Vi har lett for å tru at i Norge har ein hatt ein rein og fin forn for kristendom i hundrevis av år, berre forkludra med papisme i gamledagar og liberalarar i nyare tid. Slik er det sjølvsagt ikkje. Ein treng ikkje dra langt for å finne prov på noko anna. I Meland, der eg jobbar, har vi eit finfint vitnemål om korleis ulike religiøse forestillingar har levd side om side. Rett nok kan dette kanskje knyttast til tida før reformasjonen, noko som kanskje slår beina under det eg sa om at ting ikkje endra seg med reformasjonen, men det får så vere.
Nokre hundre meter frå dagens kyrkje og gravplass, ligg det ein gamal gravplass. Den har, som deg hør og bør, ein fin mur rundt seg, og ved porten ligg det ein stor, flat stein. Denne hadde ein artig funksjon. Ein meinte at om ein bar kista gjennom porten, kunne personen som låg i kista finne vegen ut av gravplassen. Ein slik uheldig vandring av daudingar motverka ein effektivt ved å plassere kista på denne steinen i muren før alle dei levande gjekk gjennom porten. På andre sida av muren løfta ein så kista av muren og bar vidare. Og på 1-2-3 hadde ein rundlurt alle skrømt. Det at ein har ein slik stein i muren, viser at denne praksisen har levd saman med kristen tru og praksis.
Eg trur det er denne steinen det er snakk om, men eg er ikkje heilt sikker. |