søndag 17. juni 2018

Fin bok frå Sumaya Jirde Ali

For ei veke sidan las eg den lille boka Ikkje ver redd sånne som meg av Sumaya Jirde Ali. Eg kjente at den greip meg. Det var ei god bok som fleire bør lese.

Sumaya Jirde Ali er sikkert kjent for dei fleste som rotar seg innom St. Isidors minne. Det er ho som vart årets bodøværing i fjor, ho som skriv i mange aviser og ho som vart møtt med ein skitstorm utan like før 8. mars i år. Ho er ein av dei vi kjem til å høyre mykje frå framover, tippar eg.

Ikkje ver redd for sånne som meg handlar litt om dette, men mest handlar det om å vekse opp som somalisk jente i Bodø. I alle fall er det det som sit att hos meg. Den glade oppveksten der ho vart akseptert i klassen og på skulen, men oppdaga at andre afrikanarar ikkje vart det. For dei var ikkje «ein av dei», som dei andre i klassen sa. 

Dette temaet der Ali viser korleis ho, som etter alle solemerker for ein som berre har observert ho gjennom media er av dei sentrale i det norske samfunnet, igjen og igjen merkar at ho er ikkje heilt som «alle andre» vert sentralt. «Alle andre» ser ikkje på henne som ein av fellesskapen. 

Ali er svart. Ho går med hijab. Ho er ung kvinne som kjem med klare meiningar offentleg. Ho er på mange måtar alt kommentarfeltbermen hatar inkarnert i ein person. Og på grunn av dette har ho blitt møtt med det mest avskyelege det norske samfunnet har å by på. Ho er innom dette, men som sagt er det ikkje det som greip meg mest.

Det er der ho skildrar korleis kommentarar om eller til andre muslimar eller innvandrarar går inn på henne, og der ho skildrar korleis ein muslimsk ungdom i Bodø må finne ut kvar ho høyrer heime i eit samfunn som ofte ser på henne som eit trugsmål og eit framandelement, og lar ho få høyre det. Kanskje ikkje så ofte i form av det som vert sagt direkte til henne, men gjennom alt som blir sagt om grupper ho er ein del av. Somaliarar, innvandrarar, muslimar. Ikkje minst gjer det inntrykk når ho skildrar korleis retorikken under flyktningekrisa høyrast ut for ein som sjølv har kome til landet som flyktning.

På desse områda ser eg for meg at det ho skriv er noko som svært mange vil kjenne seg att i. Ikkje berre innvandrarar eller muslimar, men også folk frå andre grupper som hamnar i unåde i det offentlege ordskifte. Eg trur at kjenslene ho skildrar er eit vaneg resultat av at vi lar kommentarfelta få gløde av stadig nye måtar å fortelje kor mykje ein avskyr andre folk, og gjennom dette også forme korleis vi snakkar om andre folk og grupper utanfor nettet.

Trolla i kommentarfelta vil aldri lese Ikkje ver redd sånne som meg. Men tenk om dei kunne det. Tenk om dei kunne forstå smerta dei skaper. Dei er kanskje redde, slik Ali hintar til med tittelen sin, som ho forøvrig har lånt frå ein kronikk skriven av ei kvinne som kom som flyktning under flyktningekrisa, men dei skapar jammen mykje frykt og uhygge også.

Har eg lært noko nytt av boka? Noko eg ikkje visste eller kunne tenke meg til? Kanskje ikkje, men å høyre korleis det kan opplevast å vekse opp som minoritet i Norge gjennom denne boka var uansett ei sterk oppleving.

Ikkje ver redd sånne som meg er berre rundt 90 sider. Ein les boka på kort tid, og ho er i tillegg skrive på gromspråket nynorsk. Ein har altså inga god grunn for å hoppe over denne boka. Derimot er det mange gode grunnar til å lese henne.   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar