Fastetid i Iglesia de Santa Ursula. |
Å finne Adeje var lett. Å finne kyrkja statuen stod i var ikkje så veldig vanskeleg. Å finne statuen var veldig vanskeleg.
Vi fann etter ikkje alt for mykje leiting Santa Ursula-kyrkja i Adeje. Dette viste seg å vere ei vakker kyrkje med statuar av Maria i hopetal. Maria var ved eit hovudalteret i sideskipet, ved sidealteret, ved døypefonten, i form av ein statue ved inngangsdøra og som ein statue på veggen. Altartavla var dekka med eit lilla stoff sidan det var faste, men det titta fram eit Mariamonogram, så eg går ut ifrå at ho også var bak forhenget. Kyrkja var som sagt vakker, og som ein ekstra bonus spelte dei Miserere av Allegri i høveleg volum over skjulte høgtalarar. Alt i alt ei fin oppleving, altså.
Statuen på Maria-alteret var ein kopi av den i Candelaria. På den eine veggen stod det ein statue heilt for seg sjølv, med lys og blomar, men denne var av Jomfrua av Guadalupe. Heller ikkje dei andre statuane såg ut til å vere slik biletet i boka sa Jomfrua skulle sjå ut.
Slik skulle statuen sjå ut. Biletet er lånt frå ein kanarisk radio- og TV-stasjon. |
Medan vi var i kyrkja vart eg mest fascinert av ei utruleg utgåve av Maria med den døde Jesus, etter at han er tatt ned frå krossen, utan at Jesus er det som trekk merksemda. Merksemda får ei enorm krone Maria har fått på seg. Her snakkar ein utvida mariologi! Statuen stod inne i eit sidekapell omkransa av fleire andre statuar og eit altar. Kapellet var avstengt med ein gitterport, så vi fekk sett nærare på dette.
Vi dro altså frå kyrkja litt i stuss på om vi hadde sett statuen vi kom for å sjå. Vi hadde sett mange fleire statuar av Maria enn vi trudde vi skulle sjå, men akkurat den vi ville sjå, var vi usikre på om i det heile tatt var der. Var det den i Maria-altaret, berre at dei hadde kledd han opp for å ligne på den i Candelaria? Var det den på veggen frå Guadalupe, berre at dei såg heilt like ut? Vi forstod det ikkje heilt.
Det heile vart klart då eg gjekk gjennom bileta vi hadde tatt i kyrkja. Der fann eg plutseleg statuen! Han stod inne i altartavla som var bak gitteret, gøymt bak den sørgjande Maria med den enorme krona og drukna i mengda saman med blomar, lys og statuar. I tillegg hadde ein på eitt eller anna tidspunkt, kanskje i samband med at den nye statuen vart kanonisk krona (Kva no eigentleg det betyr?) i 1889, sett krone på både Maria og Jesus, noko som gjorde at ein måtte sjå litt før ein oppdaga at det var den same statuen. For den originale statuen hadde jo ikkje krone. Men statuen var der. Jomfrua av Candelaria, slik ho eigentleg såg ut. Vi hadde sett han, utan å forstå kva vi såg. Slik kan det gå når ein er på impulsiv pilegrimsferd.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar