Samtidig teikning av Hanno. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
I 1514 fekk pave Leo X ei gåve. Leo X er paven vi kjenner som han som strevde med Martin Luther og til slutt ekskommuniserte han. Gåva kom frå Manuel I som var konge av Portugal. Manuel hadde sendt den fire år gamle kvite, indiske elefanten Hanno til paven, og som seg hør og bør, vart Hanno yndlingsdyret til paven. Dette kan henge saman med at då den digre elefanten kom inn i Roma for første gong, pynta slik berre kongar og pavar kan pynte, skal han ha gått fram til paven, knela, reist seg og blåst tre høge fanfareliknande blås med snabelen. Så fylte han vatn i snabelen og spruta på alle som var der, inkludert paven. Det er ein stilfull entre! Hanno fekk seg eit eige hus (kanskje vi kan kalle det for eit fjøs?) mellom Peterskyrkja og Det apostiliske palass, så ein kan på ingen måte seie at han vart stua vekk i Vatikanet.
Hanno i ein av prosesjonane der Paven ville gjere narr av nokon. Her Baraballo. Biletet er henta frå Wikimedia Commons |
I 1566 døydde Hanno. Paven skal ha vore med han heilt til det siste. Stakkaren tålte ikkje maten i Vatikanet, og vart forstoppa. Då dei prøvde å løyse dette med å gje han avføringsmiddel med gull, skar alt seg og han døydde.
Hanno vart gravlagt på Cortile del Belvedere, eit stort torgliknande område i Vatikanet. Der låg han meir eller mindre gløymt fram til 1962, då ein fann beina hans medan ein gravde for å lage varme- og kjøleanlegg. Eg veit ikkje noko om varme- og kjøleanlegget, men Hanno skal ha blitt gravd ned att der han låg, så framleis skal det altså ligge ein elefant gravlagt i Vatikanet.
Slik var altså historia om Hanno. Den største i Vatikanet si historie.