dei tre «fredskyrkjene» mennonittane, brødrekyrkja og kvekarane stått for dette i lang tid, og dei har også fått med seg ei og anna anna gruppe, men det er tynt i rekkene. John Howard Yoder, kanskje den teologen som har påverka meg mest, argumenterte strålande godt for saka, utan å få særleg mykje gjennomslag, kanskje fordi han var mennonitt? Ein han påverka, og som har hatt mykje større verkekraft er Stanley Hauerwas, som trass i at han vert rekna som ein av dei fremste teologane i dag, ikkje når gjennom med bodskapen i særleg stor grad. Den einaste som verkeleg har fått gjennomslag for ikkjevaldeleg motstand med kristen grunngjeving er nok Martin Luther King Jr., men av ein eller annan grunn forplanta ikkje den relativt suksessfulle taktikken hans seg til resten av kyrkja eller samfunnet i særleg stor grad. Kva som gjer dette, er veldig uklart for meg, då den tidlege kyrkja såg ikkjevald som det einaste rette. Det er derfor lett å tenkje at ikkjevald burde vore meir vanleg i teologisk tankegang.

Det er derfor veldig gledelege nyhende som kjem frå Den katolske kyrkja no. På den eine sida er det naturleg, då dei har fokus på historia og tradisjonen, og derfor lettare kan fiske fram kyrkjefedrene og den tidlege kyrkja. På den andre sida er det ei bombe. For dei kan vere i ferd med å forkaste læra si om rettvis krig. Ei lære dei kan spore til kolossar som Augustin og Tomas Aquinas. Og det sterke kreftar vil erstatte læra med, er ikkjevaldeleg motstand!

Det har blitt halde ein konferanse i Vatikanet denne veka. Ein skikkeleg storkonferanse arrangert av Det pavelege rådet for rettferd og fred og Pax Christi, med rundt 80 deltakarar. Og dei har verkeleg slått på stortromma i det dei seier når dei ber pave Frans om å omformulere læra om valdsbruk. «There is no just war», slår dei fast. Vidare seier dei at «Too often the 'just war theory' has been used to endorse rather than prevent or limit war, [...] Suggesting that a 'just war' is possible also undermines the moral imperative to develop tools and capacities for nonviolent transformation of conflict.» Så slår dei fast det eg har meint heile tida: «We need a new framework that is consistent with Gospel nonviolence» og foreslår at «the Catholic Church develop and consider shifting to a Just Peace approach based on Gospel nonviolence.»

Vi kan gje ordet til den ugandiske erkebiskopen John Baptist Odama:
I came a long distance for this conference, with a very clear mind that violence is outlived.
[...]
It is out of date for our world of today.
[...]
We have to sound this with a strong voice. Any war is a destruction. There is no justice in destruction. - It is outdated.
Kan det seiast betre? Og det heile vert endå sterkare når det kjem frå ein erkebiskop i ein region som har fått kjenne herjingane til Al Shabab og Boko Haram på kroppen.

Utsegna frå konferansen slår fast: «The time has come for our Church to be a living witness and to invest far greater human and financial resources in promoting a spirituality and practice of active nonviolence.» Dei seier også at dei har pave Frans med på laget, og at han er ivrig på å få ein endring på dette feltet. Og er det nokon som kan klare det, må det vere Frans.

Denne konferansen i Vatikanet som sikkert kjem til å bli heilt gløymt i norske media, er nok noko av det viktigaste som har skjedd i Kyrkja på aldri så lenge. For alle oss som ynskjer at dette skal vinne fram er det to ting å gjere: Ora et labora. Bøn og arbeid.

3 kommentarer:

Arve Kjell Uthaug sa...

Alle kan velja å ofra sitt eige liv. Men eit spørsmål som bør reisast til ein konsekvent ikkje-valdsteologi, er dette: I kva grad er det rett å ofra andre sine liv?

Vi har vel ingen rasjonell grunn til å tru at dei mest destruktive ideologiane og systema i verda vil smi våpna om til plogjern.

- Burde ikkje kristne menneske ha kjempa mot Hitler; burde dei heller late han halda fram med krigane og utryddingane sine?

- Bør ikkje den nigerianske staten bruka soldatar mot Boko Haram, som herjar landsbyar, slår i hel uskuldige og kidnappar småjenter?

- Når politiet kjem til ein skulemassakre, bør dei ikkje skyta gjerninsmannen, om det må til for å stoppa handlingane hans?

- Bør ikkje vi alle gripa inn om vi ser nokon som blir forsøkt drepne - sjølv om inngrepet må bli med fysisk makt, og i verste fall fører til at overgriparen døyr?

Spørsmålet mitt er om det å gjera ikkje-vald forpliktande for kristne, kastar dei svakaste til ulvane. Eg synest det var veldig bra at Martin Luther King jr. førte ein ikkje-valdeleg kamp. Men den kyrkjelege læra om "rettferdig krig" var vel aldri meint som løysing for borgarrettssaker. Spørsmålet om "rettferdig krig", og om noko slik finst, er meir relevant når det handlar om forsvar som nødverge mot invasjonar.

Eit lite apropos: Ifølgje Lukas 3 kjem det eit par soldatar til døyparen Johannes og søkjer omvending. "Kva skal vi gjera?" spør dei."Truga ikkje pengar frå nokon med vald eller falske skuldingar, men ver fornøgde med løna dykkar", svarar Johannes. Kvifor gav han dette rådet, i staden for å be dei tre ut av lønsforholdet?

Steinar Sneås Skauge sa...

Du kjem med gode og interessante spørsmål, Arve Kjell. eg vil forsøke å gje mine svar.

Du spør "I kva grad er det rett å ofra andre sine liv?" - Dette er eit grunnleggjande spørsmål, der svaret mitt vil vere at ein aldri har rett til å ofre andre sine liv. Men i dette legg eg også at i det ein tar eit val om å bruke dødeleg vald, også i forsvar, tar ein eit val om å ofre nokon andre sine liv. I dette scenarioet vil det då (om ein sjølve kjem frå det heile med livet) vere overgriparen sitt liv som vert ofra. Den potensielle valdspersonen sitt liv er like mykje verdt som andre liv, sjølv om denne personen er i ferd med å begå eit stort overgrep. Ingen andre enn den som vel å ta liv, kan stå ansvarlege for handlinga, heller ikkje den som vel å stå opp mot valden på ein annan måte enn med motvald. I eit scenario der dødeleg vald blir møtt med dødeleg vald, vil alltid minst eitt liv gå tapt. Nokon må derfor ta eit val om kven som skal ofrast. Og ingen har rett til det. Den einaste konstruktive løysinga er at alle avstår frå dødeleg vald, og at scenarioet vert løyst på anna måte. Og dette er sjølvsagt noko vi alle er skuldige til å gjere. Ikkje-valdeleg problemløysing bør derfor få langt større merksemd enn det får i dag, og burde bli obligatorisk for alle skuleborn, til dømes.

Eg vil ikkje seie at det er grunn til å tru at dei mest destruktive ideologiane i verda vil smi om våpena sine, men det er derimot grunn til å tru at dei vil "råtne på rot", slik det i stor grad skjedde med Sovjetunionen. Det kan ta lang tid, men eg trur ondskap har i seg si eiga kime til destruksjon. Det store problemet i verda, er ikkje dei destruktive ideologiane i seg sjølve, men at ein lar dei vekse seg så sterke at dei har eit stort skadepotenisale før ein gjer noko med dei. Då er ofte valdeleg konflikt den løysinga ein er tvungen til å ta. Om ein i staden for å byggje opp desse regima og ideologiane (Irak, Saudi-Arabia, Syria, Taliban, Zimbabwe osb) eller leggje til rette for at dei kan bli store og farlege (Nazi-Tyskland) heller jobbar aktivt mot dei med fredelege verkemiddel frå første stund, treng ein ikkje kome i desse situasjonane igjen og igjen.

Historia visar oss at vald avlar vald. Det er lett å seie seg einig i at Boko Haram ikkje kan få herje på slik dei gjer, men spørsmålet er om ikkje ein storstilt militæraksjon for å knekke dei vil slå forferdeleg attende om ei stund. Vi har sett dette med islamismen i Afganistan, Irak og Syria. Kvifor skulle det gå betre i Nigeria? Igjen er det ein situasjon der ein har latt det gå alt for lenge før ein har gjort noko, og når ein først vil gjere noko, gjer ein noko som historisk sett har vist seg å gjere ting verre på sikt. Eg trur det er betre løysingar enn vald. Eg veit ikkje kva dei er i dette høvet, men eg er viss på at om ein brukte ein brøkdel av summane ein brukar på våpenindustri og militæret på å i staden jobbe fram fredlege løysingar i situasjoner som denne, ville ei nå langt.


Du spør om Hitler, og jo, vi burde ha kjempa mot han. Men som du sikkert skjøner av det eg har sagt til no, burde dette ha skjedd mykje før og med andre middel. I staden la ein meir eller mindre til rette for det som skjedde, og vart pressa til ein krig mot ein diktator ein sjølve hadde blitt farleg. Eit anna poeng med Hitler og den krigen eg har lyst til å seie er følgjande, og her er eg på tynn is beståande av kontrafaktisk historieskriving. Eg har lenge hatt ein teori at den totale summen av liding kunne blitt mindre om ein ikkje gjekk til krig mot nazismen, men kjempa med andre middel. Det enormet talet på drepne i denne krigen er det vanskeleg å sjå for seg at kunne kome på annan måte enn gjennom denne type total krig. Hadde dette i såfall vore eit svik mot jødar, romfolk og andre som vart offer for galskapen til nazismen? Det er godt mogeleg.

Steinar Sneås Skauge sa...

Det vart for langt for progamvaren, så her kjem resten.

Til sist om det å gjere absolutt ikkje-vald til eit kristent imperativ. Dette er eit viktig poeng. Det er lett for meg å skrive desse orda. Det er mykje vanskelegare for kristne som er truga av ulike formar for valdsbruk å leve etter dei. Kirkenes Verdensråd har jobba med dette i mange omganger, og dei har formulert seg på ein måte som eg ikkje kan sitere (for eg finn ikkje sitatet no) men oppsummere. KV seier at dei av oss som lever trygge liv, og som kjem til desse konklusjonane aldri kan dømme våre brødre og søstre som lever under heilt andre høve og som kjem til, eller vert tvungne til, andre konklusjonar. Det er for meg eit veldig viktig poeng. Ein kan ikkje sitje i trygge Norge og gjere ikkje-vald til eit universelt, kristent imperativ. Det vert eit overgrep mot dei svakaste.

Derimot kan, og bør, vi fremje ikkje-vald som problemløysingsmetode. Om ein vel å fokusere på dette i staden for militærindustrien, vil ein sjå ei betre verd. Om ein aktivt motarbeider undertrykkjande regime frå byrjinga i staden for å sjå på mogelegheiter for økonomisk profitt eller startegiske alliansar vil ein få færre slike regime i framtida. Det er ein lang veg å gå, men det skjer ingenting om ikkje nokon snakkar om at ein annan veg er både ynskjeleg og mogeleg. Eg har lagt frå alle svara, i den grad eg har nokon. Men eg håpar og trur at det er mogeleg å kome med langt betre løysningar enn dei løysningane som er i bruk i dag.

Legg inn en kommentar