Vi skal til 1816 og grensa mellom USA og Canada. Til Lake Champlain. Om vi står i USA er vi heilt nord-aust i staten New York, og er ein i Canada står ein i provinsen Quebeck. Mellom New York og Vermont ligg Lake Champlain, som også går inn i Canada, men vi held oss altså på vestsida av sjøen, og då er det New York som gjeld.
Frå 1812-1815 rasa Den britisk-amerikanske krigen, som slutta utan nokon klar vinnar. Amerikanarane bestemte seg for å forsterke grenseforsvaret sitt for å stå betre rusta i ein eventuell ny krig mot dei i nord, og det vart bestemt å bygge eit fort ved Lake Camplain.
Ein byrja å bygge eit åttekanta fort med ni meter høge murar. Her skulle ein kunne stå imot eit skikkeleg angrep. President James Monroe var på besøk og inspiserte det uferdige fortet og alt så fint og flott ut. Heilt til nokon tok ein ny titt på kartet...
Då ein eller annan luring bestemte seg for å sjå skikkeleg etter kvar fortet låg, viste det seg nemleg at fortet låg over ein kilometer inne på canadisk territorium. USA hadde nesten bygd eit skikkeleg solid grensefort for naboen dei nettopp hadde vore i krig med.
Naturleg nok bygde dei ikkje ferdig fortet sitt. Det vart etterkvart plukka ned av folk i området og brukt til meir fredlege hus.
USA bygde i staden Fort Montgomery, truleg etter å ha sett både to og tre gonger på kartet, og det første fortet har fått inn i historia med det treffande namnet «Fort Blunder». Eit klassisk døme på militær presisjon.