Danske gravminner har tatt litt plass i det siste, men ei siste grav må med før det er slutt. Denne gravsteinen er er frå Århus domkirke, og krev merksemd på grunn av sin fjonge framtoning. Eg veit absolutt ingenting om steinen, men eg vil hevde at det har gått nedover med den nordiske gravsteinutforminga sidan denne steinen vart laga. Kven vil vel ikkje ha ein gravstein pryda av eit beinrangel som står klar med spaden?
torsdag 16. august 2012
onsdag 15. august 2012
Slik slutta ein tidsalder
Dei siste «adelige jomfruer», Sissel og Hilleborg Lykke. |
Mariager kloster var eit av to birgittinerkloster i Danmark, og vart formelt stifta i 1446. Då reformasjonen kom rundt hundre år seinare hadde klosteret fått enorme eigedomar, og var ein maktfaktor i landet. For å gå inn i birgittinerordenen måtte ein, eg veit ikkje om det framleis er slik, ha med seg nok pengar eller eigedomar inn i klosterlivet til at det dekka utgiftene for resten av livet. Dette skal ha gjort at det vart mange frå fine familier i ordenen, og det gjorde også at klostera fekk store rikdomar. Då reformasjonen kom til Danmark hadde klosteret på grunn av dette rundt 600 gardar på nordaust-Jylland.
I 1536 kom reformasjonen, og med det forsvann også klosteret slik det hadde vore. Kongen overtok eigedomane til klosteret, men han lot munkar og nonner få bu i Mariager resten av livet. Klosteret levde vidare som «protestantisk stiftelse for adelige jomfruer»[1] fram til 1885.
Det er desse adelege jomfruene vi skal stoppe ved. Dei to siste av desse var søstrene Sissel og Hilleborg Lykke. Sissel Lykke var den siste abbedissa i det protestantiske klosteret. Ho døydde i 1582. Etter dette budde Hilleborg åleine i klosteret i tre år før ho og forsvann i 1585. Med dette var nonneklosteret i Mariager endeleg eit tilbakelagt kapittel, og det vert sagt at middelalderen i Mariager tok slutt då Hilleborg døydde.
I Mariager kirke heng det ei minnetavle for desse søstrene. Tavla vart laga rundt 1600, og seier oss nøyaktig når dei to døydde, og med det også nøyaktig når middelalderen slutta. Hilleborg døydde 8. november 1585, då klokka hadde slått tolv. «Det sker ikke så tit, at en historisk epokes ophør endog kendes på klokkeslæt».[2]
[1] Per Sloth Carlsen, Klosterkirken i Mariager, 2003, side 8.
[2] Ibid, side 16
Kategoriar:
Historie,
Historiske kuriositetar,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Reisebrev
fredag 3. august 2012
Blasfemiforbod?
Via Twitter kom eg over ei sak frå Tyskland der ein katolsk erkebiskop ynskjer lovar mot blasfemi. Han ynskjer at dei som sårar truande må få reaksjonar, og også i nokre høve straffast. Utan å gå djupt inn i materien vil eg reflektere litt rundt dette.
Lovar mot blasfemi kjem og går i ulike samfunn, og er stadig ei kjelde til debatt, kanskje særleg i Europa i dag, der ulike grupper føler seg krenka frå ulikt hald. Noko med god grunn, noko utan grunn.
Det å krenke andre kun for å krenke andre, er ein uetisk handling. Det er mobbing, rett og slett. Slike handlingar høyrer ikkje heime i ein danna omgangsform, og er noko ein bør ta avstand frå, anten det gjeld krenkingar av enkeltmenneske eller grupper, religiøse eller andre.
Samstundes er det slik at ein del utsegn vil kunne opplevast som krenkande, kanskje til og med djupt krenkande og blasfemisk, utan at det er meint som noko anna enn eit legitimt debattinnlegg eller kanskje til og med ikkje ein gong er meint å skulle nå dei som føler seg krenka. Når ein kristen seier at Muhammed ikkje er eit sedebod frå Gud, kan det opplevast krenkande for muslimar, ja kanskje til og med som blasfemi. Likeeins om ein muslim seier at Jesus ikkje er Gud, men «kun» ein profet, vil det kunne opplevast som blasfemisk av kristne. Når ein ateist seier at den gud ein møter i Bibelen er ein hevngjerrig gud ein ikkje kan tru på, vil mange føle dette krenkande. Ikkje i nokon av desse scenarioa er det nokon form for ynskje om å krenke andre som ligg bak, men eit legitimt ynskje om å forfekte sitt verdsbilete. Sjølv om ein seier noko i ordna former, for eit særskild publikum og så bortetter, kan altså andre grupper i samfunnet føle seg krenka og utsett for blasfemi. Det kan til og med hevdast at dei kjenner det slik med rette, sett frå deira perspektiv.
Desse enkle døma viser raskt at lover mot blasfemi vil vere meiningslause, då det er umogeleg å ha ein samfunnsdebatt eller religionsdebatt i eit pluralistisk samfunn utan at det ein seier kan reknast som blasfemi av enkelte i samfunnet. Denne typen for «blasfemi» er ikkje eit problem, men ein naturleg del av eit levande, multireligiøst samfunn.
Utsegn som medvite ynskjer å krenke andre må vi finne andre løysningar på, anten det gjeld dei som ynskjer å krenke ulike religiøse grupper, etnisitetar, kroppsfasongar eller kva det måtte vere. I møte med slikt må vi halde fast at vi ynskjer eit samfunn bygd på respekt. Vi som er kristne kan også hugse Jesu ord i Lukasevangeliet «Elsk fiendane dykkar, gjer vel mot dei som hatar dykk, velsign dei som forbannar dykk, og be for dei som mishandlar dykk. Slår nokon deg på det eine kinnet, så byd fram det andre òg.» Ord eg trur og ikkje-kristne kan dra lærdom frå.

onsdag 1. august 2012
Sakralt øl
![]() |
Ein verkebyll for paven. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Noko ein og kan slumpe til å møte på er forteljinga om då ølet fekkt ein sakral bruk. Dette er ei forteljing som absolutt høyrer heime på St. Isidors minne, og det er på mange måtar naturleg at dei historiske hendingane fann stad i trønderhovudstaden Nidaros.
Frå 1231 til 1252 var Sigurd Eindridesson erkebiskop i Nidaros. Han hadde hadde tydlegvis ein del problem med presteskapet sitt. Dei gifta seg, som om dei skulle vere lekfolk og dei slurva med nattverdelementa, der dei både brukte oblatar i staden for brød og øl i staden for vin. Dette tok han opp med paven, som bad han rydde opp i 1237.
Det er mogeleg Sigurd fekk rydda opp, men den sakrale ølbruken må ha fortsatt, for i 1241 kjem det eit nytt brev frå paven. Denne gongen hadde Sigurd informert om at ein nokre gongar i Norge døypte born i øl i staden for vatn. Sigurd hevda at dette var på grunn av at ein av og til ikkje fekk tak i vatn, noko som alle som er kjent i Norge nok vil meine er ei heller skral grunngjeving. Denne opplysninga var ikkje populær i Roma, og 8. juli 1241 skreiv pave Gregor IX fylgjande:
Sidan evangeliet lærer oss at ein må bli født på nytt av vatn og Den heilage ande, kan ikkje dei som har blitt døypte i øl reknast som rett døypte.[1]Det er kanskje ikkje så mykje Norge har bidratt med i dei store teologiske spørsmåla, men vi har i alle fall fått klarlagt kvar skapet skal stå når det gjeld sakral ølbruk.
[1] Frå brevet Cum, sicut ex. Sitatet er omsett frå artikkelen om dåp i Catholic Encyclopedia.
Kategoriar:
Historie,
Historiske kuriositetar,
Kristendom,
Kyrkjehistorie
onsdag 25. juli 2012
Ville du delt grav med denne mannen?
Relativt tilfeldig var eg innom Mariager kirke i Danmark. Kyrkja er siste rest etter eit birgitinerkloster som forsvann som fylgje av reformasjonen. Av nyare dato var denne steinen som stod på kyrkjegarden, men den var likevel knytt til reformasjonen og til ein interessant person.
Steinen er tydlegvis ein fellesstein for alle dei som vart flytta ut av ei familiegrav på 1930-talet. Slike graver var det mange av i denne kyrkja, slik det er mange plassar. Steinen har fylgjande tekst:
Stygge Krumpen var flink til å ordne seg. Dansk biografisk Lexikon seier om han at han hadde «en bundverdslig Natur, for hvem Bispedømmets Indtægter og egen Fordel vare det væsentligste Motiv». Vidare seier leksikonet at «Stiftets Klostre forstod han paa forskjellig Vis at faa i sin Magt; men for at forøge sine Indtægter behandlede han især Nonneklostrene, Hundslund, Ø o. fl., paa den skammeligste Maade, lagde Besætning i Klostrene, selv i Nonnernes Soverum, for at gjøre dem kjede af Opholdet osv. Ligeledes lod han flere af Stiftets Kirker besørge ved sine egne Kapellaner for at forøge sine Indtægter, tilvendte sig Annexgaardene og lignende.»
Som om ikkje dette var nok skal han ha hatt eit ope forhold til slektningen sin Elsebet Gyldenstjerne, noko hennar mann sjølvsagt ikkje hadde noko særleg til overs for. Stygge Krumpen budde saman med Elsebet, medan mannen hennar gjorde det han kunne for å få henne heim att, gjennom rettsvesenet og på andre måtar. Tilsaman gav ikkje desse tinga biskop Stygge noko særleg godt rykte. Han skal ha vore «yderst forhadt».
Reformasjonen kom som eit hardt slag for Stygge. Han kjempa mot dei lutherske straumningane, og bad mellom anna inn gode, tyske katolikkar som han ville ha til Danmark for å få folk attende til moderkyrkja. Grevefeiden som førte Christian III til makta og gjorde luthersk kristendom til den gjeldande trua vart ein lite ærerik affære for Stygge. Han måtte rømme frå væpna menn som brann ned garden hans, og rykta sa at han gøymde seg i ein bakaromn saman med elskerinna si til det var trygt å kome ut. Og då den nye kongen var innsett byrja motgangen skikkeleg for Stygge. Då «regnede en Mængde Stævninger ned over den forhadte og voldsomme Biskop; Retskjendelserne gik ham som oftest imod.» Han sat fengsla fram til 1542 då han slapp ut på strenge vilkår. Som eit ironisk sluttpunkt for mannen som hadde utnytta nonnekloster som biskop, måtte han halde liv i eit nonnekloster frå 1543 og resten av livet.
I 1551 døydde Stygge Krumpen og vart gravlagt i ei familiegrav i Mariager kyrkje. Dansk biografisk Lexikon seier at han vart mumifisert og låg slik at folk kunne sjå han «indtil nyere Tider», kva dei no måtte meie med det.
På eit eller anna tidspunkt har i alle fall denne mannen havna i ei massegrav saman med fleire andre. Av alle desse «ukendelige Døde» er det kun to som vert namngjevne: Stratsraad de Thestrup, som strengt tatt ikkje har med fornamnet sitt, og så denne Stygge Krumpen. Skal ein først hamne i ei massegrav der kun ein person står nemnt med fullt namn, kan ein gjere det betre enn dette. Det som kan ha vore fromme, hardarbeidande, ærlege folk bli no overskugga av «den forhadte og voldsomme Biskop». Dei hadde snudd seg i grava, hadde dei visst kva som stod over hovuda deira.
Vi får seie som det står på steinen: «Gud kender deres Navne.»
Steinen er tydlegvis ein fellesstein for alle dei som vart flytta ut av ei familiegrav på 1930-talet. Slike graver var det mange av i denne kyrkja, slik det er mange plassar. Steinen har fylgjande tekst:
Her jordedesde ukendelige Døde,som fandtes i Stratsraadde Thestrups Gravkælder:
Gravbyggeren og hans Slægt,Biskop Stygge Krumpensamt mange Navnløse.
Det er biskopen vi skal verte litt betre kjende med. For ikkje berre hadde han eit særs fabelaktig namn, han var også den siste katolske biskopen i Børglum. Før han vart biskop var han i teneste for Christian II. Som takk for tenesta, og for å halde embedet i familien, vart i 1519 han hjelpebiskop for onkelen i Børglum, med rett på å overta i tenesta etter han. Umiddelbart skal han ha blitt den reelle styraren i bispedømet. Han fekk avsatt ein prost og lagt prostiet under onkelen sin, slik at han sjølv kunne bli biskop. Denne manøveren gjorde at Stygge kom i strid med Paven, då nok ikkje alt hadde gått heilt etter boka. Samstundes la han seg ut med kongen, og var ein av hovudmennene i opprøret mot kongen i 1522, eit opprør som sette Fredrik I på trona. I 1525 gav Fredrik Stygge brev på prostiet som låg under onkelen, og han overtok desse verdiane i 1533.Ukende fandtes de.Gud kender deres Navne.17-10-1931
Stygge Krumpen var flink til å ordne seg. Dansk biografisk Lexikon seier om han at han hadde «en bundverdslig Natur, for hvem Bispedømmets Indtægter og egen Fordel vare det væsentligste Motiv». Vidare seier leksikonet at «Stiftets Klostre forstod han paa forskjellig Vis at faa i sin Magt; men for at forøge sine Indtægter behandlede han især Nonneklostrene, Hundslund, Ø o. fl., paa den skammeligste Maade, lagde Besætning i Klostrene, selv i Nonnernes Soverum, for at gjøre dem kjede af Opholdet osv. Ligeledes lod han flere af Stiftets Kirker besørge ved sine egne Kapellaner for at forøge sine Indtægter, tilvendte sig Annexgaardene og lignende.»
Som om ikkje dette var nok skal han ha hatt eit ope forhold til slektningen sin Elsebet Gyldenstjerne, noko hennar mann sjølvsagt ikkje hadde noko særleg til overs for. Stygge Krumpen budde saman med Elsebet, medan mannen hennar gjorde det han kunne for å få henne heim att, gjennom rettsvesenet og på andre måtar. Tilsaman gav ikkje desse tinga biskop Stygge noko særleg godt rykte. Han skal ha vore «yderst forhadt».
Reformasjonen kom som eit hardt slag for Stygge. Han kjempa mot dei lutherske straumningane, og bad mellom anna inn gode, tyske katolikkar som han ville ha til Danmark for å få folk attende til moderkyrkja. Grevefeiden som førte Christian III til makta og gjorde luthersk kristendom til den gjeldande trua vart ein lite ærerik affære for Stygge. Han måtte rømme frå væpna menn som brann ned garden hans, og rykta sa at han gøymde seg i ein bakaromn saman med elskerinna si til det var trygt å kome ut. Og då den nye kongen var innsett byrja motgangen skikkeleg for Stygge. Då «regnede en Mængde Stævninger ned over den forhadte og voldsomme Biskop; Retskjendelserne gik ham som oftest imod.» Han sat fengsla fram til 1542 då han slapp ut på strenge vilkår. Som eit ironisk sluttpunkt for mannen som hadde utnytta nonnekloster som biskop, måtte han halde liv i eit nonnekloster frå 1543 og resten av livet.
![]() |
Stygge Krumpen sin gravstein i golvet på Mariager kyrkje. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
På eit eller anna tidspunkt har i alle fall denne mannen havna i ei massegrav saman med fleire andre. Av alle desse «ukendelige Døde» er det kun to som vert namngjevne: Stratsraad de Thestrup, som strengt tatt ikkje har med fornamnet sitt, og så denne Stygge Krumpen. Skal ein først hamne i ei massegrav der kun ein person står nemnt med fullt namn, kan ein gjere det betre enn dette. Det som kan ha vore fromme, hardarbeidande, ærlege folk bli no overskugga av «den forhadte og voldsomme Biskop». Dei hadde snudd seg i grava, hadde dei visst kva som stod over hovuda deira.
Vi får seie som det står på steinen: «Gud kender deres Navne.»
Kategoriar:
Historie,
Kyrkjehistorie,
Reisebrev,
Ubrukelege kyrkjefolk
torsdag 12. juli 2012
Militarismen øydelegg samfunnet, også i fredstid.
![]() |
Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Dette gjev krisa i Hellas ein ekstra, tragisk dimensjon. Den katastrofa som har ramma tusenvis av menneske der er totalt unødvendig og situasjonen kunne vore totalt annleis om ikkje milliardar av kroner hadde vore spydd ut på våpen. At Tyskland og Frankrike, som har vore pådrivarane for hjelpepakkene for den greske økonomien, samstundes har pressa på for å eksportere våpen til Hellas, som Hellas så må betale med lånte pengar, er nesten utruleg i sin surrealisme.
At mange fattige land brukar enorme summar på våpen og nesten ingenting på helsestell, skule og liknande for folk i landet er ikkje noko nytt. Det er ein stadig pågåande tragedie korleis pengar som kunne blitt brukt til å gje det mest naudsynte for fattige i staden vert overførte til dødsprofitørane i våpenindustrien. I dette mønsteret passar det som skjer i Hellas godt inn. Dei som produserer og sel våpen, tener seg rike på pengar som heller burde ha blitt brukt til å skape verdige levekår for menneske.
Noko som ikkje kjem fram i denne saka, men som er eit interessant poeng, er at også Norge må ta sin del av ansvaret for dette. Hellas er i konflikt med Tyrkia, og kjøper derfor mykje våpen. Norge auka sitt våpensal til Tyrkia med 166 millionar i 2011,[2] noko som gjer Norge til ein profitør i våpenkappløpet som har drive Hellas ut i katastrofa.
Lat oss vende oss til Norge. Ingen kan seie at Norge er eit dårleg land å leve i, men vi har sjølvsagt våre utfordringar. «I-landsutfordringar», men framleis utfordringar. Skular har elendig inneklima, lange ventelister på viktige sjukebehandlingar, dårlege vegar og jernbane osb. Forslaget til forsvarsbudsjett i 2012 var på 40,5 milliardar kroner.[3] Om ein halverer forsvarsbudsjettet har ein brått 20 milliardar ekstra å bruke på desse områda. Og då snakkar ein ikkje om «nye pengar», men om offentlege midlar ein allereie har. Det er kun snakk om omfordeling av pengar. Store problem i det offentlege Norge kunne vore løyst om ein ikkje hadde kasta pengane bort på våpen. Også i Norge ser ein altså at militarismen skadar samfunnet vårt.
Takk til Vårt Land, for å gjere oss klar over denne saka, sjølv om den godt kunne ha kome på eit betre tidspunkt. Dette er for viktig til at det skal forsvinne i flått og sommarstemne.
Referansar
[1] Vårt Land, 12. juli 2012, side 10-11
[2] SSB - Norsk våpeneksport 2007-2011. Uendret våpeneksport i 2011
[3] Aftenbladet - Norge bruker mest penger på militæret
Rapporten til Norges Fredslag finn ein forøvrig her.
tirsdag 3. juli 2012
Ein seglande bisp
Enkelte helgenforteljingar er for gode til å gå forbi. Ein av desse er forteljinga om Basilios av Rjazan som har minnedag i dag.
Basilios var biskop i Murom i Russland, men måtte flykte derfor etter at det vart retta falske anklagar mot han om å ha vore «umoralsk» mot ei ung jente. Folket i byen ville lynsje han, men han fekk overtala dei til å vente litt, og feira messe før han forlot byen. Han tok med seg eit ikon av Jomfru Maria, noko han vona ville gje han vern på vegen. Då han kom til ei elv la han bispekappa si på vatnet og stilte seg på denne medan han heldt ikonet føre seg. Det kom då ein sterk vind som førte han motstraums i elva, og han segla på denne måten i fleire timar før han kom til Rjazan, der dei tok imot han med aktsemd.
Basilios vert æra med ikon i alle kyrkjene i bispedømet han var biskop i, og dei fleste kyrkjene har også eit maleri av han der han seglar avgarde på bispekåpa medan han held ikonet av Maria i hendene. Eit slikt bilete tar vi også med oss i dag.

Basilios som seglar på bispekappa si. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Kategoriar:
Helgenar,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Merkedagar
Abonner på:
Innlegg (Atom)