Tittelbladet frå den berømte bibelutgåva. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Dette skulle eigentleg vere eit heilt vanleg opptrykk av King James-Bibelen i 1631, og bortsett frå ein liten detalj, er det også akkurat det det er. Dei to trykkarane Robert Barker og Martin Lucas fekk jobben, og var sikkert vel nøgde då dei gav frå seg det endelege produktet.
Det skulle i så fall fort endre seg... Det er ikkje så uvanleg med trykkfeil, og i alle fall ikkje i så store bøker i ei tid der ein ikkje hadde stavekontroll og alt måtte gjerast manuelt. Så ein og annan feil kunne ein sikkert leve med. Problemet var feilen dei gjorde.
Nokre tekstar i Bibelen er viktigare enn andre. Folk vil sikkert ha ulike meiningar om akkurat kva som er det viktigaste, men dei fleste vil meine at dei ti boda er mellom det viktige kjernestoffet. Det var sikkert Barker og Lucas også, så kanskje fekk dei prestasjonsangst då dei kom dit? Dei klarte i alle fall å gjere seg hugsa for all ettertid gjennom trykkfeilen dei stod bak.
Alt gjekk bra med dei fem første boda. Men så kom nummer seks. Det vi kjenner som «Du skal ikkje bryta ekteskapet» i vår siste omsettjing. I King James-språk laud bodet «Thou shalt not commit adultery». Her skar det seg, og ordlyden som gjekk i trykken var denne:
Slik såg det ut. Bortsett frå den gule markeringa, sjølvsagt. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Thou shalt commit adulteryEi aldri så lita endring i meining, altså...
Då feilen vart oppdaga, noko eg reknar med skjedde ganske så fort, vart den tydlegvis ikkje møtt med som humor, noko ein slik feil fortener. Stort sett heile opplaget på tusen bøker vart brent, noko som gjer at boka er svært verdifull og sjeldan i dag. Trykkarane fekk også ei saftig bot og mista retten til å trykke bøker. Bota var på ein sum som tilsvarar rundt 400 000 kroner i dag. Ein stor sum, men framleis mindre enn det dei få overlevande biblane går for på auksjon...
Den store bota kan ha hatt samanheng med at det heile kanskje ikkje var ein feil, men kan ha blitt gjort medvite, utan at det er så lett å stadfeste det eine eller det andre. Eg likar uansett å tenkje at det var ein feil.
Det er massevis av andre slike trykkfeil i bibelutgåver gjennom historia. Nokre er morosame, andre er berre feil. Ein kan finne oversiktar både på Wikipedia og hos International Society of Bible Collectors. Dessverre ser det ut til at alle døma her er frå engelske utgåver. Eg meiner å hugse at eg har lese om slike feil både i tyske og dansk/norske utgåver, men eg klarar ikkje å grave fram noko slikt no. Om nokon skulle sittje på eit godt døme på andre språk enn engelsk, vert eg takksam.