Dette var ikkje noko ein fekk til å stemme med ortodoks lære, og ein formulerte derfor den khalkedonske vedkjenninga om Kristi to naturar. Vedkjenninga er - naturleg nok - særs presis når det kjem til å definere kven Jesus var, og av dei tre vedkjenningane vi i vår kyrkje har med i våre vedkjenningsskrifter, er det nok kun Athanasium som kjem nær presisjonsnivået dei hadde i Khalkedon i 451.
Dei orientalsk-ortodokse kyrkjene var ikkje einige i denne teologien, noko som gjer at dei i 451 gjekk ut av kommunionen med resten av kyrkja, og har i dag ikkje kommunion med verken Den katolske kyrkja, dei største ortodokse kyrkjene eller oss protestantar. Mellom dei orientalsk-ortodokse finn vi viktige kyrkjer som den koptiske, den etiopisk-ortodokse og den syrisk-ortodokse i tillegg til fleire andre gamle kyrkjesamfunn.
Konsilet vart dermed ein siger for kristologien, men samstundes gjekk Kyrkja på ein smell...
Eg har ikkje klart å finne ei norsk omsetjing, så vi les orda frå Khalkedon på engelsk. Teksten er henta frå Philip Schaff si bok Creeds of Christendom, with a History and Critical notes. Volume II. The History of Creeds frå 1876, slik ho ligg på CCEL. Les og lær:
We, then, following the holy Fathers, all with one consent, teach men to confess one and the same Son, our Lord Jesus Christ, the same perfect in Godhead and also perfect in manhood; truly God and truly man, of a reasonable soul and body; consubstantial with the Father according to the Godhead, and consubstantial with us according to the Manhood; in all things like unto us, without sin; begotten before all ages of the Father according to the Godhead, and in these latter days, for us and for our salvation, born of the Virgin Mary, the Mother of God, according to the Manhood; one and the same Christ, Son, Lord, Only-begotten, to be acknowledged in two natures, inconfusedly, unchangeably, indivisibly, inseparably; the distinction of natures being by no means taken away by the union, but rather the property of each nature being preserved, and concurring in one Person and one Subsistence, not parted or divided into two persons, but one and the same Son, and only begotten, God the Word, the Lord Jesus Christ, as the prophets from the beginning [have declared] concerning him, and the Lord Jesus Christ himself has taught us, and the Creed of the holy Fathers has handed down to us.