onsdag 30. april 2014

Barnens altarskåp

Heilt tilfeldig dukka denne fantastiske leikekroken i Linköpings domkyrka opp i straumen min på Facebook. Eg vart umiddelbart fascinert og tenker at dette er noko vi bør få oss i Norge også.
Slik ser Barnens altarskap ut.
Biletet er lånt frå Linöpings domkyrkjaforsamling.

Barnens altarskåp står bak i kyrkja, altså der mange kyrkjer har ein leikekrok. I skapet finn ein liturgiske klede for barn - til og med bispeklede, eit altar, med liturgisk utstyr, ei dokke for å leike dåp og andre ting. Alt ein treng for å leike gudsteneste med stil, altså! (Ein kan sjå fleire bilete på Facebook)

Kyrkjelyden seier dette om skapet:
När vi går in i kyrkan kan det vara som att komma in i en annan värld där det mesta är annorlunda. Här är det högt i tak, ljudet ekar, människor bär speciella kläder och musiken låter annorlunda. Böner, bekännelser och lovsång ljuder. Här möts dåtid, nutid och framtid. 
​Leken är viktig för barns utveckling och lärande. I leken hanterar barn det de redan kan och det de vill lära sig att förstå. I leken stimuleras fantasi, inlevelse, kommunikation och förmågan till symboliskt tänkande. Här stimuleras också förmågan att samarbeta och lösa problem. Lek är liv!
Vi vill med det här skåpet bjuda in barnen att utforska kyrkans värld och livets frågor på sina egna villkor!
Dette er ein strålande tanke, og noko mange bør sjå verdien i. Det passar for oss som likar det liturgiske med alt det har med seg av klede og ord, og det passar for dei som meiner dette er framandgjerande både for born og vaksne. For her kan ein leike seg inn i liturgien og gjere den til sitt eige. Og leik og liturgi høyrer saman. Høyr kva Den norske kyrkje seier:
Som rite er gudstjenesten beslektet med lek eller dans eller drama/skuespill. De som er til stede, har sine oppgaver eller roller, og alt som skjer har sin orden, sin lovmessighet. Slik som i leken eller i skuespillet blir det i gudstjenesten også skapt en egen slags virkelighet innenfor det liturgiske rom. Slik kan liturgien gjøre oss i stand til å forstå det som egentlig ikke er til å forstå. Den hjelper oss til å tolke og forholde oss til Guds nærvær, og det mysterium som frelsen er.
rLeikekroken kan altså bli ei vidareføring av gudstenesta. På borna sine premiss, men samstundes i dei rammene gudstenesta allereie går i. Borna, og kanskje også nokre vaksne, kan få større forståing for gudstenesta, og kanskje kan også gudstenesta frå impulsar frå leiken?

Fleire kyrkjer i Sverige skal ha slike skap. Her må vi lære av søsterkyrkja vår! Dette er strålande trusopplæring.

tirsdag 22. april 2014

SC Tasmania 1900 Berlin - Eit særs dårleg fotballag

SC Tasmania 1900 Berlin.
Biletet er henta frå engelsk Wikipedia.
For lenge sidan var eg her på St. Isidors minne innom Abergavenny Thursdays, eit av dei fotballaga som må ha den mest begredelege historia. Vi skal no innom eit anna slik lag. Denne gangen er det SC Tasmania 1900 Berlin vi skal ta for oss.

Som med Abergavenny Thursdays høyrde eg første gong om Tasmania Berlin på «FK Fotball» (fred vere med minnet). Eg vart så minna om den fantastiske forteljinga om Tasmania sin forferdelege sesong i 1965/66 av ein flott artikkel i Josimar 1/14, og det er no på tide å spreie dette til fleire. Her kjem ei perle av ei historie om noko av det dårlegaste eit fotballag har prestert. Skadefryd er lov!

Vi må byrje forteljinga litt før sjølve sesongen 1965/66. Den tyske Bundesligaen var på dette tidspunktet i sin barndom - det hadde kun blitt spelt to sesongar før. Ligaen var ikkje bygd opp som no, med dei beste laga i landet samla i ein liga, men ein hadde eit system som sikra at dei ulike regionane skulle vere representert slik at det vart ein landsdekkande liga for Vest-Tyskland.

Her byrjar problema for Tasmania Berlin. Saken var nemleg den at Berlin ikkje var nokon stor fotballby. Hertha Berlin, som var dei som representerte byen i den første sesongen enda som nummer 14 av 16, og bestemte seg for at noko måtte gjerast. Det dei då valgte å gjere var ein velprøvd taktikk: Dei gjekk for juks. Ligaen var på dette tidspunktet i stor grad ein amatørliga, og for å skaffe seg betre spelarar innførte Hertha Berlin hemmelege bonusar. Dette vart avslørt før den famøse 1965/66 sesongen, og Hertha mista lisensen. 

Altså måtte ein ha inn eit nytt lag. Etter ein del om og men og trugsmål om å trekke fotballforbundet for retten fekk både Karlsruhe SC og Schalke 04 - som begge hadde rykka ned som nummer 15 og 16 - bli i toppserien i staden for Hertha som hadde enda på ein ny 14. plass. Også Bayern Munchen og Borosia Mönchengladbach, som begge hadde rykka opp, fekk plass. Det skulle jo berre mangle. For å få til dette måtte ein utvide ligaen med to lag. Det naturlege ville så vore at det beste laget som ikkje rykka opp hadde fått den siste plassen, men slik vart det ikkje. For ein måtte jo ha Berlin med. Og no tar galskapen verkeleg til

Logoen dei brukte i sesongen 1965/66.
Biletet er henta frå tysk Wikipedia.
Tennis Borusia var det beste laget frå Berlin. Dei hadde vunne den regionale serien i Berlin, men kom sist i sluttspelgruppa som Bayern Munchen vann. Dette vart problematisk, for dei hadde jo på sett og vis spelt om plass og mista han i sluttspelet, så ein gav derfor ikkje dei plassen. I staden gjekk ein til dei som kom som nummer to i regionligaen. Dette var Spandauer SV. Klubbleiinga her såg det alle andre burde ha sett, nemleg at dei ikkje var gode nok for toppserien, og takka derfor nei. Ein måtte då gå vidare i rekka. Vi har no kome rundt to veker før sesongstart og no fekk Tasmania tilbodet.

Det fjerde beste laget i Berlin, som var den dårlegaste regionen i fotballtyskland, fekk altså tilbod om å spele i Bundesligaen. Og dei takka ja. 

Klubben snudde seg raskt for å førebu seg. Alle spelarane fekk beskjed om å seie opp jobben for å satse på fulltid, sjølv om alle såg kvar dette måtte ende. I tillegg vart den gamle stjernespelaren Horst Szymaniak henta inn frå Italia der han var proff, for å forsterke laget. Om dette var eit lurt trekk kan nok diskuterast, for han må ha sett kvar det gjekk og tok med seg ei busslast med vin frå Italia og både før og etter kvar trening skal han ha samla heile laget for å drikke vin og ete kjøtbollar. Og som det vert sagt i Josimar: «Ein kunne kanskje førestelle seg at laget ville vore meir konkuransedyktig viss dei ikkje heile tida hadde trena i berusa tilstand, men dette er ein moralistisk ståstad som eg personleg har lite til overs for.» Spelarane førebudde seg i alle fall som best dei kunne på å gå frå små, lokale kampar til store, nasjonale toppkampar.

Olympiastadion.
Biletet er tatt av Sir James og ligg på Wikimedia Commons.
CC-BY-SA-3.0
Sesongen byrja med eit brak. Dei spelte kampane sine på den massive Olympiastadion som på denne tida tok 100 000 tilskodarar. I den første kampen tok dei imot Karlsruher for heile 81 000 tilskodarar, og som ved eit mirakel vann dei kampen 3-1. Deretter gjekk det sørgeleg nedover. Dei kom sjølvsagt heilt sist i ligaen. Det er jo ikkje så spesielt. Nokon må jo kome sist. Det som gjer dette til den fantastiske forteljinga det er, er dei utrulege rekordane dei tok. Dei fleste av desse held dei framleis.

SC Tasmania 1900 Berlin tok i sesongen 1965/66 desse rekordane:
  • Minst poeng i løpet av ein sesong med 8 poeng. (10 om ein hadde brukt det systemet ein har no.)
  • Minst sigrar på ein sesong med 2. (Wuppertaler SV klarte også dette i 1974/75)
  • Flest tap på ein sesong med 28.
  • Dei er det einaste laget som har spela i Bundesligaen utan å vinne på bortebane.
  • Flest kampar utan siger med 31.
  • Flest heimetap på ein sesong med 12.
  • Flest heimetap på rad med 8. (Hansa Rostock klarte også dette i 2004/05)
  • Flest tap på rad med 10. (Arminia Bielefeld klarte også dette i 1990/2000)
  • Dårlegaste målforskjel med 15-108
  • Toppscoraren med minst mål. Han hadde 4.
  • Største margin i eit heimetap med 0-9.
  • Flest minutt utan å score med 831. (Denne har to lag seinare slått)
  • Dette gjer sjølvsagt at dei ligg som nummer 52 av 52 lag på maratontabellen for Bundesliga
Det tristaste, og derfor gøyaste, for meg er likevel den siste rekorden deira. Dei har også rekorden for minst tilskodarar på ein kamp i Bundesliga. I runde 19 spelte dei mot Borussia Mönchengladbach for kun 827 tilskodarar. Det er rundt ein prosent av dei som var der i opningskampen. Dei mista altså 99% av tilskodarane. Det er fantastisk!

Hatten av for SC Tasmania 1900 Berlin! Eit fantastisk fotballag på sin måte.

tirsdag 15. april 2014

Der reformasjonen skar seg

For nokre dagar sidan var eg på kyrkjekunstsamlinga på Bergen museum og såg på alt det spanande dei har å vise fram frå gamle kyrkjer. Mykje var flott og mykje var gamalt. Det er på mange måtar tankevekkande å sjå dei flotte kunstverka som har stått i kyrkjer på stader som i dag er langt utanfor der folk bur.

Det var som sagt mykje flott frå middelalderen i Norge. Så kom vi til reformasjonen. Der grin denne katekismetavla frå Bru kyrkje på Svanøy mot oss. Det som hadde skjedd var at på ein prestesynode i Bergen i 1589 fekk prestane påbod om å skifte ut dei gamle, flotte altartavlene med katekismetavler som skulle innehalde truvedkjenninga, dåpsbodet og innstiftingsorda til nattverden. På baksida skulle dei ti boda stå. Ramma av ein postreformatorisk galskap vart dette påbodet fulgt. Resultatet kan ein sjå her.

Biletet kunne vore betre, men mobilkamera og dårleg lys er ikkje ein optimal kombinasjon...

Der er forfallet representert i form av ei tavle. Borte er den vakre kunsten. Borte er bibelhistoria. Borte er kyrkjehistoria med dei heilage som viste korleis ein kunne fylgje Kristus. Borte er fargane og gleda. Attende står ein med nokre kjernetekstar og ingenting anna.

Sola scriptura gone bad!

onsdag 9. april 2014

Vår Frue av Candelaria III - Adeje

Forrige del i Vår Frue av Candelaria II - Pilegrimsmålet

Fastetid i Iglesia de Santa Ursula.
Som eg fortalde i forrige bloggpost, er det ikkje originalstatuen som viste seg for gjetarane som står i kyrkja i Candelaria, men ein ny statue som vart laga då originalen forsvann på sjøen. Eg var ikkje klar over dette før eg kom til Candelaria, men eg kjøpte ei lita bok som kunne fortelje meg dette. Boka kunne også fortelje meg at den beste kopien av originalen stod i Adeje. Heilt tilfeldig budde vi nær Adeje, så eg hadde ikkje noko anna val enn å finne denne statuen.

Å finne Adeje var lett. Å finne kyrkja statuen stod i var ikkje så veldig vanskeleg. Å finne statuen var veldig vanskeleg.

Vi fann etter ikkje alt for mykje leiting Santa Ursula-kyrkja i Adeje. Dette viste seg å vere ei vakker kyrkje med statuar av Maria i hopetal. Maria var ved eit hovudalteret i sideskipet, ved sidealteret, ved døypefonten, i form av ein statue ved inngangsdøra og som ein statue på veggen. Altartavla var dekka med eit lilla stoff sidan det var faste, men det titta fram eit Mariamonogram, så eg går ut ifrå at ho også var bak forhenget. Kyrkja var som sagt vakker, og som ein ekstra bonus spelte dei Miserere av Allegri i høveleg volum over skjulte høgtalarar. Alt i alt ei fin oppleving, altså.

Statuen på Maria-alteret var ein kopi av den i Candelaria. På den eine veggen stod det ein statue heilt for seg sjølv, med lys og blomar, men denne var av Jomfrua av Guadalupe. Heller ikkje dei andre statuane såg ut til å vere slik biletet i boka sa Jomfrua skulle sjå ut.
Slik skulle statuen sjå ut.
Biletet er lånt frå ein kanarisk radio- og TV-stasjon.

Medan vi var i kyrkja vart eg mest fascinert av ei utruleg utgåve av Maria med den døde Jesus, etter at han er tatt ned frå krossen, utan at Jesus er det som trekk merksemda. Merksemda får ei enorm krone Maria har fått på seg. Her snakkar ein utvida mariologi! Statuen stod inne i eit sidekapell omkransa av fleire andre statuar og eit altar. Kapellet var avstengt med ein gitterport, så vi fekk sett nærare på dette.

Vi dro altså frå kyrkja litt i stuss på om vi hadde sett statuen vi kom for å sjå. Vi hadde sett mange fleire statuar av Maria enn vi trudde vi skulle sjå, men akkurat den vi ville sjå, var vi usikre på om i det heile tatt var der. Var det den i Maria-altaret, berre at dei hadde kledd han opp for å ligne på den i Candelaria? Var det den på veggen frå Guadalupe, berre at dei såg heilt like ut? Vi forstod det ikkje heilt.

Det heile vart klart då eg gjekk gjennom bileta vi hadde tatt i kyrkja. Der fann eg plutseleg statuen! Han stod inne i altartavla som var bak gitteret, gøymt bak den sørgjande Maria med den enorme krona og drukna i mengda saman med blomar, lys og statuar. I tillegg hadde ein på eitt eller anna tidspunkt, kanskje i samband med at den nye statuen vart kanonisk krona (Kva no eigentleg det betyr?)  i 1889, sett krone på både Maria og Jesus, noko som gjorde at ein måtte sjå litt før ein oppdaga at det var den same statuen. For den originale statuen hadde jo ikkje krone. Men statuen var der. Jomfrua av Candelaria, slik ho eigentleg såg ut. Vi hadde sett han, utan å forstå kva vi såg. Slik kan det gå når ein er på impulsiv pilegrimsferd.

tirsdag 1. april 2014

Vår Frue av Candelaria II - Pilegrimsmålet


Basílica de la Candelaria
Første del i Vår Frue av Candelaria I - Funnet

Statuen hadde no fått liv som ein kristen heilagdom, noko som sjølvsagt ikkje var utan farar. I 1464 vart han stolen og tatt til Fuerteventura, ei anna av Kanariøyane. Kort tid etter vart øya ramma av pest, noko som dei såg på som straff for å ha vanheilaga Jomfrua,så dei tok statuen attende til Tenerife. Der gjekk det så slag i slag. Dei bygde eit kapell for statuen, dominikanarane tok på seg å beskytte den før pave Klemens VIII i 1559 utpeika Vår Frue av Candelaria til skytshelgen for Kanariøyane. I 1789 brann kapellet ned, men statuen vart på mirakuløst vis redda. Så heldige var ein ikkje då ein tsunami slo inn over Candelaria i 1826. Den tok med seg den opprinnelege statuen som sidan då har vore vekke.

Vår Frue av Candelaria, slik ho står i altarveggen.

Dagens statue vart laga på oppdrag frå munkane i Candelaria i 1830. Statuen skil seg mykje frå slik den originale såg ut, noko vi skal sjå meir på i neste post. Den statuen ein har no viser ei særs oppstasa dame med ei stor krone. Ho har eit lite barn, også med krone, i den ene armen, og eit stort stearinlys i den andre handa.

Statuen står i den særs flotte kyrkja Basilica de la Candelaria, som kun er rett over femti år. Kyrkja er eit stort pilegrimsmål og tar imot rundt to og ein halv million menneske i året, særleg i samband med dei store festane for Jomfrua 2. februar og 15. august. Veggen bak altaret og det eine sidekapellet er pryda med flotte veggmaleri, og kyrkja bør absolutt sjåast. 

I samband med kyrkja ligg også hula som fungerte som den første kyrkja på Tenerife og var staden der statuen vart ført til av Antón Guanche. Den fekk eg desverre ikkje sett.

Den rettruande lutheranar som drar til Candelaria vil finne mykje å hisse seg opp for. Her er Maria i fokus og vert æra så det verkeleg merkast. Den teologiske diskusjonen får andre ta seg av, men noko eg lurer på er om dagens statue eigentleg kan seiast å vere så spesiell i seg sjølv? Om vi godtek openberringa på stranda i 1392 og at den gamle statuen var ein guddommeleg openberring av Maria, endrar jo ikkje det på det faktum at den statuen som vert heidra i Candelaria i dag verken er opprinneleg eller liknar på den originale. Neste post skal ta oss til ein kopi av originalstatuen. Ein kan sjølvsagt hevde at statuen i Candelaria kan minne oss på openberringa på stranda, men ville det ikkje då vore betre med ein kopi? Eg veit ikkje. Det er ein del med katolsk formheit eg ikkje heilt forstår...

Altaret med den flotte veggen og statuen
Siste del av reisebrevet i Vår Frue av Candelaria III - Adeje