Turen gjekk i så godt ver at det var vanskeleg å ta eit godt bilete. For eit betre bilete, kan ein sjå på mykingbygda.no. |
Jo Hodne vart fødd rundt 1694 og kom frå Hodne på Myking. I 1713 vart han kalla inn til Nordhordlendske 1. reservekompani, og var i kompaniet fram til 1719, då han hamna i Nye Mellen Nordhordlendske kompani som han var i fram til han vart dimittert i 1719. Dette var midt i Den store nordiske krigen, og han hamna i Østfold, som var eit viktig område i denne krigen, og i vår forteljing.
For i 1718 hadde Karl XII og den svenske hæren sett seg føre å ta Norge frå Damnark. For å gjere dette var Fredriksten eit sentralt mellommål, og det er her Jo Hodne skal ha blitt «banemann åt Karl XII». Fredriksten vart beleira av svenskane, og 15 mann frå Hodne sitt kompani var inne i beleiringa, så det er altså mogeleg han var med i det avgjerande slaget.
Svenskane grov seg ned, medan nordmennene skaut på dei med gevær, lysbomber og kanonar. Karl XII var ute i skyttargravene og inspiserte dei. Han var kjent for å vere i frontlinja, noko han også var denne dagen. Han hadde på seg ein vanleg uniform, slik at ikkje nordmennene skulle sjå kven han var og skyte han. Han stilte seg etterkvart i ei skyttargrav med hovudet over grava for å sjå. Folka rundt han bad han om å vere forsiktig, men fekk til svar «Var inte rädd!» Så var kongen plutselig død. Skoten i tinningen.
Liket av Karl XII på veg heim etter at nokon andre enn Jo Hodne skaut han. Biletet er mala av Gustaf Cederstöm og ligg på Wikimedia Commons. |
I 1926 fekk så ungdomslaget på Myking på plass ein bautastein for bygda sin store son. På bautaen står teksten «Jo Vedlo Hodne - Banemann åt Karl XII»
Vi gjev no ordet til ein gamal byantikvar i Oslo: Kjeld Th. Magnussen:
Etter eget utsagn hadde han, trass i stummende mørke og to hundre meters hold, både sett og skutt blink på den svenske kongens hode med sin glattløpede muskett. Normalt var det en ren slump om kulen fra et slikt våpen traff en låvedør i dagslys på slik avstand. Historien er naturligvis en diger skrøne, selv om den er hogd i stein.Og det er nok mogeleg at den godaste Magnussen har rett, for rettsmedisinarane gjev heller ikkje mykje støtte til ungdomslaget. Dei kan fortelje at kongen fekk ei kule med diameter mellom 19 og 20 millimeter i hovudet. Dei norske kulene var 18 millimeter. I tillegg vart han skoten frå nært hald, medan nordmennene stod 200 meter vekke.
Myking kan nok altså ikkje skryte av å ha fostra ein som drap svenskekongen, men dei har i alle fall ein knakande fin bautastein!
Hovudkjelde
Yngve Nedrebø, "Banemann åt Karl XII" i Bergensposten 2/2007