London Bridge i Lake Havasu City, Arizona. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
I 1831 stod den skotske ingeniøren John Rennie bak oppføringa av ei ny bru som skulle erstatte den gamle London Bridge frå middelalderen. Eller det vil seie, John Rennie hadde då vore død i ti år, men han hadde gjort planarbeidet og sonen hans med det enkle namnet John Rennie the Younger fullførte brua. 1831-brua var ei viktoriansk granittbru, kva no det måtte seie. Ho var i alle fall laga av granitt og ser grei nok ut på dei gamle bileta frå London. I glansdagane gjekk over åtte tusen menneske over brua kvar time. Det er mange folk! Men glansdagane varte ikkje, og då folk på 1960-talet byrja å køyre bil i staden for å gå, tålte ikkje brua den nye vekta. Brua klarte seg, for så vidt, men grunnen under var i ferd med å bli feid avgarde av elva i kombinasjon med den aukte vekta, så brua stod i fare for å kollapse og ho var heller ikkje særleg godt eigna for biltrafikk. Ein fann ut at det ikkje var nokon god plan å fikse på den gamle brua, så ein bestemte seg for å bygge ei heilt ny bru. Og det var då ein kar i styringa i London fann ut at dei kunne jo forsøke å selge den gamle brua til amerikanarane.
London Bridge i London(!) Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Her er det tørt land. Her treng vi ei bru! Frå bygginga i Arizona. Biletet er tatt av Provelt og ligg på Wikimedia Commons. (CC BY-SA 3.0) |
Dette er jo ikkje så rart, tenker du kanskje no. Dei trengte sikkert ei bru i Lake Havasu City. Saka er at dei gjorde ikkje det. Brua batt saman fastlandet og ei halvøy. Der halvøya hang saman med land. Så samstundes som dei bygde brua, eller i alle fall i same periode, laga dei også ein kanal under brua. Så ho går over vatn. For halvøya er ikkje landfast lenger. Brua måtte jo ha ei reell nytte...
Så der er ho. London Bridge i Arizona. Flytta frå ein av dei mest spanande byane i verda til det som verkar som ein av dei kjedelegaste byane i verda. Det kan sjå ut som om det er ein interessant ting i heile Lake Havasu City, og det er brua frå London.